Studieprogram: BAHF-NORAN Bachelorprogram i norsk som andrespråk - Vår 2017




Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium, men kan etter søknad også takast som eit 50 % deltidsstudium.

Undervisningsspråk

Norsk, dansk og svensk. Dersom studiet av norsk som andrespråk vert kombinert med framandspråksstudium, vil (delar av) undervisninga vere på det aktuelle språket (dei aktuelle språka).

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Norsk som andrespråk er norsk lært i Noreg av menneske med eit anna språk som morsmål. Studiet i norsk som andrespråk skal gje ei allsidig orientering om dei spørsmåla som reiser seg når personar med andre morsmål skal lære seg norsk språk og verte integrerte i det norske samfunnet. Reint praktisk skal studiet gje grunnlag for betre skrivedugleik i både bokmål og nynorsk.

 

Faget er i første rekkje tenkt for studentar som planlegg å undervise i norsk som andrespråk for elevar frå språklege minoritetar i ulike skuleslag.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

 

Kunnskapar:

Kandidaten

 

Dugleikar:

Kandidaten

 

Generell kompetanse:

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføre studiet med godt resultat bør studentane forstå skriftleg og munnleg norsk på morsmålsnivå eller tilnærma dette. Dei bør meistre skriftleg bokmål og nynorsk.

Innføringsemne

EXPHIL Examen philosophicum (10 stp)

EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 stp)

Obligatoriske emne

NORAN120 Innføring i nordiskstudiet med vekt på norsk som andrespråk (10 stp)

 

I tillegg er det obligatorisk med ei spesialisering på 90 studiepoeng i norsk som andrespråk.

Spesialisering

Følgjande emne er obligatoriske i spesialiseringa:

 

NORAN101 Norsk språk som andrespråk (15 stp)

NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 stp)

NORAN107 Fleirspråklegheit i sosiolingvistisk perspektiv (10 stp)

NORAN109 Testing og vurdering av språkferdigheiter (5 stp)

NORAN115 Litteratur og tekst i eit andrespråksperspektiv (15 stp)

NORAN250 Andrespråkslingvistikk med bacheloroppgåve (15 stp)

NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 stp)

 

Kvart av emna NORAN101 og NORAN104 kan bytast ut med tilsvarande emne frå fjernstudiet Prisme (med kodetillegget -F).

Tilrådde valemne

Studenten kan velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. Det er tilrådd at valemna utgjer ein naturleg heilskap.

 

Dersom ein planlegg ei karriere som lærar, må ein bruke dei valfrie studiepoenga til å ta 60 studiepoeng i eit skulefag i tillegg til norsk som andrespråk. I kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning vil utdanninga då kunne gi undervisningskompetanse i skuleverket.

Rekkefølgje for emne i studiet

Rekkjefølgja er tilrådd, ikkje obligatorisk.

 

1. semester: EXPHIL, EXFAC00SK, NORAN120

2. semester: NORAN101 og NORAN104

3. semester: NORAN107, NORAN109 og NORAN115

4. semester: NOLI102 og NORAN250

5. og 6. semester: valemne

Krav til progresjon i studiet

Full studieprogresjon er 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

 

Spesielt tilrådde utvekslingsstader er Stockholms universitet, Københavns universitet, Christian-Albrechts-Universität zu Kiel, Uniwersytet im. Adama Mickiewicza w Poznaniu (Adam Mickiewicz University), Uniwersytet Gda¿sk (University of Gda¿sk), Universitatea Babe¿-Bolyai Cluj-Napoca (Babe¿-Bolyai University Cluj-Napoca) og Université de Sorbonne.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skuleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i norsk som andrespråk kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i nordisk språk og litteratur.

Relevans for arbeidsliv

Kompetanse i språk og litteratur er etterspurd i mange ulike yrke og bransjar, både private og offentlege.

 

Generelt gir studiet ein praktisk og teoretisk tekst- og språkkompetanse som, kombinert med annan relevant kompetanse, kan kvalifisere for arbeid overalt der det krevst evne til språkleg formidling og til vurdering og utvikling av tekst, t.d. i undervisnings- og informasjonsarbeid, i forlag og kulturinstitusjonar, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.

 

Bachelor i norsk som andrespråk med minst 60 studiepoeng i eit skulefag i tillegg til norsk som andrespråk kan kombinerast med praktisk-pedagogisk utdanning og gje undervisningskompetanse i skuleverket.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Programansvarleg

Programstyret i nordisk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Dersom ein har spørsmål, kan ein kontakte studierettleiar på programmet: studierettleiar@lle.uib.no.