Master
Norsk
Haust
Ved Det humanistiske fakultet, UiB.
Føremålet med RELV306 er å gje metodisk og forskingsetisk grunnlag for arbeidet med masteroppgåva.
RELV306 vil fokusera på sentrale metodar innan religionsvitskapleg forsking samt forskingsetikk. Emnet skal munna ut i ei skriftleg oppgåve om metodiske og forskingsetiske problemstillingar, med særleg relevans for masteroppgåva.
Emnet kan, om det er faglege argument for det, erstattast av metodemodular ved andre institutt, fakultet, eller institusjonar.
Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Opptak til mastergraden i religionsvitskap.
For mastergradsstudentar i religionsvitskap er emnet obligatorisk, og skal normalt takast i første semester. RELV306 kan etter søknad bytast ut med et anna metodeemne.
Ope ved opptak til mastergraden i religionsvitskap.
Normalt 10 - 15 undervisningseiningar (forelesingar, seminar, praktiske øvingar)
Obligatorisk oppmøte ved undervisning på minst 75 %.
Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.
Eksamen består av ei skriftleg oppgåve på til saman 4000 ord (om lag 10 sider).
Vurderingsform er bestått/ikkje bestått.
Ca. 1000 - 1200 sider, der ein del er fellespensum og ein del er valfritt med særleg relevans for metodedelen i masteroppgåva. Pensumlista skal godkjennast av rettleiar.
I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetre studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.
studieveileder@ahkr.uib.no
Telefon 55 58 30 28 / 55 58 33 70
55 58 23 00 (sentralbord)
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR),
Det humanistiske fakultet, UiB.
Øysteins gate 1-3, 5007 Bergen
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)