Emner: REG311 Prosjektskisse - Høst 2011




Studiepoeng

10.0

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Innan dei humanistiske faga står mennesket i sentrum og ein studerer korleis mennesket kommuniserer, kva mennesket tek seg til og kva det omgir seg med. I dette emnet skal vi sjå nærmare på metodiske tilnærmingar innan dei humanistiske faga arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap men òg samfunnsvitskaplege metodar og teoretiske tilnærmingar vil inngå i emnet

Emnet legg vekt på innføring i humanistiske og samfunnsvitskaplege metodar knytt til forskingsprosjekt slik som til dømes ei masteroppgåve. Emnet vil styrke studentane sine kunnskapar om akademiske læreformer, som innan denne fagkrinsen særlig vil seie kjelde- og dokumentanalyse (historie), arkeologiske metodar (til dømes arkeologiske utgravingar og funnanalysar), tekstanalysar og feltarbeid og intervju som datainnsamling (religions- og kulturvitskap) og kvalitative og kvantitative metodar nytta innan samfunnsfaga.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Emnet skal gje studenten auka innsikt i og forståing for eiga læring og gode kunnskapar om metodiske tilnærmingar og teoretiske grep nytta innanfor dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga.

Ferdigheiter:

Studenten skal vise evne til å reflekterer over eiga læring og kunne demonstrere ferdigheiter i å nytte metodar og teoriar i eit forskingsprosjekt.

Generell kompetanse:

Studenten skal vise evne til å reflektere, argumentere og dokumentere akademisk.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesingar og individuell rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing og levering av minst eitt utkast til prosjektskisse

Vurderingsformer

Innlevering av prosjektskisse.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd

Fagleg overlapp

Ingen

Litteraturliste

Studenten legg opp eit sjølvvalt pensum på om lag 1000 sider sjølvvald pensum.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap