Studiet er bygd opp som ein kombinasjon av teori, laboratorieundervisning og seminar. Du følger undervisning saman med andre helsefagstudentar dei tre første semestra.
Det tredje semesteret tek for seg oppbygginga av kroppen med undervisning i anatomi, fysiologi og næringsstoff. Det fjerde semesteret tek for seg analysemetoder i ernæring, korleis kosthaldet verkar inn på åtferd og mental og somatisk helse, og kunnskap om råvarer og deira opphav, eigenskapar og bruk.
I det femte og sjette semesteret får du ei innføring i politisk styring og organisering i eit ernæringsperspektiv. Emnet livsstil og livsløp gir innblikk i ernæring i ulike fasar av livet, for grupper med særlege behov og i samanheng med livsstilsrelaterte sjukdommar.
Forskingsmetodar i ernæring gir deg innblikk i metodar for klinisk og eksperimentell forsking, eventuelle giftige effektar av tilsettingsstoff., og du får to veker med hospitering i helseføretak.
Bachelorprogram i human ernæring kvalifiserer for ein yrkeskarriere innan ernæringsfeltet, i tillegg til videre masterstudium i human og klinisk ernæring, internasjonal helse og andre masterprogram innan ernæringsrelaterte fag. Etter endt utdanning skal studenten kunne:
Kunnskapar:
Ferdigheiter:
Generell kompetanse
Som utdanningsinstitusjon skal vi vurdere om du er skikka til å utøve yrket som helse- eller sosialpersonell. Vurderinga omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader, og vil gå føre seg under heile utdanninga - jf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning (gjeldande frå 1. august 2006).
Statens Autorisasjonskontor for helsepersonell (SAK) har meir informasjon om autorisasjonsordninga.
Informasjonssenteret ved Det medisinske fakultet
Telefon: 55 58 64 00
E-post:
Post: Postboks 7804, N-5020 BERGEN
Besøksadresse: Armauer Hansens hus (AHH), Haukelandsveien 28 (1. et.) (man-fre: 12.00 - 14.00)
Studiet kombinerer emne frå medisin, kjemi, psykologi, samfunnsvitskap og historie. Det er mogleg å kombinere emne som gir grunnlag for opptak til masterstudium i ei rekkje fag.
Ernæringsstudiet gir ei brei utdanning innan ernæringa til friske og sjuke, både i i- og u-land. Sentrale element i utdanninga vil vere innhald i ernæringa, relasjonen mellom ernæring og individ samt mennesket sine normale og sjukelege biokjemiske, fysiologiske og psykiske prosessar. Kosthald og ernæring tyder mykje for livskvalitet og for utvikling og behandling av ei rekkje sjukdommar, inkludert nokre av dei store folkesjukdommane. Interessa for ernæring i samfunn og media er derfor svært stor. Det er mangel på personar med høgare utdanning innan ernæring.
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du ha 2MX/2MY/3MZ + 2FY + 3KJ.
Med ein bachelorgrad i human ernæring har du eit godt grunnlag for å gå vidare på ernæringsstudium. Viss du held fram på masterstudiet i klinisk ernæring, vil du blant anna kunne søkje autorisasjon som helsepersonell, og du kan arbeide som klinisk ernæringsfysiolog i helseføretak. Viss du vel ei av dei andre studieretningane i ernæring, er det mange yrkesvegar som er opne innan forsking, i marin produksjon og i næringsmiddelindustrien.
Ønsker du å vite meir?
Ta kontakt med studierettleiaren!
info@mofa.uib.no
55 58 64 00