Emner: GEO313 Naturgeografiske laboratorie- og feltmetoder - Vår 2012




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår og haust uregelmessig

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å førebu studentar i naturgeografi på metodiske utfordringar dei vil møte i samband med masterprosjektet. Det blir lagt vekt på å integrere resultata frå ulike metodar i GIS. I ei obligatorisk oppgåve skal studentane skrive om ein av metodane og presentere resultata mot slutten av kurset.

Læringsutbyte

Gi studenten ei innføring i aktuelle laboratorie- og feltteknikkar i naturgeografi, gjerne med relevans for masteroppgåva.

Krav til forkunnskapar

GEO115, GEO215, GEO212 og GEO291, eller tilsvarande

Krav til studierett

Ope for studentar på masternivå som oppfyller forkunnskapskravet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesingar, laboratorieøvingar og feltundervisning.

Kurset er lagt opp med sju forelesingar og fire øvingar med gjennomgang av ulike metodar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på laboratorieøvingar og feltundervisning samt skriving av rapport.

Vurderingsformer

Mappevurdering

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår og haust uregelmessig, men berre i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO313 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no

Institutt

Institutt for geografi