Emner: HIS240 Fordypning i eldre historie - Vår 2011




Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

Normalt undervises emnet på norsk.

Undervisningssemester

Haust (emnet blir tilbydd kvar haust, såframt ressursane tillet det)

Undervisningsstad

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Når ressursane tillet det tilbyr institutttet kvart haustsemester undervisning i eit gitt tema i perioden frå antikken til ca. 1750. Kva tema som vert tilbydd er i tillegg avhengig av kva lærarressursar som er tilgjengelege. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart vårsemester.

Emnet er anbefalt som 15 sp i ein spesialisering i historie.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten skal kunne definere sentrale omgrep og ha god kunnskap om ulike historiesyn om det valde temaet. Studenten skal òg kjenne til teori som er relevant for å analysere den historiske utviklinga.

Ferdigheiter

Studenten skal kunne gje ei sjølvstendig drøfting av sentrale problemstillingar knytt til det aktuelle temaet basert på litteratur som gjenspeglar ulike tilnærmingar, teoriar og historiske forklaringar.

Generell kompetanse

Studenten skal vise evner til kritisk tenking og problematisering av tematikk, teori og metode. Studenten vil ha erfaring med å analysere komplekse fenomen og prosessar, samt å formidle historisk innsikt.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Det er tilrådd at studenten har begge oversiktsemna, HIS101 og HIS102, i tillegg til minst eit fordjupingsemne i historie frå tidlegare.

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga skjer i form av førelesingar (normalt 12 førelesningar). Det kan også vere aktuelt med frivillig oppgåveskriving.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

6-timars skriftleg skuleeksamen.

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Studieadministrativ avdeling .

Det vert avvikla eksamen i undervisningsfritt semester (vårsemesteret).

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er omlag 1200 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Kontaktinformasjon

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

studierettleiar@ahkr.uib.no/ 55 58 23 09/ 55 58 30 70

Institutt

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap.