Emner: RELV225 Islam - Høst 2011




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studenten skal gjennom studiet tileigna seg inngåande kunnskapar om islam som religion. Både historiske tema og aktuelle tema vert fokusert på: Koranen og korantolking, hadithlitteraturen, islamsk rettsvitskap, og muslimsk rituelt liv, men også islam og kjønn, muslimske rørsler og retningar, og visuelle uttrykk for muslimske trusforestillingar.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskapar

- djupe kunnskapar om det historiske og tekstlege grunnlaget for islam og om framveksten av ulike tolkingar som presenterer islam som ein religion i endring

- kunne gjere greie for ulike former for islam og muslimsk rituelt liv, islam og kjønn, muslimske rørsler og retningar

- kjennskap til korleis muslimske trusforestillingar kan bli gitt uttrykk ikkje berre i tekstar eller handlingar, men også i visuelle medium

Ferdigheiter

- evne til å analysera fagstoff og trekkje eigne slutningar

- evne til å skriva ein resonnerande tekst

- erfaring med å formidla informasjon, teoriar, idear, problemstillingar og løysingar om emnet både skriftleg og munnleg

Generell kompetanse

Studenten skal kunna

- formidla informasjon og teoriar frå dette kunnskapsfeltet

- kommunisera faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innafor fagområdet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskapar om islam tilsvarande RELV102. Mykje av pensumlitteraturen er på engelsk. Studenten bør derfor ha gode engelskkunnskapar.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Normalt 10 forelesingar à to timar pr veke, totalt 20 timar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar.Eksamen er open for studentar utan studierett etter søknad til Studieadministrativ avdeling.

Karakterskala

I vurderinga vert det nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått.

Fagleg overlapp

RELV325

Litteraturliste

Pensum er på omkring 1200 sider. Det meste av litteraturen er på engelsk.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)