Emner: RELV208 Samisk religion - Vår 2011




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

2008 og 2009: Vår. Frå 2010: Haust

Undervisningsstad

Ved Det humanistiske fakultet, UiB.

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i den samiske religionshistoria. Vekta ligg på den innfødde religionen, men religiøse endringsprosessar, ulike former for kristendom, og samisk religiøsitet i dag vert også tatt opp.

Dei viktigaste tema som vert dekka er: Tilnærmingar til samisk religion: kjeldemateriale og kjeldekritikk: reinkarnasjon i samisk tradisjon: ritual frå fødsel til død: offerstader og offerritual: samiske bjørneseremoniar: hjelpeånder og guddommar: den samiske "sjamanen" og tromma hans: kristen misjon og religiøs endring: den læstadianske vekkingsrørsla og samisk identitet: samisk religion i "ny-sjamanismen".

Emnet kan lesast på 200- og 300-nivå, og kan også inngå som ei sjølvstendig eining i ein bachelorgrad. Innafor bachelorgraden i religionsvitskap er RELV208 valfritt.

RELV202, RELV202SEM, RELV207 eller RELV208 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i religionsvitskap, men kan etter søknad til instituttet skiftast ut med eit anna fagleg relevant 15-studiepoengsemne frå eit anna fag.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskap
Fordjupa kunnskap om samisk religion, både førkristen og kristen, om viktige ritar og narrativar, om sentrale idear og omgrep og om religionen sitt samspel med kulturen elles.
Kunnskap om kjelder og metodar ved studium av samisk religion.
Kunnskap om nokre teoretiske perspektiv ved studium av samisk religion.
Kunnskap om ny og tidlegare forsking og om viktige religionsvitskaplege problemstillingar knytt til studiet av samisk religion.

Ferdigheiter
Evne til å analysere fagstoff på engelsk og trekke eigne slutningar.
Evne til å kritisk granske teoriar og metodar som blir nytta i studiet av samisk religion.
Evne til å skrive ein samanhengande analytisk tekst om samisk religion som demonstrerer evne til å bruke normer og teknikkar for fagleg skriving.

Generell kompetanse
Røynsle med å kunne behandle store mengder informasjon og litteratur innafor kort tid, samt med å tolke og presentere informasjon.

Krav til forkunnskapar

RELV208: Ingen. Opptak til masterstudiet fordrast dersom ein tek emnet som ein del av mastergraden.

Tilrådde forkunnskapar

Avlagt eksamen i RELV105 og minst eit av dei andre emna på 100-nivå er ein fordel. Studenten bør ha gode engelskkunnskapar ettersom pensumlitteraturen er på engelsk.

Krav til studierett

Ope på RELV208 for studentar med studierett ved UiB, men kan også tas som RELV302 eller RELV303 ved opptak til masterstudiet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

6-10 forelesingar.

Utanom eventuelle forelesings- eller seminarrekker vil undervisninga i særemna kunna skje i form av rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg prøve (essay) på seks timar. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F. Eksamen vert avvikla kvart semester.

Eksamen vert avvikla kvart semester. Emnet er opent for studentar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensumet har eit omfang på om lag 950 sider.

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetre studiet vert det organisert studentevaluering av studieopplegg og undervising, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil ligge til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Kontaktinformasjon

studieveileder@ahkr.uib.no
Telefon 55 58 30 28 / 55 58 33 70
55 58 23 00 (sentralbord)

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR),
Det humanistiske fakultet, UiB.
Øysteins gate 1-3, 5007 Bergen

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)