Emner: REG303 Forvaltningsrett - Høst 2011




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Forvaltningsrett er rettsreglane for organisering, avgjerdskompetanse, ansvarsforhold og sakshandsaming i den offentlege forvaltning, og spørsmålet om ugyldige forvaltningsvedtak. Dette omfattar også borgarane sine rettar og plikter overfor forvaltninga. Med offentleg forvaltning meiner ein statlege og kommunale organ som tar avgjerder på vegner av det offentlege om rettar eller plikter for borgaren, eller om organa si eiga verksemd. Det kan vere kollegiale organ som kommunestyre, eller administrative organ som rådmannen, fylkesmann eller departement. Stortinget og domstolane er ikkje del av forvaltninga.

Temaet for kurset er hovudsakeleg dei generelle reglane som gjeld for heile eller store delar av den offentlege forvaltninga - det som og vert kalla allmenn forvaltningsrett. Kurset vil også omhandle utvalde emne frå den spesielle forvaltningsretten, som har særleg relevans for studiet i region- og regionalisering. Det gjeld sentrale element i plan- og bygningsretten, ressurs- og miljøforvaltningsretten, og kommunalretten.

- Forvaltninga si oppbygging og ansvars- og avgjerdsmynde
- Kravet om rettssikkerheit i forvaltninga
- Verkeområdet for forvaltningslova, oppbygging av lova, sentrale grunnomgrep, og dei
viktigaste reglane om sakshandsaming, under dette inhabilitet, varsel, utgreiingsplikt,
dokumentinnsyn, grunngjeving, og klage og omgjering utan klage.
- Prinsippa for den materielle avgjerdskompetansen og krav om heimel som vert stilt
til forvaltninga si framferd overfor borgaren, under dette om tilgang til vilkårsstilling og inngåing av forvaltningsavtalar.
- Prinsippa for gyldigheitsvurdering av forvaltningsvedtak.
- Sentrale prinsipp for, og reglar om, den kommunale arealplanlegging og eigar sin råderett.
- Sentrale prinsipp for, og reglar om, den offentlege forvaltning av naturressursar og
ivaretaking av miljøomsyn.

Læringsutbyte

Målet med kurset er å øve opp studentane si evne til å identifisere rettslege problem som kan oppstå relatert til regionspørsmål, og å analysere, drøfte og ta standpunkt til slike problem på grunnlag av allment godtatt juridisk metode. Dette føreset kjennskap til den juridiske metode, og grundig kjennskap til dei sentrale prinsippa for sakshandsaming, som er nedfelt i forvaltningslova, og prinsippa for utøving av offentleg mynde, under dette legalitetsprinsippet og heimelskrav.

Krav til studierett

Opptak til masterprogrammet Region og regionalisering

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kurset er basert på førelesingar, oppgåveløysing, litteratur- og kjeldestudiar. Pensum er kjernelitteratur om den allmenne forvaltningsretten, og litteratur om dei utvalte spesialområda.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Omtrent midt i kurset vert det gjeve ei obligatorisk oppgåve. Studentane har avgrensa tid til å utarbeide eit svar. Oppgåvesvaret vert vurdert som greidd/ikkje greidd. For å få gå opp til den avsluttande eksamen vert det kravd at den obligatoriske prøva er godkjend.

Vurderingsformer

Skuleeksamen. Prøva vil gå over 6 timar. Det er tillete å bruke oppgjevne hjelpemiddel. Studentane skal løyse ei teoretisk oppgåve. Kurskarakteren vert fastsett på grunnlag av den avsluttande eksamen. Juridisk fakultet har ansvaret for kurset.

Eksamen blir berre avvikla i det semesteret undervisning blir gitt.

Karakterskala

A-F der F er stryk

Fagleg overlapp

JUS111

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap