Emner: KUN255 Arkitektur med bacheloroppgave - Høst 2011




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet tar opp sentrale tema frå stadutvikling og arkitekturhistorie, arkitekturteori og -praksis i perioden frå 1900 til i dag. Søkelyset vert retta mot spørsmål kring arkitekturen si rolle i ein utvida samfunnskontekst, og problem knytte til forvaltning og vern av arkitekturarven.

Emnet skal gi studenten kunnskap om nyare arkitektur i eit regionalt, lokalt og internasjonalt perspektiv, samt kjennskap til verneteoretiske utfordringar.

Læringsutbyte

Studiet gir kompetanse som omfattar dokumentasjon, analyse og vurdering av arkitektur som del av ein meir omfattande kulturarv. Gjennom konkrete døme tar emnet opp tema som er nyttige for arbeid innan museumsvesen, offentleg forvaltning og undervisning. Studiet er òg relevant for arkitektstudentar. Emnet er særs godt eigna i kombinasjon med andre estetiske fag og kulturfag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

KUN110 og emne tilsvarande eit årsstudium i kunsthistorie, inkludert KUN116: Arkitekturhistorie

Krav til studierett

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga vert gitt i form av førelesingar, seminar og utflukt/byvandring.

Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar. Fristane er endelege og vert publiserte på Mi Side. Namneliste med individuelle rettleiingstidspunkt vert publisert på Mi Side ein av dei første dagane etter innleveringane.

Vurderingsformer

Eksamen er ei rettleidd skriftleg oppgåve med tema frå kurset det gjeldande semesteret. Pensum danar grunnlag for oppgåvearbeidet, men studenten kan nytte eige kjeldemateriale i tillegg. Det ferdige arbeidet skal ha eit omfang på om lag 15 maskinskrivne sider med 1 1/2 linjeavstand og 12 punkt skrift (Times el.l. skrifttype).

Karakterskala

Karakterskala A-F

Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no