Emner: RUS302 Tekst og skriftlig russisk - Høst 2011




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk/russisk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studentane skal skaffa seg større språkdugleik, først og fremst i det skriftlege. Dei skal utvida ordforrådet og stadfesta språkkjensla.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten ha god praktisk dugleik, som mellom anna kan koma til nytte i arbeidet med masteroppgåva.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i russisk eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i russisk ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet inneheld kursbasert essayskriving, omsetjingsøvingar norsk-russisk og tekstlesing.

Undervisninga omfattar skriftlege øvingar i omsetjing norsk-russisk og oppøving i essayskriving med russisk språkpedagog.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av 70% av omsetjingane frå norsk til russisk, samt disposisjon og førsteutkast til eit essay.

Vurderingsformer

1) Skoleeksamen på seks timar med omsetjing frå norsk til russisk av ein tekst på omlag 300 ord.

2) Mappevurdering: Eksamensforma er ei mappe som inneheld eit essay på russisk på ca. 2000 ord som skal leverast til fastsett frist. I tillegg skal alle studentar opp til ei tre timars intern prøve, der dei skal skrive eit essay på russisk på ca. 500 ord. Mappa får ein samla karakter. Essayet tel 70% og prøva tel 30% av den samla karakteren.

Ved fastsetjing av endeleg karakter tel skoleeksamen i omsetjing 40% og mappevurderinga 60%. Begge eksamensdelane må vera tekne i same semester.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Studentane skal lese eit pensum med variert sakprosa og skjønnlitteratur. Pensumet vert sett saman av studentane i samråd med faglærar og dannar grunnlaget for essayskrivinga.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no