Studieprogram: BAHF-RUSS Bachelorprogram i russisk - Høst 2017




Undervisningsspråk

Undervisningsspråk på russiskemna er norsk og russisk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Russisk er det største språket i Europa med over 140 millionar morsmålbrukarar og i tillegg er det første framandspråk for ytterlegare 100 millionar i det tidlegare Sovjetunionen. Det er eitt av dei største verdsspråka og eitt av dei seks offisielle språk i FN. Russisk er eit indoeuropeisk språk som høyrer til den slaviske språkfamilien. Russisk kultur, og særleg litteratur, utgjer ein viktig del av den felleseuropeiske kulturarven.

Bachelorstudiet i russisk har både eit praktisk og eit teoretisk siktemål: Det skal leggja til rette for å øva opp språklege evner og utvikla forståinga av lingvistiske, kulturelle og litterære fenomen.

I undervisninga blir det lagt vekt på praktisk meistring av moderne russisk språk, der studenten får intensiv trening i å snakka, forstå, lesa og skriva russisk. Studenten får elles ei innføring i russisk historie og samfunn og i russisk litteratur.

Den generelle målsetjinga for russiskstudiet er:

Etter eitt års studium skal studentane vera i stand til å lesa og forstå tilrettelagte tekstar, føra enkle samtaler om avgrensa tema, skriva enkle tekstar på russisk, og dessutan å omsetja tekstar på eit grunnleggjande nivå mellom russisk og norsk.

Etter to år blir det forventa at studentane har tileigna seg eit tilstrekkeleg aktivt og passivt vokabular til å kunna lesa ikkje-adapterte tekstar innan ulike sjangrar med hjelp av ordbok. Dei skal òg kunna meistra alminneleg konversasjon og omsetjing av tekstar på middels nivå.

I løpet av dei to første åra vil studenten elles ha fått god innsikt i russisk litteratur, så vel som i russisk historie, kultur og samfunnstilhøve. På den måten er studiet både eit reiskapsfag for utdanning til yrke som krev solide kunnskapar om Russland og eit grunnlag for vidare fordjuping innan dei ulike forskingsfelta i eit masterstudium i russisk.

Studenten kan nytta sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar 

Kandidaten

Dugleikar

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i russisk inneheld 20 studiepoeng med innføringsemne som er sett saman av to obligatoriske emne:

 

 

I tillegg til dei 20 studiepoenga med innføringsemne, rår ein studentane til å velje RUS100 det første semesteret.

 

Bachelorgraden kan ikkje innehalda meir enn 10 studiepoeng eksamen philosophicum og 20 studiepoeng eksamen facultatum.

Obligatoriske emne

Studiet startar med dei tre innføringsemna RUS100, EXPHIL og EXFAC00SK i det første semesteret. (Legg merke til at for bachelorprogrammet i russisk vil RUS100, Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk, erstatta EXFAC00AS, Akademisk skriving, som innføringsemne). Avlagd eksamen i RUS100 er obligatorisk for vidare studium i russisk. Alternativt må ein kunna dokumentera tilsvarande kunnskapar i russisk.

I spesialiseringa inngår følgjande obligatoriske emne: RUS100, RUS111, RUS112, RUS113, RUS114, RUS211 og RUS252. RUS111SP er ikkje obligatorisk.

For å bli teken opp til mastergraden i russisk, må studentar ha teke alle dei obligatoriske emna som utgjer spesialiseringa i bachelorprogrammet.

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i russisk inneheld 70 frie studiepoeng, inkludert RUS100 . Studenten kan velja emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Døme på rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester (H):

RUS100, EXPHIL, EXFAC00SK (30 sp.)

2. semester (V):

RUS111, RUS112 (30 sp.)

RUS111SP (6 sp.)*

3. semester (H):

RUS113, RUS114 (30 sp.)

4. semester (V):

RUS211, RUS252, inkludert studieopphald i St. Petersburg (30 sp.)

5. semester (H):

Frie studiepoeng (30 sp.)

Eller

Delstudium i utland

6. semester (V):

Frie studiepoeng (30 sp.)

Eller

Delstudium i utland

Studentar kan sjølv velja om dei vil følgja det tilrådde løpet eller om dei vil byta om på rekkjefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vera merksam på at russiskemna har faste undervisningssemester. Det er uansett tilrådd at ein fullfører 100-nivå i russisk før ein tar fatt på 200-nivå.

* RUS111SP er eit valfritt ekstra studieopphald i St. Petersburg etter vårsemesteret.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Det blir sterkt tilrådd at studentane i løpet av studiet har eitt eller fleire opphald i Russland. Me gjev tilbod om studieopphald ved det norske universitetssenteret i St. Petersburg etter det andre og i det fjerde semesteret. Dessutan er det mogleg å byggja inn eit studieopphald ved eit russisk universitet i året med frie studiepoeng.

Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; m.a. forelesingar, øvingar og konversasjon i grupper.

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, t.d. ved mappevurdering, skuleeksamen og munnleg prøve. I emnet RUS252 skriv dei ei rettleidd semesteroppgåve.

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i russisk kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i russisk.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorprogrammet i russisk gjev generell kompetanse som kan nyttast i ei rekkje samanhengar. I tillegg til den praktiske kompetansen du får i det russiske språket, gjev graden ei verdfull innsikt i den russiskspråklege kulturen. Område der kompetanse i russisk og kjennskap til Russland og nabostatane er nyttig, er næringslivet og internasjonalt retta organisasjonar, og elles undervisning, kulturformidling, forlagsverksemd, media, reiseliv, offentleg administrasjon og forsking. Personar med russisk i fagkrinsen er òg å finna i utanrikstenesta og i dei andre departementa.

Bachelorprogrammet i russisk kan brukast til å undervisa i den vidaregåande skulen. I tillegg blir russisk brukt for variert arbeid både i offentleg og privat sektor innanfor felt der det internasjonaliserte samfunnet treng språk- og kulturkunnskapar.

For å kunna bruka russisk aktivt i jobbsamanheng, er lengre Russlandsopphald undervegs i, eller etter studiet tilrådd, eventuelt påbygging med mastergradsstudium. Ved påbygging til mastergrad får du kvalifikasjonar for vidare studium og for forsking, formidling og undervisning på høgare nivå, samt for variert arbeid både i offentleg og privat sektor på felt der det internasjonaliserte samfunnet set høge krav til både språk- og kulturkunnskapar.

Evaluering

Evaluering av programmet blir gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for fremmedspråk

E-post: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no

Administrativt ansvarleg

Institutt for fremmedspråk

studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no