Emner: EXFAC Juridisk forprøve - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet, Bergen

Mål og innhald

Exfac - juridisk forprøve - er ein introduksjon til jusstudiet.

 

 

 

Læringsutbyte

 

Kandidatane har kunnskapar om og forståing av

Kandidatane oppnår dugleik og generell kompetanse til å kunne

Krav til studierett

MAJUR

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, seminargrupper, ei praktisk oppgåve i juridisk metode og tilbakemeldingar på arbeidet med ei seminaroppgåve.

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  1.  Alle elementa i obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende for at kursgjennomføringa kan godkjennast. Kursgjennomføringa må vere godkjend for at ein kan framstille seg til eksamen.
  2. Godkjenninga gjeld berre i inneverande studieår, det vil seie for første ordinære eksamen og første kontinuasjonseksamen. Dersom eksamen ikkje er greidd etter det, må heile kurset takast på nytt.
  3. Innhaldet i dei obligatoriske arbeidskrava:75 % deltaking i seminara.
  4. Skriftleg disposisjon for seminaroppgåva. Dette er eit gruppearbeid. Disposisjonen skal leverast pr. e-post til seminarleiar dersom ikkje noko anna er opplyst. Disposisjonen blir kommentert av seminarleiar.
  5. Munnleg presentasjon av tema for seminaroppgåva på seminarsamling. Dette er eit gruppearbeid.
  6. Skriftleg førsteutkast til seminaroppgåva. Dette er eit sjølvstendig, individuelt arbeid. Førsteutkastet skal leverast pr. e-post til seminarleiar dersom ikkje noko anna er opplyst. Utkastet blir kommentert av seminarleiar.
  7. Diskusjonsoppgåve: Førebu og leie ein munnleg diskusjon over eit gitt tema. Dette er eit gruppearbeid.
  8. Øvingsoppgåve: Oppgåvesvar på felles oppgåve i juridisk metode. Dette er eit sjølvstendig, individuelt arbeid. Svaret på oppgåva skal leverast i Kark dersom ikkje noko anna er opplyst. Svaret på oppgåva blir retta og kommentert av arbeidsgruppeleiarar for første studieår.

Vurderingsformer

  1. Vurderinga (eksamen) er sett saman av to element (mappevurdering):Seminaroppgåve. Dette er eit sjølvstendig, individuelt arbeid som skal leverast i Kark dersom ikkje noko anna er opplyst.
  2. Kunnskapstest. Dette er ein totimars, skriftleg, individuell skuleeksamen.
  • Begge eksamenselementa må vere greidde for at emnet skal vere greidd.
      Der begge elementa blir vurderte til Ikkje greidd ved ordinær eksamen, blir det gjeve tilgang til kontinuasjonseksamen for begge elementa.
    1. Der eitt element blir vurdert til Ikkje greidd ved ordinær eksamen, blir det gjeve tilgang til kontinuasjonseksamen for det aktuelle elementet.
    2. Der eksamen ikkje er greidd etter kontinuasjonseksamen, må heile kurset takast på nytt, sjå punkt b. under Obligatoriske arbeidskrav.
  • Karaktersystem: Greidd/ Ikkje greidd.
  • Andre reglar:

    1. Dei individuelle arbeida i arbeidskrava blir regulerte av reglane for kursoppgåver så langt dei høver.
    2. Seminaroppgåva blir regulert av reglane for heimeeksamen så langt dei høver.

     

     

    Karakterskala

    Ved sensur av emnet vert karakterskalaen greidd/ikkje greidd nytta.

     

    Emneevaluering

    I samsvar med retningsliner for evaluering av emne ved Det juridiske fakultet.

     

     

    Kontaktinformasjon

    Kursansvarleg: professor Ragna Aarli

    Administrativt ansvarleg: 1.studiear@jurfa.uib.no