Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskapar
- solid kunnskap om religiøse ritual, høgtider og dei sosiale, politiske og
geografiske kontekstane for religiøse handlingar i antikken
- kjennskap til dei viktigaste kjeldene til religion i antikken
- oversyn over endringane i religiøse førestillingar og praksis frå klassisk tid fram til seinantikken
- evne til å setja kunnskapane om antikkens religionar inn i vidare religionsvitskaplege samanhengar
Ferdigheiter
- evne til å finne fram til kjelder om problemstillingar innanfor fagfeltet på eiga hand
- evne til å analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar
- evne til å skriva ein resonnerande tekst
- evne til å formidla informasjon om fagfeltet til andre både skriftleg og munnleg
Generell kompetanse
Evne til å skaffa seg informasjon på eiga hand, til å vurdera han kritisk og vitskapleg og til å bringa han vidare til andre på forståeleg vis.
Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar.
Eksamen er open for studentar utan studierett etter søknad til Studieadministrativ avdeling.