Emner: TEAT111 Eldre teaterhistorie - Vår 2011




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Formålet med emnet er å gi ei grunnleggande forståing av teatret si historie. Studentane skal verta kjende med den eldre europeiske teaterhistoria frå antikken og fram til slutten av 1700-talet. Studentane skal og verta kjende med dei grunnleggande fagdidaktiske problemstillingane i teatervitskap.

Læringsutbyte

Ved fullført emne skal studentane ha tilegna seg eit grunnleggjande oversyn over den eldre teaterhistoria frå antikken og fram til slutten av 1700-tallet. Studentane skal kunne forstå og gjere greie for samanhengar i den teaterhistoriske utviklinga og mellom det historiske og nåtida sitt teater.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller tilsvarande. Det er òg mogeleg å søkje opptak på grunnlag av realkompetanse. Pensum omfattar ein god del framandspråkleg litteratur, og det ein føremon om studentane har språkkunnskap som svarer til A-språk (engelsk) frå språklinja.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert lagt opp som forelesningar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal i løpet av semesteret skrive ei rettleia øvingsoppgåve på om lag 5 sider (2000 ord). Studenten vel emne for oppgåva i samråd med faglærar. Studenten har rett på og plikt til:

1)Å møte til rettleiing to gonger i samband med arbeidet på øvingsoppgåva.

2)Å levere inn øvingsoppgåva til fastsett frist.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Skuleeksamen på seks timar. Det er ein føresetnad for å få gå opp til eksamen at den obligatoriske øvingsoppgåva er levert og godkjend av faglærar.

Karakterskala

Det vert nytta ein karakterskala frå A - F. Der E er siste ståkarakter.

Litteraturliste

Emnet har eit pensum på om lag 1000 tekstsider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no