Engelsk
Vår
Gjennom kurset skal studenten tileigne seg kunnskap om utforming av kvalitative forskingsopplegg, utvikling av problemstillingar og bruk av metodar og feltteknikkar med vekt på intervju, tekstanalyse, deltaking og observasjon.
Kurset gir undervising i god forskingspraksis i geografi med fokus på teori som støttar kvalitativ forsking. Sentrale tema er forskingsdesign, subjektivitet og objektivitet, kritisk refleksivitet, forskingsetikk, samt kvalitative metodar og teknikkar brukt i feltforsking.
Studenten skal sitje igjen med ei god oversikt over kva eit kvalitativt forskingsopplegg er gjennom å ha tileigna seg innsikt i sentrale kvalitative metodar og teknikkar.
Studenten skal kjenne godt til og kunne bruke kvalitative metodar som intervju, spørjeskjema og observasjon. Studenten har vidare fått innsikt og erfaring i å sjølvstendig vurdere val av metodisk tilnærming gjennom å utarbeide eit individuelt forskingsopplegg. Studenten skal kunne følgje forskingsprosessen og sjå samanhengen frå planlegging til datainnsamling og ferdig tekstprodukt.
Ingen
GEO121, GEO131, GEO151 eller tilsvarande
1 forelesing kombinert med seminar og studentpresentasjonar á 2 timer pr. veke.
Totalt 5-6 forelesingar.
Kurset blir undervist i januar og februar. Eksamen i februar/mars.
Deltaking på seminar + studentpresentasjonar. Innlevering av eit essay.
Skriftleg eksamen 4 timar
GEO307- 5 studiepoeng
Vår.
Kurset undervisast og har eksamen i januar og februar.
Institutt for geografi
Studieveileder@geog.uib.no