Studieprogram: BAHF-KJØNN Bachelorprogram i kjønnsstudier - Vår 2017




Omfang og studiepoeng

180 studiepoeng.

Undervisningsspråk

Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Målet for studiet er å gi brei og tverrfagleg kompetanse i kjønnsstudium. Studiet tek føre seg både historiske og samtidige tydingar av kjønn. Innanfor dei ulike emna vil det vere rom for å reflektere systematisk kring tema som kjønn og seksualitet, kjønn og etnisitet, kjønn og religion, kjønn og filosofi, kjønn og litteratur, og kjønn og samfunn.

Innhaldet i studieprogrammet vil elles vere avhengig av kva for spesialisering studenten vel. Det er sju moglege spesialiseringar:

a) allmenn litteraturvitskap

b) engelsk

c) filosofi

d) historie

e) kulturvitskap

f) nordisk språk og litteratur

g) sosiologi

 

a) allmenn litteraturvitskap

samanliknande litteraturstudium som tek føre seg litteratur frå heile

verda, frå antikken og fram til i dag. Faget les litteraturen ut frå ulike

perspektiv.

 

b) engelsk

studium av engelsk språk, amerikansk og britisk litteratur og kultur

 

c) filosofi

studium av filosofihistorie, vitskapsfilosofi og ulike filosofiske emne.

 

d) historie

studium av menneske, kultur og samfunnstilhøve i historisk perspektiv, frå antikken og fram til i dag

 

e) kulturvitskap

studium som vil skjøne menneske som kulturberande og kulturskapande vesen, med utgangspunkt i kvardagsliv, forteljing, gjenstandar og samfunn.

 

f) nordisk språk og litteratur

studium av nordiske språk med vekt på norsk og nordisk litteratur frå norrøn tid og fram til i dag.

 

g) sosiologi

studium av relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap, mellom individ, grupper og organisasjonar både på det lokale, nasjonale og globale plan.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten

 

Ferdigheter:

Kandidaten

 

Generell kompetanse:

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Innføringsemne

Det første semesteret i bachelorprogrammet i kjønnsstudium skal innehalde 10 studiepoeng examen philosophicum (1) og 10 studiepoeng examen facultatum (2) i tillegg til KVIK100 (3) slik :

 

1. EXPHIL-HFSEM/EXPHIL-HFEKS

Examen philosophicum (10 sp)

2. EXFAC00AK Akademisk skriving (10 sp)

eller

EXFAC00TKEKS/EXPHIL00TKSEM Tekst og kultur (10 sp) eller

EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 sp)

3. KVIK100 Innføring i kjønnsstudium (10 sp)

 

 

EXFAC00SK er tilrådd for dei som vel å spesialisere seg i engelsk eller nordisk.

Obligatoriske emne

Programmet har tre obligatoriske programemne på til saman 40 sp: KVIK100 (10 sp), KVIK101 (15 sp) og KVIK201 (15 sp).

 

Studentane kan velje mellom sju alternative spesialiseringar på kvar sine 90 studiepoeng (tre semester fulltidsstudium):

a) allmenn litteraturvitskap

b) engelsk

c) filosofi

d) historie

e) kulturvitskap

f) nordisk språk og litteratur

g) sosiologi

Eitt av emna på 200-nivået må ha bacheloroppgåve/semesteroppgåve som eksamensform. Dette for å tilfredsstille gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Oppgåva skal ha eit kjønnsperspektiv så langt det er mogleg innanfor den valde spesialiseringa, om ynskjeleg med tilleggsrettleiing frå SKOK.

Også relevante eksamenar frå andre universitet og høgskular kan, etter særskild søknad, reknast inn i dei 90 studiepoenga som utgjer spesialiseringa.

 

a) spesialisering i allmenn litteraturvitskap

Følgjande emne er obligatoriske:

 

ALLV101 / Analyse, tolking og genre (15 sp)

ALLV102 / Eldre litteratur og poetikk frå antikken til 1700 (15 sp)

ALLV103 / Moderne litteratur og poetikk frå 1700 til i dag (15 sp)

ALLV104 / Moderne litteraturteori (15 sp)

 

På 200-nivå skal studenten setje saman eit litteraturteoretisk emne og eit litterært emne.

 

Som litteraturteoretisk emne kan studenten velje mellom:

- ALLV201 / Litteraturteoretisk særemne (15 sp)

- ALLV251 / Litteraturteoretisk særemne med bacheloroppgåve (15 sp)

- RET206 / Litteraturvitskapleg retorikk (15 sp)

- RET256 / Litteraturvitskapleg retorikk med bacheloroppgåve (15 sp)

- LITTEHF / Fellesemne i litteraturteori (15 sp)

- KVIK204 / Litteratur, kjønn, teori og analyse (15 sp)

 

Som litterært emne kan studenten velje mellom:

- ALLV202 / Litterært særemne (15 sp)

- ALLV252 / Litterært særemne med bacheloroppgåve (15 sp)

- ANT202 / Antikkens litteratur (15 sp)

- KVIK203 / Litteratur, kjønn og kultur (15 sp)

 

Eitt av emna på 200-nivået må ha 250-kode (bacheloroppgåve).

 

Eitt av følgjande emne er tilrådd som del av spesialiseringa:

-KVIK203 / Litteratur, kjønn og kultur (15 sp

- KVIK204 / Litteratur, kjønn, teori og analyse (15 sp)

 

 

b) spesialisering i engelsk

Følgjande emne er obligatoriske:

- ENG101 / Engelsk språk I (15 sp)

- ENG106 / Engelsk språk II (15 sp)

- ENG122 / Amerikansk litteratur og kultur (15 sp)

- ENG125 / Britisk litteratur og kultur (15 sp)

 

På 200-nivå skal studenten setje saman eitt emne i språk og eitt i litteratur og kultur:

 

Som språkemne kan studenten velje mellom:

- ENG211 / Engelsk språk (15 sp)

- ENG251 / Bacheloroppgåve i engelsk språk (15 sp)

 

Som emne i litteratur og kultur kan studenten velje mellom:

- ENG212 / Engelskspråkleg litteratur og kultur (15 sp)

- ENG252 / Bacheloroppgåve i engelskspråkleg litteratur og kultur (15 sp)

- KVIK203 / Litteratur, kjønn og kultur (15 sp)

 

Eitt av emna på 200-nivået må ha semesteroppgåve som eksamensform.

KVIK203 kan erstatte ENG212/ENG252 dei semestra engelsk har emneansvaret for KVIK203.

 

 

c) spesialisering filosofi

Spesialiseringa i filosofi har eit omfang på 90 studiepoeng (1 ½ år) og er samansett av obligatoriske emne på til saman 80 studiepoeng og valfrie emne på til saman 10 studiepoeng.

 

Følgjande emne er obligatoriske:

- FIL120 / Filosofihistoria frå antikken til opplysingstida (10 sp)

- FIL121 / Filosofihistoria frå opplysingstida til 1900-talet (10 sp)

- FIL122 / Filosofiske originaltekstar frå antikken til opplysingstida (5 sp)

- FIL123/ Filosofiske originaltekstar frå opplysingstida til 1900-talet (5 sp)

- FIL124 / Introduksjon til praktisk filosofi (10 sp)

- LOG110 / Introduksjon til formal logikk (5 sp)

- FIL251 / Bacheloroppgåve i filosofi (20 sp)

- FIL234 / Kjønn og filosofi (15 sp)

 

For å få godkjend ei spesialisering på 90 sp, kan studenten velje mellom følgjande emne alt etter kva som vert tilbydd aktuelt semester:

 

- FIL125/ Introduksjon til teoretisk filosofi (10 sp)

- FIL126 / Introduksjon til språkfilosofi (5 sp)

- FIL215 / Fenomenologi og ekistensfilosofi (10 sp)

- FIL216 / Moderne politisk teori (10 sp)

- FIL217 / Wittgensteinstudiar (10 sp)

- FIL218 / Estetikk (10 sp)

- FIL219 / Vitskapsfilosofi (10 sp)

- FIL220 / Metafysikk (10 sp)

- FIL233 / Filosofien i antikken (10 sp)

- FIL222A / Miljøetikk (10 sp)

- FIL228 / Moralfilosofi (10 sp)

- FIL229 / Nyare fransk filosofi (10 sp)

- FIL231 / Ope emne (10 sp)

- FIL233 / Filosofien i antikken (10 sp)

- IDH203 / Det moderne: klassiske tekstar (10 sp)

- LOG111 / Førsteordens logikk (10 sp)

- LOG200 / Modallogikk (10 sp)

 

Studentar som ynskjer det, kan også velje dei valfrie studiepoenga frå følgjande emne på 15 studiepoeng:

 

- FIL222B /Miljøetikk - 15 studiepoeng (15 sp)

- FIL225 / Moderne politisk teori (15 sp)

- FIL226 / Innføring i sinnsfilosofi (15 sp)

- IDH111 / Innføring i den europeiske idéhistoria (15 sp)

- IDH201 (Politisk idéhistorie (15 sp)

- RET208 (Praktisk argumentasjon (15 sp)

 

 

d) spesialisering historie

Følgjande emne er obligatoriske:

- HIS101 / Oversyn over eldre historie (15 sp)

- HIS102 / Oversyn over nyare historie (15 sp)

- HIS250 / Bacheloroppgåve i historie (15 sp)

 

For å få godkjend ei spesialisering på 90 sp, kan studenten velje mellom følgjande emne alt etter kva som vert tilbydd aktuelt semester:

 

- HIS108 / Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 sp)

- HIS111 / Oversikt over USA historie (15 sp)

- HIS113 / Fordjuping i eldre historie (15 sp)

- HIS114 / Fordjuping i eldre historie (15 sp)

- HIS115 / Fordjuping i nyare historie (15 sp)

- HIS116 / Fordjuping i nyare historie (15 sp)

- HIS202 / Historiske kjelder og kjeldekritikk (15 sp)

- HIS260 / Fordjuping i nyare historie (15 sp)

- HIM101 / Fordjuping i Midtaustens historie (15 sp)

- HIM103/ Islam og politikk (15 sp)

- HIM201 / Fordjuping i Midtaustens historie (15 sp)

- EUR103 / Europa etter 1945: Ressursar, demografi, økonomi (15 sp)

 

Følgjande emne er tilrådd som del av spesialiseringa:

- HIS108 / Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 sp)

 

 

e) spesialisering kulturvitskap

Følgjande emne er obligatoriske:

- KUVI101/ Kulturvitskaplege perspektiv og metodar (15 sp)

- KUVI106 / Kjønn, seksualitet, kultur (15 sp) eller KUVI256 / Kjønn, seksualitet, kultur ¿ bacheloroppgåve (15 sp)

 

For å få godkjend ei spesialisering på 90 sp, kan studenten velje mellom følgjande emne alt etter kva som vert tilbydd aktuelt semester:

 

- KUVI102 / Kulturvitskap - Tradisjon og modernitet: fortida i nåtida (15 sp)

- KUVI103 / Etniske relasjonar og konfliktar (15 sp)

- KUVI104 / Folkeleg kultur og populærkultur (15 sp)

- KUVI105 / Materialitet og samfunn (15 sp)

- KUVI107 / Hekseprosessane og den magiske verda (15 sp)

- KUVI202 / Kulturfagleg formidling (15 sp)

- KUVI203 / Museologi (15 sp)

- KUVI204 / Folketru og nyreligiøsitet (15 sp)

- KUVI253 / Etniske relasjonar og konfliktar - bacheloroppgåve (15 sp)

- KUVI254 / Folketru og nyreligiøsitet, bacheloroppgåve (15 sp)

- KUVI255 / Materialitet og samfunn - bacheloroppgåve (15 sp)

- KUVI257 / Hekseprosessane og den magiske verda, bacheloroppgåve (15 sp)

- KUVI258 / Museologi, bacheloroppgåve (15 sp)

- KUVI259 / Folkeleg kultur og populærkultur, bacheloroppgåve (15 sp)

- HEMB111/ Historiske og kulturelle perspektiv på helse (15 sp)

- HEMB250 / Historiske og kulturelle perspektiv på helse (bacheloroppgåve) (15 sp)

 

Eitt av emna på 200-nivået må ha 250-kode (bacheloroppgåve).

 

 

f) Spesialisering i nordisk språk og litteratur

Følgjande emne er obligatoriske:

 

- NOLI102 / Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 sp)

- NOLI103 / Nordisk: Den eldre litteraturen (15 sp)

- NOSP102 / Nordisk: Moderne språk (15 stp)

- NOSP103 / Nordisk: Språkhistorie og talemål (15 sp)

 

 

Kvart av desse emna kan bytast ut med tilsvarande emne frå fjernstudiet Fjernord (med kodetillegget -F).

 

Ein må velje eitt eller to av desse emna (emne med semesteroppgåve)

- NOLI250 / Nordisk: Litterær analyse og teori (15 sp)

- NOLI251 / Nordisk: Litterært fordjupingsemne A (15 sp)

- NOLI252 / Nordisk: Litterært fordjupingsemne B (15 sp)

- NOSP250 / Nordisk: Språkbruksanalyse (15 sp)

- NOSP251/ Nordisk: Språkleg variasjon og endring 1 (15 sp)

- NOSP252 /Nordisk: Namnegransking 1 (15 sp)

- NOSP253 / Nordisk: Språksystemet 1 (15 sp)

- ISL104 / Islandsk språk II (15 stp)

- ISL102 / Islandsk litteratur og samfunn (15 sp)

- RET255 / Nordisk retorikk med bacheloroppgåve (15 sp)

 

Dersom ein vel berre eitt av emna med semesteroppgåve, må ein velje eitt av desse emna:

 

- NOLI211 / Nordisk: Litterært fordjupingsemne C (15 sp)

- NOLI212 / Nordisk: Litterært fordjupingsemne D (15 sp)

- NOSP210 / Nordisk: Språkbruksanalyse (15 sp)

- NOSP211 / Nordisk: Språk i Norden (15 sp)

- NOSP221 / Nordisk: Språkleg variasjon og endring (15 sp)

- RET205 / Nordisk retorikk (15 sp)

- NOFI101 / Norrønt språk (15 sp)

- NOFI104 / Norrøn litteratur (15 sp)

- NORAN104 / Andrespråkslæring og -undervisning (15 sp)

- PRAKTINF / Praktisk informasjonsarbeid (15 sp)

- ISL103 / Islandsk språk I (15 sp)

 

 

g) spesialisering i sosiologi

Følgjande emne er obligatoriske:

- SOS101 / Individ og samfunn (15 sp)

- SOS103 / Samfunnsstrukturar i endring (15 sp)

- MET102 / Samfunnsvitskapleg metode (15 sp)

- SOS201 / Sosiologiske perspektiv og teoritradisjonar (15 sp)

- SOS202 / Bacheloroppgåve (15 sp)

 

For å få godkjend ei spesialisering på 90 sp, kan studenten velje mellom følgjande emne alt etter kva som vert tilbydd aktuelt semester:

 

- SOS104 / Helse og globalisering (15 sp)

- SOS105 / Arbeid under kapitalismen (15 sp)

- SOS106 / Økonomisk sosiologi (15 sp)

- SOS108 / Utdanning og samfunn (15 sp)

- SOS109 / The Scandinavian Welfare Model and Gender Relations (15 sp)

- SOS110 / Global Dynamics (15 sp)

- SOS111 / Familien i endring (15 sp)

- SOS112 / Internasjonal migrasjon og etniske relasjonar (15 sp)

- SOS113 / Velferd og ulikhet (15 sp)

- SOS115 / Miljøsosiologi (15 sp)

- SOS116 / Klasse, stratifikasjon og sosial mobilitet (15 sp)

 

Følgjande emne er tilrådd som del av spesialiseringa:

- SOS111 / Familien i endring (15 sp)

Tilrådde valemne

30 frie sp (valemne).

 

Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skuleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Programmet kvalifiserer for opptak til mastergradsstudium i det faget studenten har spesialisering i.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorprogrammet i kjønnsstudium gir både allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkessamanhengar, og spesialkunnskap innan sitt felt. Programmet gjer studentane godt kvalifiserte til å handtere store informasjonsmengder. Dei blir flinke til å setje seg inn i nye problemfelt, og til å sjå og analysere saker frå fleire sider. Det gir eit godt grunnlag i alle yrke der slike eigenskapar er etterspurde, til dømes i undervisning, forvalting og ulike former for formidlings- og informasjonsarbeid.

Ved påbygging til mastergrad kan studentane kvalifisere seg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Senter for Kvinne- og kjønnsforskning (SKOK)

E-post: post@skok.uib.no

Mål og innhald

Målet for studiet er å gi ein brei og tverrfaglig kompetanse i kvinne- og kjønnsstudiar. Studiet kan gi grunnlag for yrkesretta arbeid så vel som for vidare akademiske studiar, og gir gode føresetnader for vidare spesialisering i kvinne- og kjønnsrelaterte emne. Programmet vil gi ei innføring i kjønnsforsking, feministisk teori og feministisk vitskapsteori, og studentane vil få opplæring i kritisk og analytisk tenking omkring sentrale kjønnspolitiske og teoretiske problemstillingar. Studiet vil belyse både historiske og samtidige tydingar av kjønn. Innafor dei ulike emna vert det rom for ein systematisk refleksjon omkring tema som kjønn i ei globalisert verd, kjønn og seksualitet, kjønn og filosofi, kjønn og media, kjønn og litteratur, kjønn og samfunn.

Ettersom kvinne- og kjønnsstudiar ikkje utgjer eit eige fag på høgare nivå, vil studiet samtidig gi tilrekkeleg kompetanse til opptak på mastergradsstudium i eit av fordjupingsfaga. Studiet vil ta utgangspunkt i ulike fagtradisjonar - det være seg humanistiske , samfunnsvitskapelege eller andre - og vil samtidig ta sikte på å utvikle tverrfaglege og komparative metodar for å studere kjønn.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller tilsvarande.

Undervisning

Sjå studieplan for det einskilde fag/emnet.

Innføringsemne

Exphil og akademisk skriving er obligatorisk for alle studentar på HF-fakultetet.

EXFAC00AS (Obligatorisk, helst 1. semester)

EXPHIL-HF (Obligatorisk, normalt 1.semester)

EXFAC00SP (vel eit av desse emna, normalt i 1.semester)

EXFAC00TK (vel eit av desse emna, normalt i 1.semester)

Fageining og spesialisering

Bachelorgraden i kvinne- og kjønnsstudiar inneheld 30 stp. innføringsemne (førstesemesterstudiet), 30 stp. obligatoriske programemne, 30 stp. valemne og ei spesialisering på 90 studiepoeng, der ein førebels kan velje mellom allmenn litteraturvitskap, engelsk, filosofi, historie, kulturvitskap, medievitskap, nordisk eller sosiologi.

Obligatoriske aktivitetar

Sjå studieplan for det einskilde emne.

Krav om rekkefølgje - emne

EXPHIL/ Examen philosophicum, EXFAC00TK/ Tekst og kultur eller EXFAC00SP/ Språkvitskap, EXFAC00AS/ Akademisk skriving skal takast i det fyrste semesteret (fyrstesemesterstudiet).

I andre semester er KVIK101/Introduksjon til kjønnsforsking obligatorisk.

I tredje semester er KVIK201/ Kjønnsteori obligatorisk.

Vurdering / Eksamensformer

Sjå studieplan for det einskilde fag/emne.

Yrkesvegar

Programmet kvalifiserer til arbeid i offentlig sektor (utgreiingsarbeid, likestillingsarbeid), undervisning (vidaregåande skule, universitets- og høgskulesektoren), forlagsarbeid, presse (mediearbeid, journalistikk) og elles i ulike sektorar av næringslivet, der innsikt i kvinne- og kjønnsstudiar er påkrevja.

Delstudium i utlandet

Studentane oppmodast til å ha eit utanlandsopphald i løpet av studiet. Utanlandsopphald vert anbefalt i fjerde semester. Programmet arbeidar med å inngå avtalar om utveksling med utanlandske lærestader som har særskilt kompetanse i kvinne- og kjønnsforsking. Det er òg mogelig å nytte ein av Universitetet i Bergen sine andre utvekslingsavtalar.

Ta kontakt med fagleg og/ eller administrativt ansvarlege for programmet for detaljar om utveksling.

Oppstart

Kvar haust.

Programansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. E-post: studierettleiar@lle.uib.no