Kulturvitskap er faget om menneska sitt forhold til kulturen. Kulturvitskapen analyserer kultur som ein viktig dimensjon i eit globalisert og moderne samfunn. Faget har historisk sett sin bakgrunn frå etnologi, folkloristikk, kulturvern og kulturformidling. I dag er kulturvitarar særleg opptekne av spørsmål knytt til kulturarv og tradisjon; korleis vi bruker fortida i notida. Men faget tek også for seg tema som kulturelle sider ved seksualitet og kjønn, migrasjon og etniske konfliktar, populærkultur, nyreligiøsitet og dagleglivets kulturelle uttrykk. Studiet skal fremje kunnskap om og gi forståing av viktige sider ved livet i eit moderne samfunn.
Studiet skal også gi innsikt i utviklinga av moderne kulturstudiar og faghistoria meir generelt. I tillegg vil faget gi innsikt i ulike metodiske og teoretiske tilnærmingar til studiet av kulturen. Studiet inneheld både innførings- og fordjupingsdelar, slik at studentane kan kombinera generelle innsikter med meir inngåande studiar av spesielle problemfelt.
Studenten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
Ferdigheiter:
Studenten
Generell kompetanse:
Studenten
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Spesialiseringa i kulturvitskap må innehalde 90 studiepoeng med emne i kulturvitskap. Du kan skrive bacheloroppgåve om museumsarbeid, kulturformidling, kulturminnevern, migrasjon og multikulturalisme, kjønnsstudiar med meir.
Bachelorprogrammet i kulturvitskap har 60-70 frie studiepoeng. Studenten kan velje emne innanfor fag som er relevante for studentens vidare utdanning eller yrkesplanar.
Studiet startar med innføringsemne i fyrste semester (haust).
Emna i kulturvitskap vert tilbydd slik:
Vår:
KUVI101: Menneske i kulturen og kulturen i menneske. Kulturvitskaplege syn på verda
KUVI102: Tradisjon og modernitet. Fortida i notida
KUVI106: Kjønn, seksualitet, kultur
KUVI250: Bacheloroppgåve i kulturvitskap (anbefalt fjerde semester)
Haust:
KUVI103: Migrasjon og mangfald
KUVI104: Forteljing og fortolking frå folkeeventyr til Facebook
KUVI105: Tinga og vi. Materialitet og meining
KUVI108: Museologi
Emne som vert tilbydd når det er ressursar til det:
KUVI202: Kulturformidling
KUVI107: Hekseprosessane og den magiske verda
HEMB111: Historiske og kulturelle perspektiv på helse
Ein rår til at bacheloroppgåva vert skriven i 6. semester.
Programmet kan inkludera eit delstudium i utlandet for dei som ynskjer det. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Eksempel på avtaler som programmet vil trekke fram er Humboldt University Berlin og University of Zagreb.
Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand, og studiekonsulent på programmet rettleiar gjerne i prosessen. Sjå
Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene
Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. Vurderingsforma er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon.
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F, der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Bachelorgraden i kulturvitskap gir allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkesmessige samanhengar. Graden opnar for arbeid i kultursektoren, arkiv, bibliotek, museum, medieverksemder og offentleg administrasjon og internasjonalt arbeid.
Utval for undervisning og internasjonalisering ved AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet, dersom du har spørsmål: