Studieprogram: BAHF-FILO Bachelorprogram i filosofi - Vår 2017
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Filosofien har ein lang tradisjon og mange sentrale berøringspunkt med andre vitskapar, samstundes som den også tek opp meir allmenne spørsmål som til dømes tilhøvet mellom vitskap, teknologi og kultur, tru og viten, språket og verda, individ og samfunn, makt og legitimitet osb. Det er eit særskild kjenneteikn ved filosofi som fag at god innsikt i dets eige historie er ein sentral del av faget sjølv. Gjennom arbeid med grunnleggjande filosofiske problemstillingar like frå antikken til vår eiga tid vil studentane få forståing av filosofien sin eigenart, med tema frå både teoretisk filosofi (kunnskapsteori, metafysikk, vitskapsfilosofi med meir) og praktisk filosofi (etikk, politisk filosofi, estetikk med meir).
Studentane vil få omfattande trening i å lese og fortolke filosofiske originaltekstar. Dei får høve til å fordjupe seg i filosofiske valemne og trening i å arbeide sjølvstendig med analyse og argumentativ drøfting av grunnleggjande problemstillingar. Oppøving av skriftleg og munnleg formidling står sentralt.
Studiet blir avslutta med ei bacheloroppgåve (FIL251). Her får ein høve til å arbeide sjølvstendig og under individuell rettleiing med eit avgrensa filosofisk tema.
Bachelorstudiet i filosofi gjev grunnlag for opptak til praktisk pedagogisk utdanning (PPU) og til masterstudiet i filosofi.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Ein bachelor i filosofi skal ha
- oversikt over og innsikt i sentrale klassiske filosofiske originaltekstar frå antikken til våre dagar
- forståing for filosofien sin eigenart og for den rolla filosofihistoria spelar i filosofien
- oversikt over sentrale filosofar og problemstillingar i samtidsfilosofien
- grunnleggjande kjennskap til formal logikk
- grunnlag for kritisk handsaming av ulike skriftlege og munnlege framstillingar både av fagleg og av meir allmenn art
Dugleik:
Ein bachelor i filosofi skal kunne
- løyse ei gjeven problemstilling på ein sjølvstendig måte innan ein avgrensa periode
- raskt trekkje ut relevant stoff frå ei større mengd litteratur for å handsame gjevne oppgåver
- nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar
- lese og fortolke filosofiske originaltekstar som går utover pensum i tillegg til å kunne ta til seg i relevant sekundærlitteratur
- formidle avgrensa filosofiske problemstillingar både skriftleg og munnleg
Kompetanse:
- Bachelorstudiet i filosofi gir erfaring med kritisk analyse og drøfting av komplekse problem, ofte på høgt abstraksjonsnivå. I tillegg til å gi eit godt grunnlag for vidare studier og forsking, er dette ein kompetanse som er nyttig f.eks. i utgreingsarbeid innanfor offentleg og privat administrasjon, næringsliv og organisasjonar.
- Ein bachelorgrad med spesialisering i filosofi i kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller vidaregåande skule.
- Bachelorgraden gir grunnlag for opptak til masterstudium i filosofi.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen utover opptakskrava.
Innføringsemne
Bachelorprogrammet i filosofi inneheld inntil 20 studiepoeng med ex.phil. og ex.fac., samt emnet FIL124 - Introduksjon til praktisk filosofi:
- Examen philosophicum (Ex.phil.) - 10 studiepoeng
- Examen facultatum (Ex.fac.) - 10 studiepoeng, velg eitt av følgjande:
- Akademisk skriving
- Tekst og kultur
- Språk og kommunikasjon
- Introduksjon til praktisk filosofi - 10 studiepoeng
Fullførte innføringsemne frå andre fakultet og program ved UiB og andre utdanningsinstitusjonar med eit minimumsomfang på 20 studiepoeng inklusive examen philosophicum kan godkjennast og innpassast i fakultetet sine bachelorprogram. Introduksjon til praktisk filosofi - 10 studiepoeng må typisk takast som ein del av graden.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 10 studiepoeng med ex-phil. og 20 studiepoeng med ex.fac.
Obligatoriske emne
Spesialiseringa i filosofi har eit omfang på 90 studiepoeng (1 ½ år) og er samansett av obligatoriske emne på til saman 80 studiepoeng og valfrie emne på tilsaman 10 studiepoeng.
Dei obligatoriske emna er:
- FIL120 (Filosofihistoria frå antikken til opplysingstida - 10stp.)
- FIL121 (Filosofihistoria frå opplysingstida til 1900-talet - 10stp.)
- FIL122 (Eit filosofisk originalverk frå antikken til opplysingstida - 5stp.)
- FIL123 (Eit filosofisk originalverk frå opplysingstida til 1900-talet - 5stp.)
- FIL124 (Introduksjon til praktisk filosofi - 10stp.)
- FIL125 (Introduksjon til teoretisk filosofi - 10stp.)
- FIL126 (Introduksjon til språkfilosofi - 5stp.)
- LOG110 (Introduksjon til formallogikk - 5stp.)
- FIL251 (Bacheloroppgåve i filosofi - 20stp.)
Dei 10 valfrie studiepoenga av spesialiseringa kan veljast frå følgjande emne:
- FIL215 (Fenomenologi og ekistensfilosofi - 10stp.)
- FIL216 (Tema i moderne politisk teori - 10stp.)
- FIL217 (Wittgensteinstudiar - 10stp.)
- FIL218 (Estetikk - 10stp.)
- FIL219 (Vitskapsfilosofi - 10stp.)
- FIL220 (Metafysikk - 10stp.)
- FIL228 (Tema i moralfilosofi - 10stp.)
- FIL229 (Nyare fransk filosofi - 10stp.)
- FIL231 (Ope emne - 10stp.)
- FIL240 (Ope emne 2 - 10stp.)
- FIL232 (Ope emne med redusert oppgåvestorleik - 5stp.)
- FIL233 ( Filosofien i antikken - 10stp.)
- FIL235 (Tema i sinnsfilosofi - 10stp.)
- FIL236 (Tema i miljøetikk - 10stp.)
- FIL237 (Tema i politisk idéhistorie - 10stp.)
- FIL238 (Det moderne: klassiske tekstar - 10stp.)
- FIL239 (Filosofi og kjønn - 10stp.)
- LOG200 (Modallogikk - 10stp.)
Studentar som ønsker det kan også velje dei valfrie studiepoenga frå følgjande emne på 15 studiepoeng:
- KVIK201 (Kjønnsteori - 15stp.)
- FIL230 (Ope emne med utvida oppgåvestorleik - 15stp.)
- FIL234 (Filosofi og kjønn - 15stp.)
- RET208 (Praktisk argumentasjon - 15stp.)
Tilrådde valemne
Som nemnt ovanfor inneheld bachelorprogrammet 20 studiepoeng med ex.phil. og ex.fac og 90 studiepoeng i spesialiseringa i filosofi. Resten av dei 180 studiepoenga i programmet er såkalla frie studiepoeng. Her kan studenten velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd progresjon i studiet:
- 1. semester (haust): ex.phil, ex.fac, FIL124.htmlFIL124
- 2. semester (vår): FIL120.htmlFIL120, FIL122.htmlFIL122, FIL125.htmlFIL125 og LOG110.htmlLOG110
- 3. semester (haust): FIL121.htmlFIL121, FIL123.htmlFIL123, FIL126.htmlFIL126, og valemne 200-nivå/frie SP
- 4. semester (vår): FIL251.htmlFIL251 og valemne 200-nivå/frie SP
- 5. semester (haust): Frie studiepoeng (sjå "Tilrådde valemne")
- 6. semester (vår): Frie studiepoeng (sjå "Tilrådde valemne")
Det vanlege er å byrje på filosofistudiet om våren, men det kan og være mogeleg å byrje om hausten. Studentar som er interessert i dette må kontakte instituttet på førehand.
Krav til progresjon i studiet
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.
Studiestader
Bergen
Delstudium i utlandet
Ein kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringane i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.
Undervisningsmetodar
Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, individuell rettleiing og grupperettleiing.
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet blir studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved skuleeksamen, heimeeksamen, rettleia oppgåve og munnleg prøve.
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F, der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Grunnlag for vidare studium
Bachelorprogrammet i filosofi kvalifiserer for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og til masterprogrammet i filosofi.
Relevans for arbeidsliv
Bachelorprogrammet gir særskild kompetanse til sjølvstendig kritisk analyse. Denne typen kompetanse kan nyttast på fleire felt som til dømes å identifisere problemområde innan eit saksfelt og vise forståing for desse i eit historisk perspektiv eller i meir systematiske samanhenger. Personar med denne kompetansen finn ein blant lærarar, kulturarbeidarar og personar som arbeider innan forvaltning og offentleg administrasjon, det private næringslivet og konsulentar innan forlagsverksemder, i forlagsbransjen, i tidsskrift- og avisredaksjonar, i radio og fjernsyn, i biblioteka, som undervisarar på folkehøgskulane, eller som kulturarbeidar reint allment. Ein finn dei også som sakshandsamarar og som konsulentar i offentlege og private verksemder.
Ved å byggje ut bachelorgraden med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning er ein kvalifisert til stilling som adjunkt i skulen. Ved påbygging til mastergrad blir ein kvalifisert for vidare studium formidling i tillegg til undervisning på høgre nivå.
Evaluering
Evaluering av programmet blir gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.