Bachelor
Bergen
Emnet gjev innsikt i moderne språkvurderingsmetodar. Det omfattar språktesting som akademisk disiplin, men òg språkvurdering i vidare tyding: læra om måling og vurdering av språkferdigheit, utforsking av og refleksjon over kva slags prinsipp som bør gjelde for testing og evaluering av framand- og andrespråksferdigheit, og dei teoretiske føresetnadene som ligg til grunn for desse prinsippa.
Etter å ha fullført emnet skal studenten ha utvikla teoretisk kunnskaps basis til å gjennomføre praktisk vurdering av språkferdigheit hos språkinnlærarar, å evaluere kritisk eksisterande vurderingssystem og -praksisar, å gje råd om slike spørsmål til lekfolk og arbeidskollegaer, og til å ta del i fagleg arbeid i tilknyting til språktesting.
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Studieadministrativ avdeling. Se UHL §3-10.
Undervisningstype og -mengd:
Førelesingar 2 timar i veka i om lag 13 veker.
Studentkollokvium med sporadisk lærartilsyn: 2 timar kvar fjortande dag
Samla undervisningsmengd: 26 timar førelesingar og 13 timar kollokvium per student.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Eksamen er ei skriftleg prøve på fire timar. Oppgåva skal skrivast på norsk, bokmål eller nynorsk etter fritt val.
Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.
Pensumet er på ca. 500 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no