Emner: GEO221 Globalisering og stedsutvikling - Vår 2012




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Studentane skal få kjennskap til geografisk faghistorie og ulike samfunnsgeografiske tilnærmingar til stadsutvikling med vekt på rurale område. Eit overordna mål er å stimulere studentane til refleksjon og ny innsikt tilknytta lokale og globale prosessar kring næringsutvikling, flyttestraumar og meiningsproduksjon i rurale område. Emnet skal gje teoretisk og metodologisk innsikt ved å vise til teori og døme frå samfunnsgeografisk forsking.

Med utgangspunkt i teoriinnføringa og empiriske døme på næringspraksis, flyttestraumar og meiningsproduksjon vert evna til omstilling og stadsutvikling drøfta. Emnet byrjar med ei innføring i geografisk historie. Vdare vert faghistoria kopla til samfunnsgeografiske studiar av kontekstuelle tilhøve og omgrepet homo geographicus. Ulike døme som analyserer korleis globalisering i form av tid-rom kompresjon kjem til uttrykk på konkrete stader vert så drøfta. Fokus er då på samspel mellom prosessarkopla til næringsutvikling, flyttestraumar og meinngsproduksjon i rurale område.

Læringsutbyte

Gjennom kurset skal studentane tileigne seg kunnskap om geografisk faghistorie og ulike samfunnsgeografiske tilnærmingar til stadsutvikling. Studentane skal og tileigne seg kunnskapar om drivkreftene bak dei endringane stadssamfunn tar del i og stimulerast til refleksjon omkring kva slags prosessar og lokale praksisar som må vere til stades for at rurale stader skal bløme.

Krav til forkunnskapar

GEO123 eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

GEO115, GEO121 og GEO151

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

2 førelesingar i geografisk faghistorie á 2 timer pr. veke felles med GEO212 og GEO282.

Totalt 4 førelesingar i geografisk faghistorie.

2 førelesingar á 2 timer pr. veke.

Totalt 9-11 førelesingar i regionar og nyskaping.

1 seminar á 2 timer pr. veke.

Totalt 4-5 seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk seminardeltaking og innlevering av minst 1 øving.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen 5 timer

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO221 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i.

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no