Studieprogram: BAHF-NOLIS Bachelorprogram i nordisk språk og litteratur - Høst 2017




Omfang og studiepoeng

Studieprogrammet har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium, men kan etter søknad også takast som eit 50 % deltidsstudium.

Undervisningsspråk

Norsk, dansk og svensk. Dersom nordiskstudiet vert kombinert med framandspråksstudium, vil (delar av) undervisninga vere på det aktuelle språket (dei aktuelle språka).

Studiestart - semester

Haust.

Mål og innhald

Målet for studiet er å gje studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare tid, forståing av språket og litteraturen som ein sentral del av den nasjonale kulturen og av samspelet mellom språk, litteratur og samfunn. Hovudvekta ligg på norsk. Utanom norsk (bokmål og nynorsk) femner dei nordiske språka om dansk, svensk, islandsk og færøysk.

 

Reint praktisk skal studiet gje grunnlag for betre skrivedugleik i både bokmål og nynorsk og kompetanse for undervisning i ulike skuleslag (i kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning) og for arbeid med språklege og litterære emne i andre yrkestilhøve.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

 Kunnskapar

Kandidaten

Dugleikar

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføre studiet med godt resultat bør studentane forstå skriftleg og munnleg norsk på morsmålsnivå eller tilnærma dette. Dei bør meistre skriftleg bokmål og nynorsk.

Innføringsemne

EXPHIL Examen philosophicum (10 stp)

EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 stp)

EXFAC00TKSEM Tekst og kultur (10 stp) eller EXFAC00AS Akademisk skriving (10 stp)

Obligatoriske emne

 

 

Det er obligatorisk med ei spesialisering på 90 studiepoeng i nordisk språk og litteratur.

Spesialisering

Følgjande emne er obligatoriske i spesialiseringa:

 

NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 stp)

NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen (15 stp)

NOSP102 Nordisk: Moderne språk (15 stp)

NOSP103 Nordisk: Språkhistorie og talemål (15 stp)

 

Kvart av desse emna kan bytast ut med tilsvarande emne frå fjernstudiet Fjernord (med kodetillegget -F).

 

Ein må velje eitt eller to av desse emna (med bacheloroppgåve):

NOLI250 Nordisk: Litterær analyse og teori med bacheloroppgåve (15 stp)

NOLI251 Nordisk: Litterært fordjupingsemne A med bacheloroppgåve (15 stp)

NOLI252 Nordisk: Litterært fordjupingsemne B med bacheloroppgåve (15 stp)

NOSP250 Nordisk: Språkbruksanalyse med bacheloroppgåve (15 stp)

NOSP251 Nordisk: Språkleg variasjon og endring med bacheloroppgåve (15 stp)

NOSP252 Nordisk: Namnegransking med bacheloroppgåve 1 (15 stp)

NOSP254 Nordisk: Språk i Norden med bacheloroppgåve (15 stp)

NOSP255 Nordisk: Grammatikk og semantikk med bacheloroppgåve (15 stp)

ISL104 Islandsk språk og samfunn (15 stp)

ISL102 Islandsk litteratur og samfunn (15 stp)


Dersom ein vel berre eitt av emna ovanfor, vel ein normalt eitt av desse emna:

 

NOLI211 Nordisk: Litterært fordjupingsemne C (15 stp)

NOLI212 Nordisk: Litterært fordjupingsemne D (15 stp)

NOSP210 Nordisk: Språkbruksanalyse (15 stp)

NOSP212 Nordisk: Språkleg fordjupingsemne

NOSP214 Nordisk: Språk i Norden (15 stp)

NOSP221 Nordisk: Språkleg variasjon og endring (15 stp)

NOSP222 Nordisk: Namnegransking (15 stp)

NOSP225 Nordisk: Grammatikk og semantikk (15 stp)

NOFI101 Norrønt språk (15 stp)

NOFI210 Norrøn filologi særemne (15 stp)

NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 stp)

PRAKTINF Praktisk informasjonsarbeid (15 stp)
ISL103 Islandsk grammatikk og fonetikk (15 stp)

Alternativt kan ein velje å ta desse to emna saman:

NOFI106 Norrøn mytologi (5 stp)

NOFI112 Norrøn litteratur (10 stp)

 

Kombinasjonar av to emne med overlappande innhald gir berre utteljing som for eitt emne:

NOSP210 og NOSP250 har full overlapping.

NOSP214 og NOSP254 har full overlapping.

NOSP221 og NOSP251 har full overlapping.

NOSP222 og NOSP252 har full overlapping.

NOSP225 og NOSP255 har full overlapping.

Tilrådde valemne

Studenten kan velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. Det er tilrådd at valemna utgjer ein naturleg heilskap.

 

Dersom ein planlegg ei karriere som lærar, må ein bruke dei valfrie studiepoenga til å ta 60 studiepoeng i eit skulefag i tillegg til nordisk. I kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning vil utdanninga då kunne gi undervisningskompetanse på ungdomstrinnet i grunnskulen, i vidaregåande skule og i vaksenopplæring.

Rekkefølgje for emne i studiet

Rekkjefølgja er tilrådd, ikkje obligatorisk.

 

1. semester: EXPHIL, EXFAC00SK + EXFAC00TKSEM eller EXFAC00AS

2. semester: NOLI102 og NOSP102

3. semester: NOLI103 og NOSP103

4. semester: emne som kompletterer spesialiseringa (jf. ovanfor)

5. og 6. semester: valemne

Krav til progresjon i studiet

Full studieprogresjon er 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skuleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i nordisk språk og litteratur kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i nordisk språk og litteratur.

Relevans for arbeidsliv

Kompetanse i språk og litteratur er etterspurd i mange ulike yrke og bransjar, både private og offentlege.

 

Generelt gir studiet ein praktisk og teoretisk tekst- og språkkompetanse som, kombinert med annan relevant kompetanse, kan kvalifisere for arbeid overalt der det krevst evne til språkleg formidling og til vurdering og utvikling av tekst, t.d. i undervisnings- og informasjonsarbeid, i forlag og kulturinstitusjonar, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.

 

Bachelor i nordisk språk og litteratur med minst 60 studiepoeng i eit skulefag i tillegg til nordisk språk og litteratur kan kombinerast med praktisk-pedagogisk utdanning og gi undervisningskompetanse på ungdomstrinnet i grunnskulen, i vidaregåande skule og i vaksenopplæring.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Programansvarleg

Programstyret i nordisk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Dersom ein har spørsmål, kan ein kontakte studierettleiar på programmet: studierettleiar@lle.uib.no.