Studieprogram: BAHF-TYS Bachelorprogram i tysk - Vår 2017




Undervisningsspråk

Undervisningsspråket på tyskemna er tysk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Tyskstudiet skal øve studentane i praktisk språkdugleik (skriftleg og munnleg) og gi dei innsikt i tysk språk og dei tyskspråklege landa sin litteratur, kultur og samfunnstilhøve.

Emna på 200-nivå skil seg frå emna på 100-nivå primært ved at dei skal gi fordjuping i utvalte emne.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Studenten

Dugleik

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har forkunnskapar i tysk som svarar til nivå II frå vidaregåande skole.

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i tysk inneheld 20 studiepoeng med innføringsemne og er sett saman av:

- Examen philosophicum

- Tekst og kultur eller Språk og kommunikasjon

Språk og kommunikasjon er sterkt tilrådd.

 

I tilegg til dei 20 studiepoenga med innføringsemne, rår ein studentane til å velje TYS100 - Introduksjon til tyskskudiet det første semesteret.

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 10 studiepoeng examen philosophicum og 20 studiepoeng examen facultatum.

Obligatoriske emne

Bachelorprogrammet i tysk er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet inneheld inntil 20 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.), TYS100 og 90 studiepoeng med spesialisering i tysk. Dei siste 70 studiepoenga er frie.

Spesialisering

Spesialiseringa i tysk omfattar emna: TYS111, TYS112, TYS113, TYS114, eitt av emna TYS201 eller TYS251 og eitt av emna TYS202 eller TYS252. TRANSHF kan erstatte TYS201 eller TYS251.

 

På 200-nivå må eit av emna TYS251, TYS252 eller TRANSHF inngå i spesialiseringa. Dette for å tilfredsstille gradskravet om eit sjøvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

For å oppnå spesialisering i tysk på bachelornivå, kan førehandsgodkjente heiltidsstudium i utlandet kome i staden for obligatoriske spesialiseringsemne i tysk.

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i tysk har rom for 70 frie studiepoeng, inkludert TYS100 - Introduksjon til tyskstudiet. Studenten kan her velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Døme på rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester (haust):

Førstesemesterstudiet ex.phil. og ex.fac . (20 stp)

TYS100 - Introduksjon til tyskstudiet (10 stp)

2. semester (vår):

TYS111 Grunnemne i tysk språk I (15 stp)

TYS112 Tyskspråkleg kultur (15 stp)

Undervisninga i delar av TYS111 og TYS112 er lagt til Universitetet i Kiel.

3. semester (haust):

TYS113 Grunnemne i tysk språk II (15 stp)

TYS114 Tyskspråkleg litteratur (15 stp)

4. semester (vår):

TYS201 Fordjuping i tysk språk (15 stp) eller TYS251 Fordjuping i tysk språk med semesteroppgåve (15 stp)

TYS202 Fordjuping i tyskspråkleg litteratur (15 stp) eller

TYS252 Fordjuping i tyskspråkleg litteratur med

semesteroppgåve (15 stp)

5. semester (haust):

Frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)

6. semester (vår):

Frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)

Studentar kan sjølv velje om dei vil følgje det tilrådde løpet eller om dei vil byte om på rekkjefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vere merksam på at tyskemna har faste undervisningssemester. Det er tilrådd at ein fullfører 100-nivå i tysk før ein tar fatt på 200-nivå. 

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Du kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Studentar som ønskjer å dra på utveksling som del av spesialiseringa, blir tilrådde å gjere dette på 200-nivå.

Emna må førehandsgodkjennast av UiB.

Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet blir studentane prøvde på ulike måtar, til dømes ved skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmetkan det blinytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i tysk kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i tysk.

Relevans for arbeidsliv

Tyskstudiet kvalifiserer for undervisning innanfor skoleverket og for anna arbeid både i offentleg og privat sektor der kunnskap om språk, litteratur og kultur er viktig, til dømes informasjonsarbeid, media, reiseliv, omsetjing og eksportretta verksemd.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for framandspråk

Administrativt ansvarleg

Studierettleiar ved Institutt for framandspråk. E-post: studierettleiar@if.uib.no