Emner: NORAN101-F Norsk språk som andrespråk (fjernstudium) - Høst 2011




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte.

Undervisningssemester

Haust eller vår.

Undervisningsstad

Nettbasert studium

Mål og innhald

Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i moderne norsk språk, både bokmål og nynorsk, som omfattar fonologi, morfologi, syntaks, leksikologi og i ein viss mon pragmatikk og sosiolingvistikk. Desse emna blir studerte i eit andrespråksperspektiv, så jamvel om norsk språk er hovudemne og språklege problemstillingar står sentralt, har dette emnet eit allmennlingvistisk, språklæringsteoretisk og språkdidaktisk tilsnitt. Dette pregar både utvalet og vektinga av emna og måten dei ulike emna blir handsama og presenterte på. Eit viktig element er innføring i mellomspråk og den lingvistiske, læringsteoretiske og forskingshistoriske bakgrunnen for dette omgrepet.

Emnet skal også gje studenten dei språkteoretiske og språkanalytiske kunnskapsverkty han treng for eit vidare studium i andrespråkslingvistikk, språklæringsteori og tospråklegheitsforsking.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne analysere og tolke elevspråk lingvistisk på alle språklege nivå, slik at han kan velje gode rådgjerder i praktisk-pedagogiske samanhengar.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller tilsvarande.

Krav til studierett

Studenten må vere oppteken til NORAN101-F (Vidareutdanning).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Ein del av undervisninga blir gjeven som førelesingar ved hjelp av audio- og videogram, men hovudsakleg er undervisninga nettbasert og interaktiv av karakter, og det er ein føresetnad at studentane tek del i denne nettaktiviteten.

I tillegg til den aktiviteten som går føre seg i plenum på nettet, deltek studentane òg i nettgrupper. Denne nettgruppeaktiviteteten, omfattar mellom anna nettkollokvium i "sann tid", i eit omfang på to timar kvar veke til eit visst klokkeslett.

Etter nærare retningsliner fastsette av instituttet leverer studentane inn oppgåvesvar og får tilbakemelding på det faglege innhaldet og praktiske råd når det gjeld rett bokmål, nynorsk og teiknsetjing. Det blir lagt vekt på at studentane skal få trening i å kommentere medstudentane sine oppgåver.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av emnet skal kvar student ha vore oppgåveredaktør. Når faglæraren har vurdert oppgåva, har studenten høve til å omarbeide henne, men det omarbeidde produktet skal ikkje gjennom noka vidare førehandsgodkjenning. Denne oppgåva inngår i ei skrivemappe saman med andre kortare tekstar. Instituttet fastset nærare reglar og fristar.

Deltaking i nettkollokvia er obligatorisk. Fråvær på meir enn 25% medfører tap av retten til å gå opp til eksamen.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg prøve på fire timar og ei mappeoppgåve. Den skriftlege prøva tel 60 % og mappa 40 % av den samla karakteren. Ein må stå på både mappeoppgåva og eksamensoppgåva dersom ein skal stå på heile eksamen.

Kandidaten nyttar éi eller begge målformer etter eige val.

Studentane kan nytte sitt eige eksemplar av ei lærebok i norsk andrespråksgrammatikk ved den skriftlege eksamenen. Ei liste over godkjende grammatikkar kan ein få ved instituttet

Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret. Kandidatar som stod på berre den skriftlege prøva eller mappeoppgåva, kan ta eksamen i den andre delen. Mappeoppgåva er oppgåva frå undervisningssemesteret; kandidaten har høve til å forbetre den, men kan ikkje få rettleiing.

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og blir fastsett av instituttet.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no