Emner: RUS302 Tekst og skriftlig russisk - Vår 2011




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk / russisk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studentane skal skaffa seg større språkdugleik, først og fremst i det skriftlege. Dei skal utvida ordforrådet og stadfesta språkkjensla.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten ha god praktisk dugleik, som mellom anna kan koma til nytte i arbeidet med masteroppgåva.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i russisk eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i russisk ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet inneheld kursbasert essayskriving, omsetjingsøvingar norsk-russisk og tekstlesing.

Kvar veke får studentane øvingar i omsetjing norsk-russisk og eit tilbod i essayskriving med russisk språkpedagog med innlevering kvar tredje veke.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av omsetjingar frå norsk til russisk er obligatorisk.

Vurderingsformer

1) Skoleeksamen på seks timar med omsetjing frå norsk til russisk av ein tekst på omlag 300 ord.

2) Mappevurdering: Eksamensforma er ei mappe som inneheld to essay på ca. 1500 ord kvar. Det første essayet skal leverast i midten og det andre i slutten av semesteret. I tillegg skal alle studentar opp til ei tre timars intern kunnskapsprøve, der dei skal skrive eit essay på russisk på ca. 500 ord. Mappa får ein samla karakter. Det første essayet tel 30% av mappekarakteren, det andre essayet tel 40% og prøva tel 30% av den samla karakteren.

Ved fastsetjing av endeleg karakter tel skoleeksamen i omsetjing 40% og mappevurderinga 60%. Begge eksamensdelane må vera tekne i same semester.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Studentane skal lese eit pensum med variert sakprosa og skjønnlitteratur. Pensumet vert sett saman av studentane i samråd med faglærar og dannar grunnlaget for essayskrivinga.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i løpet av semesteret gjennom samtaler mellom læraren og studentane. I tillegg gjennomfører instituttet skriftleg evaluering med visse mellomrom.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no