Emner: JUS134 Rettshistorie og komparativ rett - Vår 2013




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet, Bergen

Mål og innhald

I JUS134 Rettshistorie og komparativ rett skal studentane

(1) få kunnskap om kva ein rettskultur er, og korleis den vert forma og omdanna gjennom møte med rettskulturelt gods frå andre rettskulturar. Det vil vera ein særleg fokus på dei 6 rettskulturelle komponentane konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering. Deretter skal studentane

(2) få kunnskap om det historiske grunnlaget for den norske rettskulturen gjennom å studera norsk rettshistorie i eit europeisk perspektiv. Igjen vil dei 6 rettskulturelle komponentane stå i sentrum Deretter skal studentane

(3) få kunnskap om den engelske, amerikanske, tyske og franske rettskulturen når det særleg gjeld særleg dei 6 rettskulturelle komponentane.

 

Kunnskap om konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering skal studentane tileigna seg gjennom følgjande spesifikke tema handsama i pensumlitteraturen:

 

(1) Rettskultur

 

(2) Den norske rettskulturen si historie i eit europeisk perspektiv

 

(3) Komparativ rett - den engelske, amerikanske, franske og tyske rettskulturen

Læringsutbyte

Føremålet med JUS134 Rettshistorie og komparativ rett å

(I) verta i stand til å analysera, forklara og diskutera korleis ein rettskultur er sett saman av dei rettskulturelle faktorane konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering. Vidare å

(II) verta i stand til å analysera, forklara og diskutera karakteren av desse rettskulturelle faktorane i den norske, engelske, amerikanske, franske og tyske rettskulturen. Og

(III) å kunna analysera, forklara og diskutera både historiske og no pågåande endringar i desse rettskulturelle faktorane, og relatera desse endringane til retten sine ulike nivå. 

Krav til studierett

MAJUR

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og grupper

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1. Gruppemøte, oppgåveskriving og kommentering er obligatorisk. Utrekninga av deltakinga blir gjort som fastsett i "Retningslinjer for utregning av obligatorisk deltakelse".

2. Underkjende element i dei obligatoriske arbeidskrava kan ikkje tas om att før ved neste kurs.

3. Kursgodkjenning eldast ikkje.

 

Kvar student skal i løpet av JUS134: Rettshistorie og komparativ rett levera 3 obligatoriske arbeidsgruppeoppgåver til godkjenning. Følgjande krav må vera innfridd for at oppgåvene skal verta godkjent:

 

Kvar student skal i løpet av JUS134: Rettshistorie og komparativ rett kommentera 2 x 3 arbeidsgruppeoppgåver skrivne av andre medlemmar av arbeidsgruppa. Følgjande krav må vera innfridd for at kommenteringa skal verta godkjent:

 

Dersom storgruppeleiar er i tvil om krava til arbeidsgruppeoppgåve eller kommentarar er oppfylt, skal vedkomande oversenda materialet til den fagansvarlege som skal treffa skriftleg grunngjeve vedtak. Den aktuelle student vil deretter verta kontakta av den administrativt ansvarlege for 3. studieåret før neste storgruppesamling, som opplyser om vedtaket. Det skriftlege vedtaket skal deretter tilgjengeleg for studenten ved personleg overlevering, som vedlegg til skjermbrev, eller ved postsending.

Vurderingsformer

Etter kurset vert det avlagt ein heimeeksamen. Oppgåvene skal leverast elektronisk via Kark. Ordgrensa er sett til 5000 ord.

Karakterskala

Ved sensur av emnet benyttes karakterskalaen A til E for bestått og F for ikke bestått

Litteraturliste

Emneevaluering

I henhold til retningslinjer for evaluering av emner ved Det juridiske fakultet.

Kontaktinformasjon

Kursansvarlig: professor Jørn Øyrehagen Sunde

Administrativt ansvarlig: førstekonsulent Nina B. Strandbakken (Nina.Berstad@jurfa.uib.no)