Studieprogram: MAJUR Integrert masterprogram i rettsvitenskap - Vår 2013




Namn på grad

Master i rettsvitskap. Graden gir rett til tilsvarande tittel. Vitnemål vert utferda når graden er oppnådd. Det er eit vilkår for tildeling av graden at kandidaten gir følgjande løfte (kandidatløftet):

"Aldrig vidende at ville vige fra Ret og Retfærdighed, mindre raade nogen til ufornødne Processer eller i andre Maader med sine Raad befordre nogen uretvis Sag eller Intention."

Omfang og studiepoeng

300 studiepoeng. Normert studietid er fem år.

Undervisningsspråk

Norsk. Enkeltemne kan ha undervisning på eit skandinavisk språk eller engelsk.

Studiestart - semester

Kvar haust.

Mål og innhald

Masterstudiet i rettvitskap ved Universitetet i Bergen er på til saman 300 studiepoeng (fem årseiningar). I dette inngår examen philosophicum med 10 studiepoeng og examen facultatum med 10 studiepoeng, spesialemne på til saman 30 studiepoeng, og eit sjølvstendig skriftleg arbeid på normalt 30 studiepoeng (masteroppgåve). Etter søknad kan masteroppgåva vere på 60 studiepoeng.

Oppbygging:Studiet byggjer på problembasert læring. Dei to første åra er studentane delte inn i arbeidsgrupper leia av ein vidarekomen student, som møtast kvar veke for å løyse ei gitt oppgåve. På tredje året er gruppene frivillige og sjølvstyrte. Kvar enkelt student skal skrive eit sjølvstendig svar som dei får tilbakemeldingar på. Det er krav om å kommentere medstudentane sine oppgåvesvar. På fjerde eller femte studieåret kan ein velje emne etter eigne interesser. Ein skal også skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling. I løpet av denne perioden har ein høve til å reise på studieopphald i utlandet.Det første semesteret går ex.phil. og ex.fac. parallelt fram til oktober/november. Vi gjer merksam på at studentar som har examen philosophicum og examen facultatum frå før, får berre 10 studiepoeng i haustsemesteret. Emnet i forvaltingsrett I byrjar i månadsskiftet oktober/november og endar med eksamen i januar.

Læringsutbyte

KUNNSKAPER:

Kandidatene har kunnskaper om grunnleggende regler og sammenhenger innen alle fagområder som omfattes av studiet, og spesialisert kunnskap innen fagområder som dekkes av masteroppgaven.

Dette innebærer at kandidatene har kunnskaper om og forståelse av

FERDIGHETER:

Kandidatene kan anvende juridisk metode til selvstendig å analysere, drøfte og ta standpunkt til juridiske problemstillinger. Dette innebærer

Kandidatene kan formidle og evaluere juridiske analyser og standpunkt gjennom

GENERELL KOMPETANSE:

Gjennom studieprogrammet oppnår kandidatene generelt anvendbar kompetanse knyttet til å

Opptakskrav

Opptak til studiet skjer via Samordna opptak. Jf. forskrift om opptak til høyere utdanning. Det er krav om generell studiekompetanse eller tilsvarande. Studiet er adgangsregulert.

Tilrådde forkunnskapar

Gode norskkunnskapar.

Innføringsemne

Examen philosophicum og examen facultatum må være greidd før ein begynner på andre studieår.

Obligatoriske emne

Til saman 270 studiepoeng obligatoriske emne inngår i programmet. Dei resterande 30 studiepoenga vert valde blant nærare angitte spesialemne.

Første studieår:

Andre studieår:

Tredje studieår:

Fjerde studieår:

Femte studieår:

Kurs i etikk for jusstudentar er tilrådd i løpet av fjerde eller femte studieår. Gjennomført eller manglande deltaking vert ført på vitnemålet.

Tilrådde valemne

Tilrådde spesialemner femte studieår: 30 studiepoeng valt blant desse emna:

Delstudium i utlandet eller spesialemne frå andre norske juridiske fakultet kan inngå i form av fritak for spesialemne, jf. § 5-9 i "Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen."

Det som er bestemt om spesialemne, gjeld ikkje for studentar som etter søknad har fått løyve til å levere eit sjølvstendig skriftleg arbeid tilsvarande 60 studiepoeng (stor masteroppgåve).

Rekkefølgje for emne i studiet

Rekkefølgja for emna i studiet går fram av utdanningsplanen for den enkelte studenten.

Etter tredje studieår kan studentane velje å ta masteroppgåve og spesialemne eller tilsvarande, før emna på fjerde studieår.

Krav til progresjon i studiet

  1. Emna i studiet er obligatoriske om ikkje anna er fastsett i studieplanen. Dei skal takast i den rekkefølgja som er fastsett i studieplanen. Fakultetet kan gjere unntak frå dette i individuell utdanningsplan.
  2. Ved undervisning og prøving på det enkelte emnet vert det føresett kunnskap frå tidlegare emne i utdanningsplanen.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Etter at 3. studieår er greidd, kan studentar reise på utveksling som ein del av masterprogrammet. Studentar kan ta emne tilsvarande 30 studiepoeng spesialemne, og/eller skriftleg arbeid tilsvarande masteroppgåva. Det juridiske fakultet vel ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne fagtilbod som best høver for våre studentar.Meir info og retningslinjer

Undervisningsmetodar

  1. Det skal vedtakast kjernelitteratur for kvar emne. Det kan i tillegg vedtakast innføringslitteratur og tilleggslitteratur.
  2. Kjernelitteraturen skal som regel ikkje overstige 30 tekstsider pr. studiepoeng på 1. ¿ 4. studieår og 40 sider på 5. studieår.
  3. Undervisninga er basert på problembasert læring (PBL).

4. Undervisningsformene i kvart enkelt emne går fram av emneskildringa.

5. Obligatorisk undervisning: Det gjeld obligatoriske arbeidskrav, under dette obligatorisk frammøte m.m. Dette er nærare regulert i "Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen".

Vurderingsformer

  1. Hovudregelen er at emna vert avslutta med 4 timars skuleeksamen. Vurderingsforma og lengda går fram av emneskildringane
  2. Eksamen vert halden kort tid etter at emnet er avslutta.
  3. Spesialemne kan ha andre ordningar; sjå emneskildringane.
  4. Oppgåvene som vert gjevne til eksamen kan omfatte læringskrav også frå tidlegare emne.

Karakterskala

  1. Karakterskalaen er A ¿ E for Greidd (Bestått) og F for Ikkje Greidd (Ikkje bestått). Fakultetsstyret kan vedta at karakteren skal vere Greidd/Ikkje Greidd for eitt eller fleire bestemte emne. Sjå emneskildringane.
  2. Vurderinga av prestasjonane skal skje ut frå innhaldet i det enkelt emnet, læringsmåla, krava til læringsutbytte, prøvingsforma og det studietrinnet emnet er plassert på.
  3. Vurderinga skal elles skje på grunnlag av Retningsliner for karaktersetjing i masterstudiet.

Evaluering

Studiet er underlagt fleire formar for evaluering:

  1. Studentevaluering er etablert som fast ordning i dei fire første studieåra. Spesialemne vert evaluerte etter nærare reglar.
  2. Lærarevaluering vert gjort årleg på grunnlag av mellom anna studentevaluering og statistiske data frå kursa (deltakartal, gjennomføring, eksamensresultat, gjentaksprosent mv.).
  3. Ekstern evaluering: a) NOKUT har kontinuerleg tilsyn med kvaliteten i høgre utdanningb) Programsensorar knytt til masterprogrammet i rettsvitskap gjer evalueringar av nærare angjevne, avgrensa delar av studiet og avgjer årleg rapportc) UiB sentralt fører tilsyn med drifta via nærare fastlagde rapporteringsrutinar

All intern evaluering skal følgje dei krava som er fastsette i "Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia" ved Universitetet i Bergen.

Skikkavurdering og autorisasjon

Master i rettsvitskap gjev med visse tilleggskrav (kurs og praksis) rett til autorisasjon som advokat, 2005/36/EU. Autorisasjon vert gjeve av Tilsynsrådet for advokatvirksomhet.

Administrativt ansvarleg

Fakultetsdirektøren v/Studieseksjonen ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. post@jurfa.uib.no

Mål og innhald

Kvar einaste dag dukkar det opp rettslege spørsmål i samfunnsdebatten. Det kan dreie seg om menneskerettar, straff, skattereglar, miljø og IT. Dette er spørsmål som engasjerer dei fleste. Det er vanskeleg å tenkje seg eit velfungerande samfunn utan rettsreglar. Retten slår fast korleis borgarane skal opptre i ulike samanhengar, og dette heng nært saman med politikk og moral. Her er juristane viktige aktørar. Oppgåva deira er å ta avgjerder i rettslege spørsmål med grunnlag i gjeldande reglar, og å gi opplysningar og råd. Men samfunnet er i stadig utvikling, og rettssystemet står heller ikkje i ro. Gjennom lovarbeid gir juristane viktige tilskot til samfunnsutviklinga.

Krav til forkunnskapar

Gode norskkunnskapar er ein fordel, då du som jusstudent heile tida brukar det norske språket aktivt.

Tilrådde forkunnskaper

Gode norskkunnskapar er ein fordel, då du som jusstudent heile tida brukar det norske språket aktivt.

Undervisning

Profesjonsstudiet i rettsvitskap byggjer på ein kursmodell.

Dette inneber at alle studentane i utgangspunktet tek dei same faga/kursa i same rekkjefølgje, slik desse blir gjennomførte i det enkelte studieåret. På denne måten byggjer det eine faget på det andre, og det blir jamn progresjon gjennom heile studiet. Prøvinga av studentane skjer på kvart enkelt fag eller kurs. For å få godkjent lukka kurs, må du som hovedregel ha oppfylt krava i studieplanen om å vera til stades på samlingar, levera oppgåver, med meir.