Studieprogram: BAHF-GRE Bachelorprogram i gresk - Vår 2017




Undervisningsspråk

Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.

Studiestart - semester

Kvar haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i gresk er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (exphil og exfac), 90 studiepoeng med spesialisering i gresk og valemne tilsvarande 60 studiepoeng.

Gresk er det eldste litteraturspråket i Europa, og gresk litteratur (epos, lyrikk, tragedie, komedie) har ein sentral plass i den vestlege litterære kanon, mens gresk filosofi, mytologi, medisin og naturvitskap er av grunnleggjande tyding for vestleg tenking. Gresk er også Det nye testamentet sitt språk og eit viktig medium for teologien i oldkyrkja. Studiet konsentrerer seg om tekstar frå den arkaiske og klassiske perioden, men kan også omfatte seinare tekstar, både frå antikken og frå bysantinsk tid (til 1453).

Gjennom heile bachelorstudiet blir tekstane sette inn i sin litteratur- og kulturhistoriske samanheng, med gradvis aukande krav til forståing og tolkingsevne. Målet er å gjere studentane i stand til å lese hovudverk innan den antikke greske litteraturen på originalspråket og kunne forstå dei språklege og litterære kvalitetane som tekstane har, og å gi dei dei kunnskapane i antikkens kultur som ein treng for å setje tekstane inn i sin historiske samanheng.

Grunnleggjande kjennskap til gresk vil vere ein nyttig bakgrunn i alle fag som gjer bruk av greske tekstar, t.d. historie, litteraturvitskap, allmenn språkvitskap, kunsthistorie og filosofi. Ein meir inngåande kjennskap til gresk vil setje ein i stand til å arbeide direkte med mangslungne tekstar frå europeisk kultur i antikken og mellomalderen.

Læringsutbyte

Studentar med bachelorgrad i gresk skal ha gode kunnskapar i gresk språk, og frå lesing av originaltekster skal dei og ha førstehands kjennskap til dei viktigaste sjangrane i gresk litteratur. Dei skal

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i gresk skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):

Språk og kommunikasjon er tilrådd.

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.

Obligatoriske emne

Spesialiseringa i gresk krev til saman tre semester, 90 studiepoeng

Spesialiseringa er sett saman av dei fire emna GRE101, GRE102, GRE103 og GRE104, eller tilsvarande godkjend fagkombinasjon, og to emne på 200-nivå.

100-nivået:

GRE101 / Gresk elementærkurs (15 stp)

GRE102 / Gresk prosa og grammatikk (15 stp)

GRE103 / Gresk: Attisk prosa (15 stp)

GRE104 / Gresk: Epikk og lyrikk (15 stp)

På 200-nivået kan studenten velje mellom følgjande emne:

GRE202 / Gresk: Attisk drama (15 stp)

GRE203 / Gresk: Stilskriving og attiske talarar (15 stp)

GRE251 / Gresk: Jonisk og etterklassisk prosa med bacheloroppgåve (15 stp)

GRE254 / Gresk: Fordjupingsstudium med bacheloroppgåve (15 stp)

Eitt av emna på 200-nivå må ha bacheloroppgåve som eksamensform (GRE251 eller GRE254). Dette for å tilfredsstille gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Også relevante eksamenar frå andre universitet og høgskular kan, etter særskild søknad, reknast inn i dei 90 studiepoenga som utgjer spesialiseringa.

Tilrådde valemne

Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd progresjon:

1. semester (haust):

Førstesemesterstudiet Ex.phil. og Ex.fac. (30 sp)

2.semester (vår):

GRE101 / Gresk elementærkurs (15 stp)

GRE102 / Gresk prosa og grammatikk (15 stp)

3.semester (haust):

GRE103 / Gresk: Attisk prosa (15 stp)

GRE104 / Gresk: Epikk og lyrikk (15 stp)

4.-6. semester:

To spesialiseringsemne på 200-nivå. (sjå ovanfor) (30 stp)

60 frie studiepoeng

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen.

Delstudium i utlandet

Dei norske institutta i Athen og Roma arrangerer kurs i gresk og romersk kultur på BA-nivå, utan krav om språkkunnskapar. Instituttet i Athen arrangerer også kurs i nygresk. Desse kursa høver godt som frie studiepoeng.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i gresk kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i gresk.

Relevans for arbeidsliv

Greskstudiet er ei oppøving i tolking av framande kulturuttrykk, det legg vekt på ei nøyaktig og analytisk tilnærming til stoffet og har praktisk forståing som mål. Det gjev eit godt grunnlag i alle yrke der slike eigenskapar er etterspurde, t.d. innan informasjons- og kommunikasjonsarbeid, offentleg forvalting, undervisning, reklame, journalistikk og ei rekkje former for skribent- og tekstarbeid.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no