Det juridiske fakultet, Bergen
Rettsdisiplinen tingsrett gjeld råderetten over fysiske ting, det vil seia fast eigedom og lausøyre, i kraft av eigedomsrett og avgrensa rettar til fysiske ting (fast eigedom og lausøyre). Råderetten over fysiske ting kan vera avgrensa av offentlegrettslege reglar og reglar som avgrensar eigaren sin råderett, særleg i høve til granneeigedom. Miljørettslege prinsipp som prinsippet om berekraftig utvikling eller om bruk av best mogeleg teknologi, vil også kunne påverka innhaldet i private rettar til ting. Eigedomsretten til fysiske ting omfattar all utnytting som ikkje er i strid med lovgjevinga eller med ulovfesta reglar eller rettsprinsipp, eller kolliderer med serlege rettar som andre enn eigaren har til tingen. Det rådveldet eigedomsretten gjev, kan vera delt mellom fleire rettshavarar, ved at nokon har bruksrett eller ein særleg råderett (servitutt) til ein eigedom som tilhøyrer andre. Rettshøvet mellom rettshavaren og eigaren i slike tilhøve er eit sentralt spørsmål i faget. Det same gjeldt tilfelle der eigedomsretten er delt mellom fleire personar som dermed er sameigarar til tingen. Sameigarane sine rettar overfor kvarandre er også ein viktig del av faget.
Rettar til ting kan ervervast på ulike måtar og enkelte stiftingsmåtar eller rettsgrunnlag for rettar til ting, må takast opp i tingsretten. Stifting av rettar til ting ved kontrakt blir ikkje teke opp så langt det gjeld spørsmålet om når partane får plikter overfor kvarandre og sjølve oppfyllinga av kontrakten. Dei meir særskilte stiftingsmåtane for rettar til ting som hevd eller alders tids bruk, okkupasjon, produksjon eller samanblanding av ting er det derimot mest naturleg å ta opp i tingsretten. Det same gjeld jordskifte eller lokale sedvaner som rettsgrunnlag.
Faget tingsrett på 2. studieår omfattar dei mest sentrale privatrettslege reglane om retten til tinga. Ein tek opp reglane om avgrensing og identifisering av ting som rettsobjekt, herunder grensene for fast eigedom mot område som ikkje er underlagt privat eigedomsrett og mot andre faste eigedomar, hovudpunkta i reglane om registrering av fast eigedom og lausøyre, eigedomsrettsomgrepet, reglane om sameige og om serlege råderettar til ting (servituttar), sameige og grannerettslege reglar.
Etter å ha gjennomført kurset skal studenten:
Kunna gjennomføra praktiske og teoretiske drøftingar knytt til
- reglane som gjeld avgrensing og identifisering av ting og grenser for fast eigedom mot andre eigedommar og mot område som ikkje er underlagt privat eigedomsrett. (T.d. sjøområde, eigarlaust midtstykke i innsjøar og undergrunnen.)
- reglane som gjeld innhaldet i eigedomsretten til ting. På same vis skal studentane kunna drøfta innhaldet i serlege råderettar (servituttar) til fast eigedom og tilhøve mellom sameigarar til fast eigedom og lausøyre, samt tilhøvet mellom personar med ulike rettar til ting.
- reglane som gjeld grenser for eigarrådvelde i høve til granneeigedom og ansvar for skade som vert valda ved verksemd, handling eller tilstand på ein eigedom.
- reglane som gjeld stifting av rettar til ting ved hevd eller alder tids bruk.
- reglane som gjeld allemannsrett til fast eigedom.
- miljørettslege prinsipp og Grunnlova § 110b
Kunna gjera greie for og analysera tilhøvet til offentleg rettslege reglar som påverkar eigedomsretten,
Kunna nytta hevdvunnen juridisk metode for å analysera tingsrettslege problemstillingar, og gjennom slike drøftingar syna fullgod materiell kompetanse.
1. Gruppemøte, oppgåveskriving og kommentering er obligatorisk. Utrekninga av deltakinga blir gjort som fastsett i "Retningslinjer for utregning av obligatorisk deltakelse".
2. For alle skriftlege arbeid som skal reknas med i obligatoriske arbeidskrav, gjeld at heile oppgåva skal svarast på og må fylle dei kvalitative og kvantitative minstekrava som er fastsett i «Krav til skriftlige arbeider på masterstudiet i rettsvitenskap».
3. I løpet av kurset skal ei obligatorisk oppgåve svarast på og leverast inn. Tidsramma vert gjort kjend i kurset. Oppgåvesvaret skal være innanfor ei på førehand fastsett ordgrense, og den må være godkjend før studenten kan avlegge avsluttande eksamen.
4. Underkjende element i dei obligatoriske arbeidskrava kan ikkje tas om att før ved neste kurs.
5. Kursgodkjenning vert ikkje forelda.
Etter kurset avlegges 4 timers skoleeksamen.
Eksamensspråk
Oppgaven: Norsk
Besvarelsen: Norsk/skandinavisk/engelsk
Tillatte hjelpemidler til eksamen
- Se § 3-5 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen: http://www.uib.no/jur/utdanning/reglement-og-prosedyrer/reglement-i-utdanningssaker-ved-det-juridiske-fakultet/utfyllende-regler-for-studier-ved-det-juridiske-fakultet-universitetet-i-bergen
Særregler om ordbøker
I henhold til retningslinjer for evaluering av emner ved Det juridiske fakultet.
Kursansvarlig: Førsteamanuensis Ingunn Elise Myklebust
Administrativt ansvarlig: Førstekonsulent Anne Torekoven: Anne.Torekoven@jurfa.uib.no