Emner: JUS121 Norske og internasjonale rettslige institusjoner - Vår 2013




Studiepoeng

17.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Undervisninga tar til i slutten av haustsemesteret, hovudtyngda av kurset går i vårsemesteret

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet, Bergen

Læringsutbyte

Kurset handlar om dei viktigaste rettslege institusjonane, nasjonalt og internasjonalt. Når kurset er gjennomført skal studentane kunna gjera greie for det dynamiske samspelet mellom statsmaktene og mellom nasjonal og internasjonal rett og korleis dette verkar inn på utforminga av og tolkinga av retten. Ein skal også kunna reflektera over samspelet mellom makt, politikk og rett.

 

Studentane skal både i skriftleg og munnleg form kunna drøfta teoretiske og praktiske rettsspørsmål innanfor føljande emneområde:

 

1) Eit hovudemne er dei grunnleggjande norske rettsreglane om staten og dei sentrale statsmaktene.

Når kurset er gjennomført skal studentane kunna gjera greie for forholdet mellom statsmaktene og dei konstitusjonelle prinsippa som regulerer dette, særleg parlamentarismen. På denne bakgrunnen skal ein kunna gjera greie for rettskjeldene i statsforfatningsretten og bruka desse på ein metodisk medviten måte.

Studentane skal særleg kunna gjera greie for og ta stilling til rettsspørsmål som gjeld:

 

2) Eit anna hovudemne er reglane i folkeretten om forholdet mellom statar og om mellomstatlege organisasjonar.

Når kurset er gjennomført skal studentane kunna gjera greie for og gjera bruk av dei viktigaste rettskjeldene i folkeretten. Studentane skal også kunna gjera greie for hovudprinsippa for folkeretten si stilling i norsk rett, og kunna bruka desse i rettsleg problemløysing.

Studentane skal særleg kunna gjera greie for og ta stilling til rettsspørsmål som gjeld:

 

3) Eit tredje hovudemne er dei rettslege institusjonane og regeldanninga innanfor den europeiske unionen (EU) og det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS).

Når kurset er gjennomført skal studentane kunna gjera greie for det folkerettslege grunnlaget for EU-samarbeidet og dei sentrale EU-institusjonane sine oppgåver og kompetanse. Dei skal også kunna gjera greie for lovgivingsprosessene innanfor EU.

Studentane skal vidare kunna gjera greie for hovudtrekka ved EØS-avtalen og institusjonane innanfor EØS-samarbeidet. Dei skal også kunna gjera greie for lovgivingsprosessen innanfor EØS, fram til EU-reglar vert ein del av norsk rett, og visa kjennskap til overvakingssystemet innanfor EØS.

Krav til studierett

MAJUR

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesningar og grupper

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1. Gruppemøter, oppgåveskriving og kommentering er obligatorisk. Utrekninga av deltakinga blir gjort som fastsett i "Retningslinjer for utregning av obligatorisk deltakelse".

2. For alle skriftlege arbeid som skal reknas med i obligatoriske arbeidskrav, gjeld at heile oppgåva skal svarast på og må fylle dei kvalitative og kvantitative minstekrava som er fastsett i «Krav til skriftlige arbeider på masterstudiet i rettsvitenskap».

3. I løpet av kurset skal ei obligatorisk oppgåve besvarast og leverast inn. Tidsramma vert angitt i kurset. Oppgåva må vere godkjend før studenten kan avleggje avsluttande eksamen i emnet.

4. Kvar student skal på eit storgruppemøte delta med ein munnleg presentasjon av ei oppgåve (vanlegvis gruppearbeid). Dette er ein føresetnad for å kunna gå opp til den avsluttande prøven.

5. Underkjende element i dei obligatoriske arbeidskrava kan ikkje gjentakast før ved neste kurs.

6. Kursgodkjenning vert ikkje forelda.

Vurderingsformer

Etter kurset skal studentane avleggje ein 4 timars skuleeksamen.

 

Eksamensspråk

Oppgaven: Norsk

Besvarelsen: Norsk/skandinavisk/engelsk

 

Tillatne hjelpemiddel til eksamen

Sjå § 3-5 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen: http://www.uib.no/jur/utdanning/reglement-og-prosedyrer/reglement-i-utdanningssaker-ved-det-juridiske-fakultet/utfyllende-regler-for-studier-ved-det-juridiske-fakultet-universitetet-i-bergen

NB! På denne eksamenen kan ein i tillegg ha ei (ekstra) engelsk/norsk-norsk/engelsk ordbok (eitt bind)

 

Særreglar om ordbøker

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A til E for bestått og F for ikkje bestått

Litteraturliste

Emneevaluering

I henhold til retningsliner for evaluering av emne ved Det juridiske fakultet. 

Kontaktinformasjon

Kursansvarlig: førsteamanuensis Christian Franklin

Administrativt ansvarlig: førstekonsulent Anne Torekoven: Anne.Torekoven@jurfa.uib.no