Studieprogram: BAMN-BINF Bachelorprogram i informatikk: bioinformatikk - Høst 2017




Namn på grad

Bachelor i naturvitskap

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i informatikk:bioinformatikk har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Undervisningsspråk

 Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bioinformatikk er uunnverleg i moderne biologi og dermed i forståinga av liv og utviklinga av helse og sjukdom. Bioinformatikk er dermed av særleg nytte for samfunnet. Målet med dette programmet er å undervise studentane i dei grunnleggjande emna som er naudsynte for å kunne anvende metodar frå bioinformatikk mot problemstillingar i biologi, og til å legge eit fundament for vidare studiar i bioinformatikk på masternivå.

Læringsutbyte

En kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap

 

Kandidaten:
- Er i stand til å gjennomgå grunnleggjande statistikk og algoritmar som blir brukt i metodar innan bioinformatikk.

- Kan forklare algoritmar sitt forhold til biologiske spørsmål som dei prøver å besvare/belyse.

- Er kjent med grunnleggjande kjemi og molekylærbiologi

- Har kjennskap til sentrale metodar innan maskinlæring og bioinformatikk

 

 

Ferdigheiter

 

Kandidaten:
- Kan designe og implementere algoritmar og metodar innan bioinformatikk i tråd med god informatikk-praksis.

 

Generell kompetanse


Kandidaten:
-Kan kritisk og analytisk vurdere eiget og andres arbeid, og på eigenhand utvide sitt kunnskapsfelt.
-Kan arbeide både sjølvstendig og i grupper med andre.
-Kan vurdere juridiske og etiske sider ved arbeidet sitt.
-Kan på eigenhand utvide sitt kunnskapsfelt

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og krav om realfag (REALFA).

 

 

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorprogrammet i datavitskap bygger på matematikk R1+R2 og gode mattekunnskapar er derfor tilrådd.

Innføringsemne

Ex.phil

Obligatoriske emne

Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet: Ex.phil., INF100, MAT101/MAT111, MNF130, INF101, MAT121, DAT103, INF102, KJEM100/KJEM110, INF112/INF142, INF281, MOL100, INF285, STAT110/MOL203/INF122

Spesialisering

Spesialiseringa i bachelorprogrammet i bioinformatikk er på til saman 130 studiepoeng som består av følgjande emne:

 

1 semester: INF100, MAT101/MAT111,
2.semester: MNF130, INF101, MAT121
3.semester: DAT103, INF102, KJEM100/KJEM110
4.semester: INF112/INF142, INF281, MOL100
5. semester: INF285, STAT110/MOL203/INF122

Tilrådde valemne

Følgjande emne er tilrådde i studieprogrammet: INF283 Innføring i maskinlæring.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta "spesialisering".

Delstudium i utlandet

Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta delar av studiet ved lærestader i utlandet.

Undervisningsmetodar

Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid, seminar. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: bestått/ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan relevant fagområde.

For å vere kvalifisert for opptak til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Med utdanning innan bioinformatikk vil ein blant anna kunne arbeide innan følgjande bransjar; forsking, olje-industri, undervisning, offentleg forvaltning. Med ein bachelorgrad i bioinformatikk har ein eit godt grunnlag for å gå vidare på masterstudium i bioinformatikk, og mange andre studieretningar innan informatikk. Dersom ein avsluttar studiane etter fullført bachelorgrad, er kompetanse med bruk av informatikk i eit anna fagfelt det største konkurransefortrinnet.

 

 

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@ii.uib.no

Tlf. 55 58 42 86