Studieprogram: BAMN-DTEK Bachelorprogram i informatikk: datateknologi - Vår 2017




Namn på grad

Bachelor i naturvitskap

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i datateknologi har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Programmet gjev ein grundig innføring i prinsipp, teknikkar, og metodar for utvikling av programvare, og gjev trening i kreative og analytiske ferdigheiter og problemløysing, samt teknikkar for å forenkle kompliserte problem og system slik at dei kan handterast av menneske og maskinar. Studiet gjev eit praktisk og teoretisk grunnlag innan forskjellege teknikkar for programmering, testing og utvikling av større datasystem. Det leggast vekt på å handtere samfunnsrelaterte utfordringar, sikkerheit og høgintegritetsprogramvare.

Læringsutbyte

En kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Kandidaten

- Demonsterer brei kunnskap om fagfeltet og informatikk.
- Har inngående kjennskap til og erfaring med verkty og teknikkar som nyttast i moderne systemutvikling.

 

Ferdigheter

Kandidaten

- Kan delta i planleggjing, utvikling, validering og vedlikehald av større programsystem.
- Kan utvikle programvare for et variert utvalg av plattformer, feks nettbrett, spillkonsoll, berbare datamaskiner og tenarmaskiner.
- Har tilstrekkeleg erfaring og kunnskap til å delta i prosjekt innan systemutvikling.

-Kan gjere rede for og ta i bruk programvare og teknologi for utvikling av robuste og sikre system

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- Kan kritisk og analytisk vurdere eige og andres arbeid.
- Kan arbeide både sjølvstendig og i grupper med andre.
- Kan på eigenhand utvide sitt kunnskapsfelt.
- Reflektere over sentrale, etiske og vitskapelege problemstillingar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. MATRS: Matematikk R1 eller S1+S2

 

 

Tilrådde forkunnskapar

Gode forkunnskapar i matematikk er eit føremon. Vi tilrår matematikk på 3. klasse nivå. Det er ikkje naudsynt med IT frå vidaregåande (Informasjonsteknologi 1 og 2) eller tidlegare erfaring med datateknologi og programmering.

Innføringsemne

Ex.phil

Obligatoriske emne

Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet: Ex.phil., MAT101/MAT111, INF100, MNF130, INF101, INF115, INF122, INF102, DAT103, INF222, INF112, INF250, INF226, INF214.

Spesialisering

Spesialiseringa i bachelorprogrammet i datateknologi er på til saman140 studiepoeng som består av følgjande emne:

INF100 Grunnkurs i programmering
INF101 Vidaregående programmering
INF102 Algoritmar og datastrukturer
INF112 Systemutvikling
INF122 Funksjonell programmering
INF214 Multiprogrammering
INF222 Programmeringsspråk
INF226 Programvaresikkerheit
INF250 Grunnleggande dataorientert visuell berekning
MNF130 Diskrete strukturer
INF115 Modellering og databaser
DAT103 Datamaskiner og operativsystem
MAT101 Brukarkurs i matematikk I eller MAT111 Grunnkurs i matematikk I

5. semester haust, vel eit av følgjande emnar:
INF143 Tryggleik i distribuerte system
INF170 Modellering og optimering
INF234 Algoritmar
INF270 Lineær programmering
STAT110 Grunnkurs i statistikk
eller vel fritt blant alle informatikkurs, emnekode INF.

Tilrådde valemne

Vel fritt blant emne som til saman utgjer 30 studiepoeng i 6. semester. INF219 (Informatikkprosjekt I) anbefalast.

INF109 (Dataprogrammering for naturvitskap) kan ikkje inngå i graden.

For opptak til masterprogram ved Institutt for informatikk er det krav om minst 20 studiepoeng matematikk.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna er oppgitt under Spesialisering.

Delstudium i utlandet

Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta delar av studiet ved lærestader i utlandet.

Det er satt av plass i 6. semester.

Undervisningsmetodar

Undervisningen baserer seg på forelesningar og på gruppe-/labøvingar der man løyser oppgåver. Mange emne har dessutan prosjektarbeid, enten individuelt eller i team.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: bestått/ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk blir utstedt når kravene til graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Du blir kvalifisert for mange ulike datarelaterte jobbar både i privat verksemd og offentleg forvalting. Aktuelle arbeidsplassar kan vere IT-bedrifter, men du kan òg arbeide i til dømes finans- og bankvesen, oljeindustrien, forsikring og konsulentverksemder. Arbeidsoppgåvene ein er skikka til å jobbe med spenner vidt, men nokre typiske eksempel er programmering, internett, datatryggleik og oppgåver knytt til undervisningskompetanse i informatikk for skoleverket.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@ii.uib.no

Tlf 55 58 42 86

Mål og innhald

I dag er datamaskiner og internett en integrert del av vår samfunnsstruktur. Selv om de fleste av oss er avanserte brukere av denne infrastrukturen krever det likevel spesialkompetanse for å videreutvikle og å drive teknologien som holder det hele sammen. Bachelorstudiet i datateknologi gir deg grunnleggende kunnskaper til å arbeide innenfor dette området. Studiet innbefatter bla. tema som programmering, web-teknologi, nettverk, databaser og operativsystemer. De siste semestrene av studiet åpner for ulike spesialiseringer, bla. med tanke på videre master-studier. Aktuelle retninger kan være software-utvikling, kommunikasjonsteknologi, datagrafikk, samt ulike biologiske problemstillinger.

Det legges opp til undervisningsformer hvor studentene selv må være aktive gjennom ulike øvings- og prosjektarbeider ved siden av tradisjonelle forelesinger. Studiet er teknologisk orientert med fokus på anvendelser, der et av hovedmålene er å forberede kandidaten til å kunne jobbe med og delta i utvikling av større programsystem. Siden datateknologi er preget av raske teknologiske omskiftninger, er utdanningen lagt opp til at studenten tilegner seg fundamentale metoder som varer lengre enn dagens spesifikke teknologi.

Tilrådde forkunnskaper

Oppbygging av studiet

Krav til bachelorgraden i datateknologi er en spesialisering på til saman 100 studiepoeng. I tillegg må minst 30 sp. veljast blant valfrie MAT og INF - emner på 100- og 200- nivå (med unntak av INF109).

1. sem. Høst: INF100, MAT101/MAT111, Ex.Phil

2. sem. Vår: INF101, MNF130, INF111

3. sem. Høst: INF102, STAT101/STAT110, TOD077

4. sem. Vår: INF112, INF142

Tilrådde valemne

Denne kombinasjonen av matematikkemne er anbefalt: MAT111, MAT121, MAT221. Kombinasjonen MAT101, STAT101 og MAT121 kan anbefales for deg med svakere matematikkgrunnlag.

Yrkesvegar

Du vil gjennom studiet kvalifisere deg for en rekke ulike datarelaterte jobber både innenfor privat virksomhet og offentlig forvaltning. Aktuelle arbeidssteder kan være i rene IT-bedrifter, men også innenfor andre virksomheter så som i finans- og bankvesen, oljeindustri, forsikring, konsulentvirksomhet m.m. Arbeidsoppgavene spenner vidt, men noen typiske eksempler er programmering, systemutviking, internett, og oppgaver knyttet til datasikkerhet. Graden gir også grunnlag for undervisingskompetanse i informatikk for skoleverket.

Delstudium i utlandet

Ønskjer du å ta delar av studiet i utlandet, bør dette bli gjort i løpet av det tredje året. Vi har i dag avtalar med University of Bologna (Italia), Università degli studi di Roma III (Italia), Makerere University (Uganda), Universitetet i Uppsala (Sverige), Charles University, Praha - (Tsjekkia) og University of Newcastle (Australia). Universitetet i Bergen har dessutan mange andre utvekslingsavtalar.

Administrativt ansvarleg

Institutt for informatikk har ansvar for studieprogrammet.

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål. studieveileder@ii.uib.no