Emner: GEO329 Miljøfag, naturforvaltning og arealplanlegging - Vår 2012
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Universitetet i Bergen og feltområde.
Mål og innhald
Målet med kurset er å gi studentane ei teoretisk og metodisk fordjuping i aktuelle natur- miljø- og landskapsgeografiske problemstillingar. Kurset skal dekke breidda av miljøgeografiske tema, til dømes økologiske og kulturelle prosessar som har forma landskapet, miljø- og naturforvaltning, landskapskartlegging og planleggingsrelaterte problemstillingar. Studieområda kan variere frå år til år.
Læringsutbyte
Studenten skal gjennom kurset vidareutvikle praktisering av miljøgeografiske metodar og teknikkar. Dessutan skal studenten kunne sette eigne resultat i eit større teoretisk perspektiv.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i geografi eller tilsvarande bakgrunn.
Tilrådde forkunnskapar
GEO112, GEO212/281/282, GEO215, GEO291/292
Krav til studierett
Kurset er ope for studentar på masternivå som fyller kravet til forkunnskapar. GEO329 er eit særemne, og kan difor gå inn i det obligatoriske kravet om to særemne i mastergraden i geografi.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
3 - 5 forelesingar
2 - 3 seminar
Eige feltarbeid
Rettleiing etter avtale
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking i prosjektarbeidet.
Vurderingsformer
Vurdering av individuell feltrapport. Individuell munnleg eksamen.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Fagleg overlapp
Ingen
Vurderingssemester
Haust
Emneevaluering
Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO329 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i.