Emner: RELV322 Religioner i antikken - Høst 2011




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Det humanistiske fakultet, UiB.

Mål og innhald

Studenten skal gjennom studiet tileigna seg kunnskap om religionen i antikkens Hellas og Roma som går djupare og er meir detaljert enn den ein har fått i RELV105. Vekta ligg på religiøse institusjonar og religiøs praksis i den greske bystaten i klassisk tid og i republikkens Roma, men òg på det religiøse mangfaldet i keisartida.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskapar

- solid kunnskap om religiøse ritual, høgtider og dei sosiale, politiske og geografiske kontekstane for religiøse handlingar i antikken

- kjennskap til dei viktigaste kjeldene til religion i antikken

- oversyn over endringane i religiøse førestillingar og praksis frå klassisk tid fram til seinantikken

- evne til å setja kunnskapane om antikkens religionar inn i vidare religionsvitskaplege samanhengar

Ferdigheiter

- evne til å finne fram til kjelder om problemstillingar innanfor fagfeltet på eiga hand

- evne til å analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar

- evne til å skriva ein resonnerande tekst

- evne til å formidla informasjon om fagfeltet til andre både skriftleg og munnleg

Generell kompetanse

Evne til å skaffa seg informasjon på eiga hand, til å vurdera han kritisk og vitskapleg og til å bringa han vidare til andre på forståeleg vis.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskapar om antikkens religionar tilsvarande RELV105. Studenten treng gode engelskkunnskapar. Kunnskapar i gresk og latin krevst ikkje, men gjev ein føremon i studiet.

Krav til studierett

Ope ved opptak til masterprogrammet i religionsvitskap eller andre masterprogram

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Normalt 10 forelesingar à to timar pr veke, totalt 20 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar.

Karakterskala

I vurderinga vert det nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått.

Fagleg overlapp

RELV222

Litteraturliste

Pensum er på omkring 1200 sider. Det meste av litteraturen er på engelsk.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)