Studieprogram: BAMN-DVIT Bachelorprogram i informatikk: datavitenskap - Vår 2017




Namn på grad

Bachelor i naturvitskap

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i datavitskap har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Utvikling av avanserte IT-løysingar føreset ofte datafaglege kunnskapar som er baserte på god matematisk forståing av metodane som vert nytta. Bachelorstudiet i datavitskap gjev deg akkurat denne typen kunnskap.

Dei første semestra av studiet er retta mot å lære dataprogrammering og grunnleggjande matematikk-kunnskapar. Seinare semester gjev grunnlag for spesialisering innan ulike retningar.
Studiet vektlegg fundamental kunnskap og krev god matematisk bakgrunn og interesse. Sidan datateknologi er prega av raske teknologiske omskiftingar, legg utdanninga opp til at studenten tileignar seg fundamentale metodar som varer lengre enn spesifikk, dagsaktuell teknologi. Du får også eit godt grunnlag for å bli ein av dei som utviklar informasjonsteknologien vidare.

Gjennom studiet oppnår studentane ei brei fagleg kompetanse og praktisk røynsle, og ei god førebuing til vidare studiar på master- og doktornivå. Moglege retningar finn du under omtalane av masterstudia.

Læringsutbyte

En kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Kandidaten

-Har inngåande kunnskap om informatikk og kan redegjøre for matematisk metodar som brukast for å utvikle avanserte datasystem.
-Har kjennskap til og erfaring med verkty og teknikkar for systemutvikling.

 

Ferdigheter

Kandidaten

-Kan formulere og løyse problemstillingar på ein logisk presis måte innan utvalde område innan informatikkfaget, som algoritmar, sikkerheit, programmering og nettverk.
-Kan analysere og fornye eksisterande programvare.

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- Kan kritisk og analytisk vurdere eige og andres arbeid.
- Kan arbeide både sjølvstendig og i grupper.
- Kan på eigenhand utvide sitt kunnskapsfelt.
- Reflektere over sentrale, etiske og vitskapelege problemstillingar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og krav om realfag (REALFA).

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorprogrammet i datavitskap byggjer på matematikk R1+R2 og gode mattekunnskapar er derfor tilrådd.

Innføringsemne

Ex.phil

Obligatoriske emne

Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet:
Ex.phil., MAT111, INF100, MNF130, INF101, MAT121, INF122, INF102, MAT221, INF142, MAT220, STAT110

Spesialisering

Spesialiseringa i bachelorprogrammet i datavitenskap er på til saman120 studiepoeng som består av følgjande emne:

1.semester: INF100, MAT111
2.semester: MNF130, INF101, MAT121
3.semester: INF122, INF102, MAT221
4.semester: INF142, MAT220
5.semester: STAT110, Eit emne frå ein av masterretningane*

*PUT: Fritt val blant INF21X, INF22X-emner, Algoritmer: INF234, Sikkerhet: INF240, Visualisering: INF251, Optimering: INF270, Bioinformatikk: INF283.

Tilrådde valemne

20 SP. må være valemne innan informatikk på 100- og/eller 200-nivå. (INF109 kan ikkje veljast).

10 SP. må være MAT-emne på 100- og/eller 200- nivå.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn fu under overskrifta "Spesialisering".

Delstudium i utlandet

Ønskjer du å ta delar av studiet i utlandet, bør dette gjerast i løpet av det tredje året. Vi har i dag avtalar med blant anna University of Innsbruck (Østerrike), Università degli studi di Roma III (Italia) og Charles University, Praha (Tsjekkia). Universitetet i Bergen har dessutan mange andre utvekslingsavtalar.

 

Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
www.uib.no/utveksling

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar og grupper. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Undervisningsmetodar

Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar og grupper. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: bestått/ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan relevant fagområde.

For å vere kvalifisert for opptak til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Kva kan du bli?

- Gründer

- Prosjektleiar

- Programmerar, systemarkitekt

- Forskar, lærar

Og mykje meir! Du blir kvalifisert til spanande og varierte jobbar innan IT-bransjen; ikkje berre i IT-verksemder. Informatikere er òg etterspurd i finans- og bankvesen, oljeindustrien, forsikring og konsulentverksemder. Med bachelorgrad i datavitskap har du kompetanse til å utføre eit breitt spekter av arbeidsoppgåver og grunnlag for undervisningskompetanse i informatikk for skoleverket. Gjennom heile studiet blir du trent til problemløysing på ulike områder, som vil kome godt med uansett kva du veljar å jobbe med.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@ii.uib.no

Tlf 55 58 42 86

Mål og innhald

Utvikling av avanserte IT-løsninger forutsetter ofte datafaglige kunnskaper som baseres seg på god matematisk forståelse av metodene som benyttes. Bachelorstudiet i datavitenskap gir deg akkurat denne typen kunnskap.

De første semestrene av studiet er rettet mot å lære dataprogrammering samt grunnleggende matematikk-kunnskaper, mens senere semestre gir grunnlag for spesialisering innen ulike retninger.

Studiet vektlegger fundamental kunnskap og krever god matematisk bakgrunn og interesse. Siden datateknologi er preget av raske teknologiske omskiftninger, er utdanningen lagt opp til at studenten tilegner seg fundamentale metoder som varer lengre enn dagens spesifikke teknologi. Man får også et godt grunnlag for å bli en av dem som utvikler informasjonsteknologien videre.

Gjennom studiet oppnår studentene en bred faglig kompetanse og praktisk erfaring, samt en god forberedelse til videre studier på master- og doktornivå. Mulige retninger finner du under beskrivelse av masterstudium.

Tilrådde forkunnskaper

Undervisninga byggjer på kunnskap som tilsvarar R2/3MX

Oppbygging av studiet

Krav til bachelorgraden i datavitenskap er en spesialisering på til saman 110 studiepoeng. I tillegg må minst 30 SP. med INF-emner på 100- og 200- nivå veljast blant valfrie emne (med unntak av INF109) og minst 10 SP. blant MAT -emne på 100- og/eller 200- nivå .

1. sem. Høst: INF100, MAT111, Ex.Phil

2. sem. Vår: INF101, MNF130, MAT121

3. sem. Høst: INF102, STAT110, MAT221

4. sem. Vår: INF142, MAT220

5.sem Haust: INF121

Yrkesvegar

Studiet kvalifiserer både for jobb innanfor IT-industrien og for ei vidare forskarkarrière. Aktuelle arbeidsgivarar vil vere reine IT-bedrifter, men også andre delar av næringslivet, slik som finans- og bankvesen, oljeindustrien, forsikring, konsultentverksemd, m.m. Arbeidsoppgåvene spenner vidt, men nokre typiske eksempel er programmering, systemutviking, internett, og oppgåver knytte til datasikkerheit. Graden gir også grunnlag for undervisningskompetanse i informatikk for skoleverket.

Delstudium i utlandet

Ønskjer du å ta delar av studiet i utlandet, bør dette bli gjort i løpet av det tredje året. Vi har i dag avtalar med University of Bologna (Italia), Università degli studi di Roma III (Italia), Makerere University (Uganda), Universitetet i Uppsala (Sverige), Charles University, Praha - (Tsjekkia) og University of Newcastle (Australia). Universitetet i Bergen har dessutan mange andre utvekslingsavtalar.

Administrativt ansvarleg

Institutt for informatikk har ansvar for studieprogrammet.

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål. studieveileder@ii.uib.no