Studieprogram: MAJUR Integrert masterprogram i rettsvitenskap - Høst 2014
Namn på grad
Master i rettsvitskap. Graden gir rett til tilsvarande tittel. Vitnemål vert utferda når graden er oppnådd. Det er eit vilkår for tildeling av graden at kandidaten gir følgjande løfte (kandidatløftet):
"Aldrig vidende at ville vige fra Ret og Retfærdighed, mindre raade nogen til ufornødne Processer eller i andre Maader med sine Raad befordre nogen uretvis Sag eller Intention."
Omfang og studiepoeng
300 studiepoeng. Normert studietid er fem år.
Undervisningsspråk
Norsk. Enkeltemne kan ha undervisning på eit skandinavisk språk eller engelsk.
Studiestart - semester
Kvar haust.
Mål og innhald
Masterstudiet i rettvitskap ved Universitetet i Bergen er på til saman 300 studiepoeng (fem årseiningar). I dette inngår examen philosophicum med 10 studiepoeng og examen facultatum med 10 studiepoeng, spesialemne på til saman 30 studiepoeng, og eit sjølvstendig skriftleg arbeid på normalt 30 studiepoeng (masteroppgåve). Etter søknad kan masteroppgåva vere på 60 studiepoeng.
Oppbygging:Studiet byggjer på problembasert læring. Dei to første åra er studentane delte inn i arbeidsgrupper leia av ein vidarekomen student, som møtast kvar veke for å løyse ei gitt oppgåve. På tredje året er gruppene frivillige og sjølvstyrte. Kvar enkelt student skal skrive eit sjølvstendig svar som dei får tilbakemeldingar på. Det er krav om å kommentere medstudentane sine oppgåvesvar. På fjerde eller femte studieåret kan ein velje emne etter eigne interesser. Ein skal også skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling. I løpet av denne perioden har ein høve til å reise på studieopphald i utlandet.Det første semesteret går ex.phil. og ex.fac. parallelt fram til oktober/november. Vi gjer merksam på at studentar som har examen philosophicum og examen facultatum frå før, får berre 10 studiepoeng i haustsemesteret. Emnet i forvaltingsrett I byrjar i månadsskiftet oktober/november og endar med eksamen i januar.
Læringsutbyte
KUNNSKAPER:
Kandidatene har kunnskaper om grunnleggende regler og sammenhenger innen alle fagområder som omfattes av studiet, og spesialisert kunnskap innen fagområder som dekkes av masteroppgaven.
Dette innebærer at kandidatene har kunnskaper om og forståelse av
- nasjonal og internasjonal rett
- hvordan nasjonal rett påvirkes av internasjonale rettssystemer som EU-retten, EØS-retten, internasjonale menneskerettigheter og annen folkerett
- hvordan juridisk argumentasjon varierer på ulike rettsområder
- sentrale problemstillinger og debatter i det juridiske miljøet, både i det praktiske rettsliv og innen rettsvitenskapen, nasjonalt og internasjonalt
FERDIGHETER:
Kandidatene kan anvende juridisk metode til selvstendig å analysere, drøfte og ta standpunkt til juridiske problemstillinger. Dette innebærer
- å innhente og systematisere rettslig relevant materiale, og på grunnlag av dette identifisere juridiske problemstillinger og sammenhenger
- å foreta en selvstendig analyse av juridiske problemstillinger på en grundig, helhetlig, kritisk og balansert måte
- å resonnere seg frem til et faglig forsvarlig standpunkt gjennom avklaring av spenninger mellom ulike typer gyldige argumenter og mellom underliggende rettslige og samfunnsmessige verdier
Kandidatene kan formidle og evaluere juridiske analyser og standpunkt gjennom
- systematisk å utarbeide selvstendige skriftlige analyser innenfor ulike rettsområder
- å kommentere og evaluere andre studenters juridiske analyser og selv motta og gjøre bruk av slike kommentarer
- å arbeide med andre i grupper for å analysere juridiske problemstillinger
GENERELL KOMPETANSE:
Gjennom studieprogrammet oppnår kandidatene generelt anvendbar kompetanse knyttet til å
- tilegne seg ny kunnskap på sitt fagfelt og innen tilgrensende fag, og løse juridiske problemstillinger også utenfor de rettsområdene som er del av rettsstudiet
- systematisere og avveie argumentasjon, rådgi og treffe avgjørelser
- identifisere og ta konsekvenser av etiske og profesjonsetiske aspekter ved juridisk argumentasjon og standpunkt
- formidle juridiske analyser og konklusjoner, samt profesjonsetiske vurderinger, til andre jurister og til allmennheten, skriftlig og muntlig
- presentere og argumentere for egne vurderinger og konklusjoner for større og mindre grupper av tilhørere
- arbeide selvstendig og i grupper
Opptakskrav
Opptak til studiet skjer via Samordna opptak. Jf. forskrift om opptak til høyere utdanning. Det er krav om generell studiekompetanse eller tilsvarande. Studiet er adgangsregulert.
Tilrådde forkunnskapar
Gode norskkunnskapar.
Innføringsemne
Examen philosophicum og examen facultatum må være greidd før ein begynner på andre studieår.
Obligatoriske emne
Til saman 270 studiepoeng obligatoriske emne inngår i programmet. Dei resterande 30 studiepoenga vert valde blant nærare angitte spesialemne.
Første studieår:
- Examen philosophicum
- EXFAC / Juridisk forprøve
- JUS111 / Forvaltningsrett I
- JUS112 / Arve- og familierett
- JUS113 / Kontraktsrett I
- JUS114 / Juridisk metode
Andre studieår:
- JUS121 / Norske og internasjonale rettslege institusjonar
- JUS122 / Skadebot
- JUS123 / Forvaltingsrett II
- JUS124 / Tingsrett
Tredje studieår:
- JUS131 / Kontraktsrett II
- JUS132 / Pengekravsrett
- JUS133 / Rettskjelde- og metodelære
- JUS134 / Rettshistorie og komparativ rett
- JUS135 / Rettsstat og menneskerettar
Fjerde studieår:
- JUS241 / Strafferett
- JUS242 / Rettargang
- JUS243 / Allmenn formuerett
Femte studieår:
- JUS399/JUS398 Mastergradsoppgåve
- JUSETIKK / Kurs i etikk for jusstudentar
Kurs i etikk for jusstudentar er tilrådd i løpet av fjerde eller femte studieår. Gjennomført eller manglande deltaking vert ført på vitnemålet.
Tilrådde valemne
Spesialemner på femte studieår
I mastergraden i rettsvitskap skal det som hovudregel inngå 30 sp spesialemne.
Tilgjengelege spesialemne finn du under fanen «Studieløp» på http://www.uib.no/studieprogram/MAJUR#oppbygning.
Delstudium i utlandet eller spesialemne frå andre norske juridiske fakultet kan inngå i form av godskriving av spesialemne, jf. § 5-9 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.
Det som er bestemt om spesialemne gjeld ikkje for studentar som etter søknad har fått løyve til å skriva stor masteroppgåve (tilsvarande 60 studiepoeng).
Rekkefølgje for emne i studiet
- Emne på første studieår (JUS111, JUS112, JUS113 og JUS114) må vere greidd før ein begynner på andre studieår.
- Emne på andre studieår (JUS121, JUS122, JUS123, JUS124) må vere greidd før ein begynner på tredje studieår.
- Emne på tredje studieår (JUS131, JUS132, JUS133, JUS134, JUS135) må vere greidd før ein begynner på fjerde eller femte studieår.
Rekkefølgja for emna i studiet går fram av utdanningsplanen for den enkelte studenten.
Etter tredje studieår kan studentane velje å ta masteroppgåve og spesialemne eller tilsvarande, før emna på fjerde studieår.
Krav til progresjon i studiet
- Emna i studiet er obligatoriske om ikkje anna er fastsett i studieplanen. Dei skal takast i den rekkefølgja som er fastsett i studieplanen. Fakultetet kan gjere unntak frå dette i individuell utdanningsplan.
- Ved undervisning og prøving på det enkelte emnet vert det føresett kunnskap frå tidlegare emne i utdanningsplanen.
Studiestader
Bergen
Delstudium i utlandet
Det finst mange alternativ for deg som ønsker å studere eit semester eller to ved eit universitet i utlandet. Du kan reise på utveksling etter å ha fullført tredje eller fjerde studieår. I løpet av studieopphaldet kan du ta valfrie juridiske emne eller skrive masteroppgåve.
Vi har valt ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for våre studentar. Meir enn 1/3 av studentane ved jusstudiet reiser på utveksling.
Kva med å studere sjørett i Southampton, konfliktløysing i USA, EU-rett i Brussel, menneskerettar i Lancaster, miljørett i Auckland eller kinesisk rett i Beijing? Du kan velje mellom rundt 100 universitet i heile Europa og dessutan i Kina, Russland, Sør-Afrika, Australia, New Zealand og USA.
Undervisningsmetodar
- Det skal vedtakast kjernelitteratur for kvar emne. Det kan i tillegg vedtakast innføringslitteratur og tilleggslitteratur.
- Kjernelitteraturen skal som regel ikkje overstige 30 tekstsider pr. studiepoeng på 1. ¿ 4. studieår og 40 sider på 5. studieår.
- Undervisninga er basert på problembasert læring (PBL).
- Førelesingar vert som hovudregel tilbodne i alle emne.
- Arbeidsgrupper under leiing av ein vidarekommen student vert haldne i alle emne på første og andre studieår. Arbeidsgruppene konsentrerer seg om oppgåveløysing. Det er krav til førebuing og aktiv deltaking, svar på oppgåver og kommentering av oppgåver skrivne av medstudentar.
- På tredje studieår vert studentane plasserte i virtuelle grupper der ein skriv oppgåvesvar og kommenterer kvarandre sine oppgåver. Det vert i tillegg tilrettelagt for frivillige og sjølvstyrte arbeidsgrupper.
- Storgrupper under leiing av ein lærar vert haldne i alle emne i dei tre første studieåra. Ei storgruppe består av tre arbeidsgrupper. Det er krav til førebuing og aktiv deltaking.
- Seminarundervisning vert tilbode på fjerde studieår. Det er krav til førebuing og aktiv deltaking.
- Undervisningsformen i spesialemna på femte studieår varierer. Sjå kvar enkel emneskildring.
- Obligatorisk rettleiiing for masteroppgåva.Omfang av rettleiingaStudentane har rett og plikt til rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Det vert gitt 10 timars rettleiing per student. Studentar som etter søknad har fått løyve til å skrive masteroppgåve på 60 studiepoeng, får 20 timars rettleiing. Timetalet omfattar den tida rettleiaren bruker til lesing av utkast, til utarbeiding av kommentarar og til samtale med studenten. Rettleiinga skal avgrensast til eitt semester, med mindre noko anna er særskilt avtalt, eller det er særlege grunnar til at arbeidet med masteroppgåva har teke lengre tid. For studentar som etter søknad har fått løyve til å skrive masteroppgåve på 60 studiepoeng, skal rettleiinga, med dei same atterhalda, avgrensast til to semester.FormRettleiinga kan gjevast individuelt eller i grupper. Dersom rettleiinga blir gjeven i gruppe, skal det i tillegg vere noko individuell rettleiing.RettleiingsskjemaDet skal førast eit skjema for rettleiinga som er gjeven. Dersom det er gjeve rettleiing frå andre enn den som fakultetet har oppnemnt som rettleiar, skal det gjerast greie for dette i skjemaet.ArbeidsplanStudent og rettleiar skal fastsetje ein arbeidsplan i første møte.Endringar i rettleiingstilhøvetEin student som meiner at rettleiinga eller rettleiingssituasjonen ikkje er tilfredsstillande, skal gi melding om dette til fakultetet og eventuelt få oppnemnt ny rettleiar dersom det er grunn til det. Meiner rettleiaren at studenten ikkje oppfyller pliktene sine på tilfredsstillande vis, skal fakultetet ha melding om dette, og endring eller avslutting av rettleiingstilhøvet skal vurderast.
4. Undervisningsformene i kvart enkelt emne går fram av emneskildringa.
5. Obligatorisk undervisning: Det gjeld obligatoriske arbeidskrav, under dette obligatorisk frammøte m.m. Dette er nærare regulert i "Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen".
Vurderingsformer
- Hovudregelen er at emna vert avslutta med 4 timars skuleeksamen. Vurderingsforma og lengda går fram av emneskildringane
- Eksamen vert halden kort tid etter at emnet er avslutta.
- Spesialemne kan ha andre ordningar; sjå emneskildringane.
- Oppgåvene som vert gjevne til eksamen kan omfatte læringskrav også frå tidlegare emne.
Karakterskala
- Karakterskalaen er A ¿ E for Greidd (Bestått) og F for Ikkje Greidd (Ikkje bestått). Fakultetsstyret kan vedta at karakteren skal vere Greidd/Ikkje Greidd for eitt eller fleire bestemte emne. Sjå emneskildringane.
- Vurderinga av prestasjonane skal skje ut frå innhaldet i det enkelt emnet, læringsmåla, krava til læringsutbytte, prøvingsforma og det studietrinnet emnet er plassert på.
- Vurderinga skal elles skje på grunnlag av Retningsliner for karaktersetjing i masterstudiet.
Grunnlag for vidare studium
Mastergraden gir grunnlag for opptak til ph.d.-utdanning. Opptak krev godkjent prosjektskildring.
Det er mogleg å oppdatere og utvide kompetansen ved å ta ytterlegare spesialemne etter avslutta grad ved å søkje særskild studierett til å ta spesialemne.
Relevans for arbeidsliv
Få utdanningar fører fram til jobb i så mange ulike bransjar som juristutdanninga. Vi finn juristar overalt i arbeidslivet og det vil alltid vere stor etterspurnad etter dei med juridisk utdanning.Medan fleire juristar går inn i næringslivet, f.eks. innan bank, forsikring, varehandel, industri eller skipsfart, jobbar andre innanfor offentleg forvalting som i NAV, Skatteetaten og Konkurransetilsynet. Departementa og politiet/påtalemakta er populære og viktige arbeidsgivarar for juristar. Andre aktuelle arbeidsplassar er mediebransjen og organisasjonslivet. Ein kan dessutan arbeide med forsking og undervisning ved universitet og høgskolar.Ein kan også bli dommar eller gå inn i advokatyrket. Det er berre juristar (advokatar) som har løyve til å drive profesjonell rettshjelp og føre saker for domstolane. For å få tittelen advokat og løyve til å arbeide som advokat, må ein ta eit obligatorisk advokatkurs. Ein må også ha to års godkjend juridisk praksis, vanlegvis som advokatfullmektig, dommarfullmektig eller politifullmektig.
Evaluering
Studiet er underlagt fleire formar for evaluering:
- Studentevaluering er etablert som fast ordning i dei fire første studieåra. Spesialemne vert evaluerte etter nærare reglar.
- Lærarevaluering vert gjort årleg på grunnlag av mellom anna studentevaluering og statistiske data frå kursa (deltakartal, gjennomføring, eksamensresultat, gjentaksprosent mv.).
- Ekstern evaluering: a) NOKUT har kontinuerleg tilsyn med kvaliteten i høgre utdanningb) Programsensorar knytt til masterprogrammet i rettsvitskap gjer evalueringar av nærare angjevne, avgrensa delar av studiet og avgjer årleg rapportc) UiB sentralt fører tilsyn med drifta via nærare fastlagde rapporteringsrutinar
All intern evaluering skal følgje dei krava som er fastsette i "Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia" ved Universitetet i Bergen.
Skikkavurdering og autorisasjon
Master i rettsvitskap gjev med visse tilleggskrav (kurs og praksis) rett til autorisasjon som advokat, 2005/36/EU. Autorisasjon vert gjeve av Tilsynsrådet for advokatvirksomhet.
Programansvarleg
Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Integrert masterprogram i rettsvitskap har ikkje eige programstyre, men vert administrert av Studieutvalet på vegner av Fakultetsstyret.
Administrativt ansvarleg
Fakultetsdirektøren v/Studieseksjonen ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. post@jurfa.uib.no
Mål og innhald
Kvar einaste dag dukkar det opp rettslege spørsmål i samfunnsdebatten. Det kan dreie seg om menneskerettar, straff, skattereglar, miljø og IT. Dette er spørsmål som engasjerer dei fleste. Det er vanskeleg å tenkje seg eit velfungerande samfunn utan rettsreglar. Retten slår fast korleis borgarane skal opptre i ulike samanhengar, og dette heng nært saman med politikk og moral. Her er juristane viktige aktørar. Oppgåva deira er å ta avgjerder i rettslege spørsmål med grunnlag i gjeldande reglar, og å gi opplysningar og råd. Men samfunnet er i stadig utvikling, og rettssystemet står heller ikkje i ro. Gjennom lovarbeid gir juristane viktige tilskot til samfunnsutviklinga.
Krav til forkunnskapar
Gode norskkunnskapar er ein fordel, då du som jusstudent heile tida brukar det norske språket aktivt.
Tilrådde forkunnskaper
Gode norskkunnskapar er ein fordel, då du som jusstudent heile tida brukar det norske språket aktivt.
Undervisning
Profesjonsstudiet i rettsvitskap byggjer på ein kursmodell.
Dette inneber at alle studentane i utgangspunktet tek dei same faga/kursa i same rekkjefølgje, slik desse blir gjennomførte i det enkelte studieåret. På denne måten byggjer det eine faget på det andre, og det blir jamn progresjon gjennom heile studiet. Prøvinga av studentane skjer på kvart enkelt fag eller kurs. For å få godkjent lukka kurs, må du som hovedregel ha oppfylt krava i studieplanen om å vera til stades på samlingar, levera oppgåver, med meir.