Emner: GEO326 Geografiske perspektiver på mat - Vår 2012




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målet med kurset er å gi studentane ein grundig introduksjon til aktuelle forskingstema og debatter om trendar innan global matproduksjon og distribusjon av mat.

Kurset tek føre seg ulike forskingsperspektiv på mat, inkludert global matpolitikk, matvaretryggleik og helse, endringar i produksjon og forbruk, økonomiske prosessar, innovasjon og teknologi, og aktørar si deltaking i lokal og internasjonal handel.

Læringsutbyte

Studentane skal ha fått ein oversikt over samtidige vitskapsdiskursar relatert til global matproduksjon, handel og mattryggleik, og korleis trendar er forma av miljømessige, sosiale, økonomiske og politiske faktorar.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad

Tilrådde forkunnskapar

GEO131, GEO221, GEO231, GEO282 eller tilsvarande kurs.

Krav til studierett

Ope for studentar på masternivå som fyller forkunnskapskravet. GEO326 er eit særemne. Det kan difor inngå i det obligatorisk kravet om to særemne i Master i geografi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

1 førelesing/seminar/kollokvium á 2 timer pr. veke. Total: 16-20 timer

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er forventa at studentane les og presenterer utvalte vitskaplege artiklar.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve, 3000-3500 ord, og munnleg eksamen.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

GEO325 - 4 studiepoeng

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO326 vil bli evaluert første gong haust 2009 og deretter minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontaktinformasjon

Department of Geography

advice@geog.uib.no