Emner: JUS124 Tingsrett - Vår 2013




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet, Bergen

Mål og innhald

Rettsdisiplinen tingsrett gjeld råderetten over fysiske ting, det vil seia fast eigedom og lausøyre, i kraft av eigedomsrett og avgrensa rettar til fysiske ting (fast eigedom og lausøyre). Råderetten over fysiske ting kan vera avgrensa av offentlegrettslege reglar og reglar som avgrensar eigaren sin råderett, særleg i høve til granneeigedom. Miljørettslege prinsipp som prinsippet om berekraftig utvikling eller om bruk av best mogeleg teknologi, vil også kunne påverka innhaldet i private rettar til ting. Eigedomsretten til fysiske ting omfattar all utnytting som ikkje er i strid med lovgjevinga eller med ulovfesta reglar eller rettsprinsipp, eller kolliderer med særlege rettar som andre enn eigaren har til tingen.

 

Det rådveldet eigedomsretten gjev, kan vera delt mellom fleire rettshavarar, ved at nokon har bruksrett eller ein særleg råderett (servitutt) til ein eigedom som tilhøyrer andre. Rettshøvet mellom rettshavaren og eigaren i slike tilhøve er eit sentralt spørsmål i faget. Det same gjeldt tilfelle der eigedomsretten er delt mellom fleire personar som dermed er sameigarar til tingen. Sameigarane sine rettar overfor kvarandre er også ein viktig del av faget.

 

Rettar til ting kan ervervast på ulike måtar og enkelte stiftingsmåtar eller rettsgrunnlag for rettar til ting, må takast opp i tingsretten. Stifting av rettar til ting ved kontrakt blir ikkje teke opp så langt det gjeld spørsmålet om når partane får plikter overfor kvarandre og sjølve oppfyllinga av kontrakten. Dei meir særskilte stiftingsmåtane for rettar til ting som hevd eller alders tids bruk, okkupasjon, produksjon eller samanblanding av ting er det derimot mest naturleg å ta opp i tingsretten. Det same gjeld jordskifte eller lokale sedvaner som rettsgrunnlag.

 

Faget tingsrett på 2. studieår omfattar dei mest sentrale privatrettslege reglane om retten til tinga. Ein tek opp reglane om avgrensing og identifisering av ting som rettsobjekt, herunder grensene for fast eigedom mot område som ikkje er underlagt privat eigedomsrett og mot andre faste eigedomar, hovudpunkta i reglane om registrering av fast eigedom og lausøyre, eigedomsrettsomgrepet, reglane om sameige og om serlege råderettar til ting (servituttar), sameige og grannerettslege reglar.

 

Læringsutbyte

Etter å ha gjennomført kurset skal studenten kunna

 

 

Krav til studierett

MAJUR

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og grupper

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1. Gruppemøte, oppgåveskriving og kommentering er obligatorisk. Utrekninga av deltakinga blir gjort som fastsett i "Retningslinjer for utregning av obligatorisk deltakelse".

2. For alle skriftlege arbeid som skal reknas med i obligatoriske arbeidskrav, gjeld at heile oppgåva skal svarast på og må fylle dei kvalitative og kvantitative minstekrava som er fastsett i «Krav til skriftlige arbeider på masterstudiet i rettsvitenskap».

3. I løpet av kurset skal ei obligatorisk oppgåve svarast på og leverast inn. Tidsramma vert gjort kjend i kurset. Oppgåvesvaret skal være innanfor ei på førehand fastsett ordgrense, og den må være godkjend før studenten kan avlegge avsluttande eksamen.

4. Underkjende element i dei obligatoriske arbeidskrava kan ikkje tas om att før ved neste kurs.

5. Kursgodkjenning vert ikkje forelda.

 

Vurderingsformer

Etter kurset avlegges 4 timers skoleeksamen.

 

Eksamensspråk

Oppgaven: Norsk

Besvarelsen: Norsk/skandinavisk/engelsk

 

Tillatte hjelpemidler til eksamen

- Se § 3-5 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen: http://www.uib.no/jur/utdanning/reglement-og-prosedyrer/reglement-i-utdanningssaker-ved-det-juridiske-fakultet/utfyllende-regler-for-studier-ved-det-juridiske-fakultet-universitetet-i-bergen

 

Særregler om ordbøker

Karakterskala

Ved sensur av emnet benyttes karakterskalaen A til E for bestått og F for ikke bestått.

Litteraturliste

Emneevaluering

I henhold til retningslinjer for evaluering av emner ved Det juridiske fakultet.

Kontaktinformasjon

Kursansvarlig: førsteamanuensis Ingunn Elise Myklebust

Administrativt ansvarlig: førstekonsulent Anne Torekoven: Anne.Torekoven@jurfa.uib.no