Emner: NOSP103-L Nordisk: Språkhistorie og talemål for integrert lektorutdanning - Høst 2011




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

100-nivå, integrert lektorutdanning

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.

Undervisningssemester

Haustsemesteret. Tredje semester for studentar som tek nordisk som fag I, og femte semester for studentar som tek nordisk som fag II.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Temaa på emnet er (1) norrønt språk, (2) språkhistorie, (3) dialektologi og (4) sosiolingvistikk.

Emnet skal saman med NOSP102 gje studentane eit felles utgangspunkt som dannar grunnstammen i det språklege nordiskstudiet, og som er naudsynt for norsklærarar, språk- og litteraturkonsulentar og andre som utøver yrke der språklege og litterære kvalifikasjonar er eit krav.

Norrønt språk. Emnet skal gje ei innføring i norrønt språk, dvs. det norske og islandske språket i tida 700-1350. Studiet av norrønt skal gje kunnskap om viktige trekk ved fonologi (lydlære) og grammatikk og knyte dei til moderne norsk språkstruktur. Norrønt er originalspråket for den omfattande norrøne litteraturen, og lesing av ein kort prosatekst i normalisert språkform vil stå sentralt.

Språkhistorie. Emnet skal gje studentane kunnskap om korleis norsk (og i nokon grad dei andre nordiske språka) har utvikla seg frå urnordisk til moderne tid.

Talemål. Emnet skal gje kunnskap om viktige trekk ved den nordiske dialektsituasjonen (med hovudvekt på norske tilhøve), den geografiske utbreiinga av språkdrag og den historiske og sosiale bakgrunnen for dei. Eit utval norske målføreprøver skal studerast både fonologisk og grammatisk.

Sosiolingvistikk. Studiet skal gje innsikt i sentrale sosiolingvistiske tema, som talemålsvariasjon, språkkontakt, språkleg identitet og språkhaldningar. Disiplinen skal skape forståing av språket som samfunnsfenomen og tilhøvet mellom språksamfunn og språkbrukar.

Det vert lagt stor vekt på samanhengane mellom dei ulike delane av emnet.

Læringsutbyte

Etter å ha studert emnet skal studentane kunne

- lese og omsetje kjend norrøn prosatekst med hjelp av ordbok

- gjere greie for hovudtrekk i norrøn fonologi og grammatikk

- gjere greie for sentrale trekk ved språkhistorie og moderne dialektar

- trekkje linjer frå norrønt språk til moderne norsk

- bruke kunnskapane til å analysere og kommentere språkleg materiale i form av kjende norrøne tekstar og dialektprøver

- drøfte ulike synsmåtar og analysemåtar i tilknyting til temaa i emnet

- gjere greie for sentrale trekk ved sosial språkleg variasjon og sosiolingvistisk teori

- trekkje linjer mellom dei ulike temaa i emnet

- skrive både bokmål og nynorsk korrekt og godt

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

EXFAC00SK Språk og kommunikasjon.

Krav til studierett

Opptak til Integrert lektorutdanning med master i nordisk eller framandspråk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet har felles undervisning med NOSP103, men noko av undervisninga der er ikkje pensumrelevant for NOSP103-L.

Førelesingar: om lag 34 timar.

Oppgåveseminar: om lag 34 timar for studenten, med lærar til stades om lag halve tida.

Nynorskseminar: 12 timar for studenten, med lærar til stades om lag halve tida.

Skriftleg tilbakemelding på obligatorisk innleveringsoppgåve.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei innleveringsoppgåve på nynorsk tidleg i semesteret. Oppgåvesvaret skal ikkje vere lengre enn 350 ord. Dersom studenten ikkje har levert eit tilstrekkeleg godt svar, må oppgåva leverast på nytt i klart betra stand.

Den obligatoriske oppgåva er gyldig i eitt semester etter det semesteret ho vart gjennomført.

Vurderingsformer

Eksamenen er ei skriftleg prøve (skuleeksamen) på 4 timar. Eksamenen skal skrivast på nynorsk.

Det er høve til å ta eksamen i vårsemesteret dersom obligatoriske arbeidskrav er innfridde i det føregåande haustsemesteret.

Norrøn ordbok og norrønt bøyingsskjema er tillatne hjelpemiddel på den skriftlege prøva.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt stor vekt på om studenten skriv korrekt og godt.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Litteraturliste

Pensumet tilsvarer om lag 650 sider av normal vanskegrad.

Instituttet fastset pensumet.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no