Studieprogram: BAMN-GEOF Bachelorprogram i klima, atmosfære- og havfysikk - Høst 2017




Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Oppstart haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i klima-, atmosfære- og havfysikk (tidlegare Bachelorprogram i meteorologi og oseanografi) gjev studentane ei grunnleggjande innføring i dei faktorane som styrer rørsla i atmosfæren og i havet: fysiske eigenskapar til atmosfæren, fysiske og kjemiske eigenskapar til hav, målingar og analyse av eigenskapar til atmosfære og hav. Studiet gjev også ei innføring i fenomen som påverkar vekselverknaden mellom atmosfære og hav, og korleis nemnd kunnskap kan nyttast for å forstå og forklara variasjonar og endringar i klima.

Bachelorprogrammet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk og matematikk, og gjev studentane god bakgrunn for arbeid i mellom anna forsking, utdanning, forvaltning, vêrvarsling, klima og fornybar energi.

Spesialiseringa oseanografi er studiet av fenomen i havet og i sjøvatn og dei tilhøyrande fysiske og kjemiske eigenskapane. Rolla til havet i variasjonar og endring av klima er også eit sentralt tema her. Spesialiseringa meteorologi er studiet av vêrfenomen, fysiske prosessar i atmosfæren, klima og klimaendringar. I både meteorologi og oseanografi er dei fysiske lovene formulerte med hjelp av matematiske likningar som nyttast til å skildre og betre forstå naturen.

Ettersom faga nyttar informasjonsteknologi blir informatikk tilrådd som støttefag.
Studieprogrammet nyttar forsking og ekspertise i fysikk, matematikk, kjemi og geofysikk til å utdanne kandidatar med kompetanse i meteorologi, oseanografi og klima samt danna grunnlag for vidare spesialisering (mastergrad).

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført bachelorgrad i klima-, atmosfære- og havfysikk skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

 

Kandidaten

- kjenner til den historiske utviklinga av klima-, atmosfære- og havfysikk, saman med generell meteorologi og oseanografi

- er kjent med terminologien som vert nytta i meteorologi og oseanografi

- kan gje ein oversikt over sentrale trekk ved rørsla og fysikken i atmosfære og hav og dei underliggjande prinsippa

- er i stand til å skildre og kvantifisere faktorane som styrer variasjon og endring i klima

- kan måle sentrale storleikar i atmosfære og hav, og er i stand til å utføre grunnlggjande analysar

- kan samanfatta felt- og/eller laboratoriearbeid i ein skriftleg rapport

 

Ferdigheiter

Kandidaten

 

- kan analysere prosessar i og vekselverknader mellom atmosfære og hav

- kan utføre utrekningar ved bruk av kunnskap frå væskedynamikk, klassisk mekanikk, termodynamikk, informatikk og dataanalyse

- kan forklare meteorologi, oseanografi og klima til lekfolk og fagfolk

- kan hente relevant informasjon frå bibliotek og vitskapelege databasar

- kan skrive eit essay om eit tema om klima, atmosfære- og/eller havfysikk

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan forklara matematiske omgrep og anvende matematisk formalisme innan til dømes analyse, komplekse tal, lineær algebra og enkle differensiallikningar på geofysiske problem

- kan forklara sentrale omgrep i meteorologi, oseanografi og klima, og greie ut om likskapar og skilnadar mellom desse

- kjenner til og kan tileigna seg grunnleggjande kunnskap om eksperimentell apparatur og feltaktivitet i meteorologi og oseanografi, og kan gjennomføra og formidla tilhøyrande dataanalyse

- kan utføre sjølvstendig prosjektarbeid, og skrive og presentera avsluttande prosjektrapport i tråd med god vitskapleg praksis

- kjenner til korleis ein modellerer grunnleggjande eigenskapar for atmosfæren og havet sin dynamikk og fysikk

- kan formidla sentrale område i meteorologi, oseanografi og klima på bachelornivå

- kan reflektere over sentrale, etiske og vitskaplege problemstillingar innan fagområda meteorologi, oseanografi og klima

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA). Meir informasjon finn du her: http://www.uib.no/matnat/55436/realfagskrav-ved-mn-fakultetet

 

All undervisning i Bachelorprogram for meteorologi og oseanografi bygger på at du har matematikk R1+R2 og Fysikk 1 og 2 fra videregående skole. Startar du utan denne bakgrunnen må du rekne med å bruke eitt år ekstra på bachelorgraden.

 

 

Innføringsemne

MAT111, GEOF100 og INF109, Ex.phil er tilrådd i 4. semester.

 

Obligatoriske emne

Krav til bachelorgraden i meteorologi og oseanografi er ei spesialisering på til saman 110 studiepoeng som består av følgjande emne: MAT112, MAT121, MAT131, MAT212, PHYS111, GEOF105, GEOF110, GEOF210, GEOF212,
og 10 studiepoeng blant emna: PHYS112, PHYS113,

samt 10 studiepoeng blant emna: GEOF213, GEOF220 eller GEOF236 for kvalifisering til master (geofysikkval).
INF109 blir tilrådd som valemne i første semester.
I tillegg er følgjande emne obligatoriske i studieprogrammet: Ex.phil., MAT101/MAT111

Tilrådde valemne

Følgjande emne er tilrådde valemne i studieprogrammet:

INF109 (evt. INF100), GEOF211, GEOF213, GEOF220,

GEOF230, GEOF232, GEOF236, MAT213, MAT236, MAT252, MAT253, MAT261 og KJEM100.

Valemne bør velgjast i høve til planlagt masterstudium.

Masterprogram i meteorologi og oseanografi har spesielle faglege opptakskrav avhengig av studieretning, også kalla geofysikkval.

Studentane står fritt til å gjere andre val av emne. Inntil 10 sp på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Oppbygging). Ofte byggjer emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er då oppgitt i Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar.

Delstudium i utlandet

Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta elar av studiet ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) eller på lærestader i utlandet, primært i femte og/eller sjette semester.

 

Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar både i og utanfor Europa som kan nyttast til å studere eit eller to semestre i eit anna land eller på UNIS. På Bachelorprogram i meteorologi og oseanografi har vi i tillegg utvalde samarbeidsuniversitet der fagtilboda passar spesielt godt. Dette gjeld også for opphald på Universitetssenteret på Svalbard (UNIS).

Utanlandsopphaldet/opphald på UNIS blir integrert i graden.

Studentar som vel å ta undervisning utanfor instituttet må søkje instituttet ved programstyret om godkjenning for studieopplegg ved undervisningsstad. Sjå http://www.uib.no/utdanning/48724/reise-p%c3%a5-utveksling for meir informasjon.

Vurderingsformer

Vurderingsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan relevant fagområde. For å vere kvalifisert for opptak til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Kvalifisering til Masterprogram i meteorologi og oseanografi krev i tillegg GEOF213, GEOF220 eller GEOF236, avhengig av kva for studieretning du vel (sjå http://www.uib.no/gfi/56499/studieprogram-p%c3%a5-gfi#masterprogram).

Kvalifisering til Masterprogram i energi krev PHYS113 som kan inngå i spesialiseringsdelen av ein bachelorgrad meteorologi og osenaografi.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorgrad i meteorologi og oseanografi kan gje kompetanse i t.d. skuleverket, og i kommunal/fylke/statleg forvaltning. Det er generelt ei stor føremon å ta mastergrad. Ein vil då vera etterspurd innanfor bransjar som forsking, vêrvarsling, klima, skuleverket, forsvaret, fornybar energi, forsikring, samferdslesektoren og i miljøretta arbeid. Kandidatar med solide kunnskapar i matematikk og fysikk er mangelvare på arbeidsmarknaden. Vi driv grunnforsking i fag som er heilt sentrale for å forstå naturen, og som dannar grunnlaget for teknologien som vil bli nytta i framtida. Faga våre er dermed viktige for notidig og framtidig verdiskaping i samfunnet.

For meir informasjon om kva muligheitar ein har med ei utdanning innan meteorologi og osenaografi, sjå: http://www.uib.no/gfi/52971/etter-endt-utanning og http://utdanning.no/yrker/beskrivelse/meteorolog

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt Geofysisk institutt.

Administrativt ansvarleg

Geofysisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@gfi.uib.no (eller på tlf 55 58 28 93). 

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i meteorologi og oseanografi er 3-årig (180 studiepoeng). Primærfagene i studieprogrammet er matematikk, fysikk, meteorologi og oseanografi. Målgruppen for programmet er studenter med interesse for meteorologi, oseanografi og klima. Ettersom fagene er brukere av informasjonsteknologi anbefales informatikk som støttefag. Kjemi er et viktig støttefag for dem som ønsker å gå videre med masterstudier i kjemisk oseanografi. Fagområdet oseanografi omfatter studiet av fenomener i havet og sjøvannets fysiske og kjemiske egenskaper. Havets rolle for klimaet og klimaendringer er også et sentralt tema. Meteorologi omfatter studiet av værsystemer, fysiske prosesser i atmosfæren, klima og klimaendringer. I både meteorologi og oseanografi bruker vi de fysiske lovene formulert i matematiske ligninger for å beskrive og forklare fenomener i naturen.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du ha 2MX/2MY/3MZ + 3MX/3FY/3BI/3KJ.

Tilrådde forkunnskaper

Undervisninga i bachelorprogrammet i meteorologi og oseanografi byggjer på 3MX og 3FY.

Undervisning

Undervisningsformer står beskrevet under hvert enkelt emne.

Oppbygging av studiet

Krav til bachelorgraden i meteorologi og oseanografi er ei spesialisering på til saman 90 studiepoeng, beståande av fyljande emne:

MAT112, MAT121, MAT131, PHYS111, GEOF110, GEOF120, GEOF130 og 20 studiepoeng blant emna: MAT212, STAT110, PHYS110, MAT236/PHYS116.

MAT212 og STAT110 i 3. semester er å anbefala.

GEOF236 er obligatorisk for vidare masterstudium i kjemisk oseanografi, normalt 3. semester.

Innføringsemne

Ex.phil, MAT111, MNF140

Fageining og spesialisering

Valgfriheten i programmet kan benyttes til å ta et studieopphold i utlandet. Det finnes i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta et semester eller to av utdanningen i et annet land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utenfor Europa. På alle bachelorprogram i meteorologi og oseanografi velger vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversiteter for å finne det fagtilbudet som passer best for våre studenter. På den måten får du tilbud om et tilrettelagt utenlandsopphold som blir integrert i graden.

Obligatoriske aktivitetar

Obligatoriske aktiviteter som går inn i graden står beskrevet under hvert enkelt emne.

Tilrådde valemne

GEOF210, GEOF211, GEOF212, GEOF230, GEOF236, STAT110, MAT213, MAT236, PHYS110, PHYS112, PHYS114, MAT160, KJEM100 og BIO202.

Valemner bør veljast i forhold til planlagt masterstudium. Nokre masterprogramm har spesielle faglege opptakskrav. Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.

Vurdering / Eksamensformer

Obligatorisk undervisning og informasjon om evalueringsformer står beskrevet under hvert enkelt emne.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i meteorologi og oseanografi utdanner kandidater som er meget etterspurte innen bransjer som oljeindustri, forskning, skoleverket, værvarsling og i miljørettet arbeid. Kandidater med solide grunnkunnskaper i matematikk og fysikk er en mangelvare på arbeidsmarkedet. Vi driver grunnforskning i fag som er helt sentrale for vår forståelse av naturen, og som dessuten danner grunnlaget for fremtidens teknologi. Fagene våre er dermed viktige for verdiskapingen i samfunnet.

Læremiddelomtale

Læremiddel som blir brukt i programmet står beskrevet under hvert enkelt emne.

Delstudium i utlandet

Valgfriheten i programmet kan benyttes til å ta et studieopphold i utlandet. Det finnes i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta et semester eller to av utdanningen i et annet land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utenfor Europa. På alle bachelorprogram i meteorologi og oseanografi velger vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversiteter for å finne det fagtilbudet som passer best for våre studenter. På den måten får du tilbud om et tilrettelagt utenlandsopphold som blir integrert i graden.

Oppstart

Høst

Administrativt ansvarleg

studierettleiar@gfi.uib.no / studieveileder@gfi.uib.no / 55 58 26 04