Studieprogram: BAHF-KIN Bachelorprogram i kinesisk - Vår 2017




Undervisningsspråk

Kinesisk/Engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

 Bachelorprogrammet i kinesisk har opptak annakvart år. Neste opptak er haust 2017.

 

Kina er i dag ei økonomisk og politisk stormakt som ikkje berre spelar ei viktig rolle i sin eigen region, Aust-Asia, men òg i ein global samanheng. Som historisk sentrum i den austasiatiske sivilisasjonen er kinesisk kultur på mange måtar svært ulik vår eigen. Gjennom studiet av kinesisk møter studenten ei ny og fascinerande verd, der kjente element eksisterer i ein framandkulturell kontekst.

 Som tale- og skriftspråk for 1, 3 milliarder menneske er kinesisk det mest talte morsmålet i verda, og det dannar ein naturleg innfallsport til ein kulturkrins der gamalt og nytt lever side om side. Store mengder ny informasjon kan verte tilgjengeleg for dei som lærer å kjenne kinesisk språk og kultur, og kjennskap til kinesisk ordforråd og skriftteikn er også til stor hjelp når ein skal lære japansk eller koreansk. Kinesisk skil seg frå vestlege språk på ei rekkje punkt, og det er både utfordrande og spennande å få innsikt i det kinesiske skriftuniverset. Det blir òg lagt vekt på praktisk meistring av moderne kinesisk språk, der studenten får intensiv trening i å snakke, forstå, lese og skrive kinesisk. Studenten får elles grunnleggjande kunnskapar om historie, samfunnstilhøve og kultur, samt moglegheit for fordjuping i eit Kina-relatert tema.

Hovudvekta i studiet vert lagd på språktileigning og språkforståing. Kinesisk er eit tidkrevjande språk å lære i høve til nære europeiske språk, ikkje minst grunna skriftsystemet. Det er derfor viktig å ha eit realistisk bilete av oppnåeleg språknivå. Etter eit års studium skal studentane vere i stand til å halde enkle samtalar om avgrensa tema og skrive enkle stilar ved hjelp av ordbok. Etter to år opplever mange at dei har eit større passivt vokabular og teiknforråd, men at dei framleis ikkje meistrar naturleg samtale. Vi oppmodar derfor studentane til å nytte seg av UiB sine utvekslingsavtalar i løpet av studiet, for å få den rette balansen mellom teoretiske og praktiske språkkunnskapar. Ved å studere ved eit kinesisk universitet, kan ein også følgje kurs over eit breitt spekter av kultur- og samfunnsrelaterte tema.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Etter fullført studium:

 

Kunnskap
Kandidaten

- har grunnleggjande kunnskapar i kinesisk grammatikk og lydlære.

- har tileigna seg vokabular og grammatiske former på mellomnivå.

- har grunnleggjande kunnskap om kinesisk samfunn og historie.

 

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan lese og forstå nærmare 2000 ord og 800 skriftteikn, og skrive minst 350 skriftteikn.

- kan halde enkle samtalar om avgrensa tema i rolig tempo.

- kan skrive enkle stilar ved hjelp av ordbok.

- kan omsetje enkle tekstar frå kinesisk til engelsk.

- kan lese Kina-relaterte engelskspråklege tekstar med kristik og kunnskapsbasert blikk, samt sjølv leite fram seriøs kjeldelitteratur og produsere akademisk tekst om ei formulert Kina-relatert problemstilling.

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan kommunisere på kinesisk på mellomnivå.

- har innsikt i relevante kinesiske problemstillingar.

- kan planleggje og gjennomføre ei analytisk og kristisk prosjektoppgåve som strekkjer seg over tid, og som er i tråd med etiske krav og retningsliner.

- kan vidareutvikle kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Innføringsemne

Første semester i bachelorprogrammet i kinesisk inneheld 30 studiepoeng, og er sett saman av:

Examen facultatum inneber eit val mellom emna Språk og kommunikasjon eller Tekst og kultur. Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd.

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 10 studiepoeng examen philosophicum og 20 studiepoeng examen facultatum.

Obligatoriske emne

Bachelorprogrammet i kinesisk er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde inntil 20 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil., ex.fac.), ASIA100 og 90 studiepoeng med spesialisering i kinesisk. Dei siste 60 studiepoenga er frie.

I bachelorprogram i kinesisk vil dei 90 studiepoenga i spesialiseringa normalt innehalde KIN101, KIN102, KIN103, KIN104, KIN 201 og KIN251.

KIN251 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i kinesisk inneheld 60 frie studiepoeng. Studenten kan velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Instituttet tilrår utvekslingsopphald ved eit kinesisk universitet.Til dømes:

- Utveksling 1/2 semester (15 stp.)
- Utveksling 1 semester (30 stp.)
- Utveksling 2 semester (60 stp.)

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester (H):
Ex.phil., ex.fac. og ASIA100 (30 stp)

 

2. semester (V):
KIN101 Innføring i kinesisk språk 1 (15 stp)

KIN102 Kinesisk språk 2 (15 stp)

 

3. semester (H):
KIN103 Kinesisk språk 3 (15 stp)

KIN104 Kinesisk språk 4 (15 stp)

 

4. semester (V):

KIN201 Kinesisk språk 5 (15 stp)

KIN251 Kina: Kultur og samfunn med bacheloroppgåve (15 stp)

 

5. semester (H):

Frie studiepoeng eller delstudium i utland (30 stp)

 

6. semester (V):

Frie studiepoeng eller delstudium i utland (30 stp)

 

Studentar kan sjølv velje om dei vil følgje det tilrådde løpet eller om dei vil byte om på rekkjefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vere merksam på at kinesiskemna har faste undervisingssemester. Det er tilrådd at ein fullfører 100-nivå i kinesisk før ein tek fatt på 200-nivå.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Det blir sterkt tilrådd at studentane i løpet av studiet har eit opphald i Kina.Universitetet i Bergen har avtalar med fleire kinesiske universitet. Eit delstudium kan til dømes vere ein del av dei frie studiepoenga på bachelorprogrammet i kinesisk. Emna ein vel på godkjennast på førehand av UiB.

Det er tilrådd å kontakte og samtale med studierettleiar eller ein fagperson i planlegginga av delstudium i utlandet.

Hugs søknadsfristen 1. februar for utreise påfølgjande haust- og vårsemester.

Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesingar, seminar- og gruppeundervisning, individuell rettleiing og lydlab/videoframsyning. Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

 

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Relevans for arbeidsliv

Blant yrkesgrupper der kompetanse i kinesisk og kjennskap til Kina er nyttig, kan nemnast næringsliv (til dømes turistnæringa, fiskeeksport) og internasjonalt retta organisasjonar, og elles undervisning, forsking, presse og media. Kandidatar med kinesisk er òg å finne i utanrikstenesta, eller dei er sysselsette med bibliotekarbeid eller omsetjingsoppgåver.

 

For å kunne bruke kinesisk aktivt i jobbsamanheng er lengre opphald i Kina undervegs i, eller etter studiet, naudsynt.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Vurdering / Eksamensformer

Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, til dømes skuleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. I tillegg skriv dei ei bacheloroppgåve. Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Programansvarleg

Prorgamstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet.