Målet med kurset er å gi studentane kunnskap om dei viktigaste rettsreglane om forvaltning av areal og ressursar, og dermed setje studentane i stand til å nytte rettslege prinsipp og lover som gjeld areal og miljøspørsmål. Den sentrale lova i dette kurset er plan- og bygningslova, men studentane skal også ha kunnskapar om samspelet mellom plan- og bygningslova og forvaltningslova, og kunnskap om sentrale arealspørsmål i m.a. naturmangfoldlov, kulturminnelov, ureningslov, hamnelov og akvakturlov.
Plan- og bygningslova er den sektorovergripande lova for all arealforvaltning. I dette faget ser vi nærare på innhaldet i ein kommuneplan, reguleringsplan, føresegner og einskildvedtak. Sentrale tema er vidare reglar om arealforvaltning i strandsona, dispensasjon og ulovleg bygging. Det blir også gjort greie for reglane om utbyggingsavtalar, innløysing og ekspropriasjon. Eit tema som blir teke opp er òg i kor stor grad kommunen har kompetanse, og eventuelt plikt, til å gjere vurderingar av privatrettslege tilhøve ved arealplanlegging. Tema i denne samanhengen er m.a. tilhøvet mellom offentleg arealplanlegging, deling og avtalebaserte eigedomsgrenser og arealplanlegging og negative servituttar.
Etter å ha gjennomført kurset skal studenten ha grunnleggjande forståing av planprosessar og verknaden av arealplanlegging, og samspelet mellom dei offentlege lovene og samspelet mellom offentleg rett og privat rett i høve til forvaltning av areal. Studentane skal vere i stand til å løyse problemstillingar i tilknyting til:
- reglane om kommunen sin kompetanse og plikt til å ta omsyn til private rettar ved arealplanlegging og einskildvedtak
Tre års universitets- eller høgskuleutdanning
Tre års jusstudie eller landmålarutdanning
Førelesingar
Skuleeksamen
Hjelpemidler til eksamen:
- Se § 3-5 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.
Særregler om ordbøker:
For øvrig informasjon om hjelpemidler, se de respektive emnesidene og "Utfyllende regler", § 3-5 Hjelpemidler til eksamen: http://www.uib.no/jur/utdanning/reglement-og-prosedyrer/reglement-i-utdanningssaker-ved-det-juridiske-fakultet/utfyllende-regler-for-studier-ved-det-juridiske-fakultet-universitetet-i-bergen
I tråd med regningslinjer for evaluering av emner ved Det juridiske fakultet.
Kursansvarleg: Førsteamanuensis Ingunn Elise Myklebust
Administrativt ansvarlig: Førstekonsulent Sigrid Haugros