Norsk
Haust
Ved fullført emne skal studentane ha tilegna seg eit grunnleggjande oversyn over den eldre teaterhistoria frå antikken og fram til slutten av 1700-tallet. Studentane skal kunne forstå og gjere greie for samanhengar i den teaterhistoriske utviklinga og mellom det historiske og nåtida sitt teater.
Generell studiekompetanse eller tilsvarande. Det er òg mogeleg å søkje opptak på grunnlag av realkompetanse. Pensum omfattar ein god del framandspråkleg litteratur, og det er ein føremon om studentane har språkkunnskap som svarer til A-språk (engelsk) frå språklinja.
Undervisninga vert lagt opp som forelesningar.
Studenten skal delta på eitt innføringskurs i oppgåveskriving på to timar, skrive ein disposisjon til ei oppgåve og møte til ei individuell rettleiing på disposisjonen til øvingsoppgåva.
Disposisjonen til øvingsoppgåva skal vere på 1-2 sider, og skal leverast til fastsett frist.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Skuleeksamen på seks timar. Det er ein føresetnad for å få gå opp til eksamen at den obligatoriske øvingsoppgåva er levert og godkjend av faglærar.
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no