Studieprogram: BAHF-NOFI Bachelorprogram i norrøn filologi - Vår 2017




Undervisningsspråk

Norsk, dansk og svensk. Delar av undervisninga kan bli gitt på engelsk.

Dersom studiet av norrønt vert kombinert med framandspråksstudium, vil (delar av) undervisninga vere på det aktuelle språket (dei aktuelle språka).

Studiestart - semester

Haust.

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i norrøn filologi gjev ei grundig innføring i det norrøne språket og den norrøne litteraturen, og begge vert sette inn i eit vidare kulturelt perspektiv.

 

Norrønt er ein fellesnemnar for språket og litteraturen både i Noreg og på Færøyane og Island i mellomalderen, og dessutan på vesterhavsøyane. I dette området kan vi snakke om ein felles språkleg og litterær kultur som varte i over 500 år, frå landnåmet av Island til byrjinga av 1400-talet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Kandidaten

 

Dugleikar

Kandidaten

 

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Studentane bør forstå skriftleg og munnleg norsk, dansk og svensk.

Innføringsemne

EXPHIL Examen philosophicum (10 stp)

EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 stp)

Obligatoriske emne

NOFI100 Innføring i nordiskstudiet med vekt på norrøn filologi (10 stp)

 

I tillegg er det obligatorisk med ei spesialisering på 90 studiepoeng i norrøn filologi.

Tilrådde valemne

Studenten kan velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

 

Ettersom viktige bidrag i faglitteraturen er skrivne på tysk, rår vi til at dei som ikkje har grunnleggjande kunnskapar i tysk, tek valemne i dette språket. Vidare er mange relevante mellomalderkjelder på latin, slik at også valemne i dette språket vil vere til god hjelp i det vidare studiet. Utover det kan ein med fordel kombinere norrønt med andre mellomalderspråk og moderne islandsk.

Rekkefølgje for emne i studiet

Rekkjefølgja er tilrådd, ikkje obligatorisk.

 

1. semester: EXPHIL, EXFAC00SK, NOFI100

2. semester: NOFI101, NOFI106 og NOFI112

3. semester: NOFI107, NOFI108, NOFI109 og NOFI110

4.-6. semester: NOFI210 og NOFI250 i ulike semester; i tillegg valemne

Krav til progresjon i studiet

Full studieprogresjon er 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.


Spesielt tilrådde utvekslingsstader er Humbolt-Universität zu Berlin, Universitá Ca´Foscari di Venezia, Albert-Ludwigs-Universität Freiburg im Breisgau, Universiteit Gent, Universitetet i Tartu, Universitetet i Frankfurt og Universiteit Amsterdam.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skuleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i norrøn filologi kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i norrøn filologi.

Relevans for arbeidsliv

Kompetanse i språk og litteratur er etterspurd i mange ulike yrke og bransjar, både private og offentlege.

 

Generelt gir studiet ein praktisk og teoretisk tekst- og språkkompetanse som, kombinert med annan relevant kompetanse, kan kvalifisere for arbeid overalt der det krevst evne til språkleg formidling og til vurdering og utvikling av tekst, t.d. i undervisnings- og informasjonsarbeid, i forlag og kulturinstitusjonar, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinueleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Programansvarleg

Programstyret i nordisk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Dersom ein har spørsmål, kan ein kontakte studierettleiar på programmet: studierettleiar@lle.uib.no.