Emner: JUR640 Planrett - Høst 2013




Studiepoeng

15.0

Undervisningssemester

Undervisninga startar i vårsemesteret og fortsett i haustsemesteret.

Mål og innhald

Rettsdisiplinen planrett (JUR 640) gjeld dei viktigaste privatrettslege og offentleg rettslege reglane om forvaltning av areal og ressursar, med hovudvekt på forvaltningslova og plan- og bygningslova. Det blir gitt ei innføring i dei grunnleggjande reglane om fast eigedom, og grenser for fast eigedom.

Plan- og bygningslova er den sektorovergripande lova for all arealforvaltning. Sentrale emne i kurset er reglane om kva for offentlege organ som har kompetanse til å forvalte arealet (personell kompetanse), framgangsmåten ved handsaming av plansaker og einskildvedtak (prosessuell kompetanse) og i kor stor grad kommunen har kompetanse til å planleggje til bruk og vern av fast eigedom og sjøareal i medhald av denne lova (materiell kompetanse). Vi ser her nærare på kva som kan vere innhaldet i ein kommuneplan, reguleringsplan, føresegner og einskildvedtak.

I kurset vert det gjort nokre djupdykk i praktiske og viktige emne. Sentrale emne i kurset er byggjeforbodet i strandsona, dispensasjon og ulovleg bygging. Vidare er utbyggingsavtalar, innløysing og ekspropriasjon, ein del av dette faget. Eit viktig tema er også i kor stor grad kommunen har kompetanse og plikt til å leggje vekt på privatrettslege tilhøve ved arealplanlegging.

Læringsutbyte

KUNNSKAP

Studenten har kunnskap og forståing for dei viktigaste rettsreglane om forvaltning av areal og ressursar. Studenten har kunnskap både om korleis planar lovleg kjem til, og korleis planar kan vere styrande for samfunnsutvikling og utnytting av private rettar. Dette inneber kunnskap om:

Vidare skal studenten ha djupare forståing for planjuss, slik at vedkomande er i stand til å løyse problemstillingar knytt til:

FERDIGHEIT (DUGLEIK)

Studenten kan bruke juridisk metode og lovfeste og ulovfeste reglar for å lage sjølvstendige drøftingar. Dette inneber:

Karakterskala

Gradert skala med 5 trinn fra A til E for bestått og F for ikke bestått, jfr. Studieplan for masterstudiet I rettsvitenskap ved UiB § 3-1 nr 2 første punktum.

Vurderingssemester

Haust

Kontaktinformasjon

Dette er et etter- og videreutdanningsemne som administreres av Kontor for etter- og videreutdanning i samarbeid med Det juridiske fakultet.

Undervisningsmetodar

Førelesingar og gruppearbeid

Vurdering / eksamensformer

Skuleeksamen

Tillatt hjelpemiddel på eksamen:

Lovsamling