Bachelorprogrammet i klima-, atmosfære- og havfysikk gjev studentane ei grunnleggjande innføring i dei faktorane som styrer rørsla i atmosfæren og i havet: fysiske eigenskapar til atmosfæren, fysiske og kjemiske eigenskapar til hav, målingar og analyse av eigenskapar til atmosfære og hav. Studiet gjev også ei innføring i fenomen som påverkar vekselverknaden mellom atmosfære og hav, og korleis nemnd kunnskap kan nyttast for å forstå og forklara variasjonar og endringar i klima.
Bachelorprogrammet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk og matematikk, og gjev studentane god bakgrunn for arbeid i mellom anna forsking, utdanning, forvaltning, vêrvarsling, klima og fornybar energi.
Spesialiseringa oseanografi er studiet av fenomen i havet og i sjøvatn og dei tilhøyrande fysiske og kjemiske eigenskapane. Rolla til havet i variasjonar og endring av klima er også eit sentralt tema her. Spesialiseringa meteorologi er studiet av vêrfenomen, fysiske prosessar i atmosfæren, klima og klimaendringar. I både meteorologi og oseanografi er dei fysiske lovene formulerte med hjelp av matematiske likningar som nyttast til å skildre og betre forstå naturen.
Ettersom faga nyttar informasjonsteknologi blir informatikk tilrådd som støttefag.
Studieprogrammet nyttar forsking og ekspertise i fysikk, matematikk, kjemi og geofysikk til å utdanne kandidatar med kompetanse i meteorologi, oseanografi og klima samt danna grunnlag for vidare spesialisering (mastergrad).
Ein kandidat med fullført bachelorgrad i meteorologi og oseanografi skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- kjenner til den historiske utviklinga av meteorologi og oseanografi
- er kjent med terminologien innan meteorologi og oseanografi
- kan gje ein oversikt over sentrale trekk ved rørsla og fysikken i atmosfære og hav og dei underliggjande prinsippa
- er i stand til å skildre og kvantifisere faktorane som styrer variasjon og endring i klima
- kan måle grunnleggjande storleikar i atmosfære og hav, og er i stand til å utføre grunnlggjande analysar
- kan samanfatta felt- og/eller laboratoriearbeid i ein skriftleg rapport
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan analysere prosessar i og vekselverknader mellom atmosfære og hav
- kan utføre utrekningar ved bruk av kunnskap frå væskedynamikk, klassisk mekanikk, termodynamikk og dataanalyse
- kan forklare meteorologi, oseanografi og klima til lekfolk og fagfolk
- kan hente relevant informasjon frå bibliotek og vitenskaplege databaser
- kan skrive eit essay om eit tema innan meteorologi og/eller oseanografi
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan forklara matematiske omgrep og anvende matematisk formalisme innan til dømes analyse, komplekse tal, lineær algebra og enkle differensiallikningar på geofysiske problem
- kan forklara sentrale omgrep i meteorologi og oseanografi, og greie ut om likskapar og skilnadar mellom desse
- kjenner til og kan tileigna seg grunnleggjande kunnskap om eksperimentell apparatur og feltaktivitet i meteorologi og oseanografi, og kan gjennomføra og formidla tilhøyrande dataanalyse
- kan utføre sjølvstendig prosjektarbeid, og skrive og presentera avsluttande prosjektrapport i tråd med god vitskapleg praksis
- kjenner til korleis ein modellerer grunnleggjande eigenskapar for atmosfæren og havet sin dynamikk og fysikk
- kan formidla sentrale område i meteorologi og oseanografi på bachelornivå
- kan reflektere over sentrale, etiske og vitskaplege problemstillingar innan fagområda meteorologi, oseanografi og klima
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA). Meir informasjon finn du her: http://www.uib.no/matnat/55436/realfagskrav-ved-mn-fakultetet
All undervisning i Bachelorprogram for meteorologi og oseanografi bygger på at du har matematikk R1+R2 og Fysikk 1 og 2 fra videregående skole. Startar du utan denne bakgrunnen må du rekne med å bruke eitt år ekstra på bachelorgraden.
MAT111, GEOF100 og INF109, Ex.phil er tilrådd i 4. semester.
Krav til bachelorgraden i meteorologi og oseanografi er ei spesialisering på til saman 110 studiepoeng som består av følgjande emne: MAT112, MAT121, MAT131, MAT212, PHYS111, GEOF105, GEOF110, GEOF210, GEOF212,
og 10 studiepoeng blant emna: PHYS112, PHYS113,
samt 10 studiepoeng blant emna: GEOF213, GEOF220 eller GEOF236 for kvalifisering til master (geofysikkval).
INF109 blir tilrådd som valemne i første semester.
I tillegg er følgjande emne obligatoriske i studieprogrammet: Ex.phil., MAT101/MAT111
Følgjande emne er tilrådde valemne i studieprogrammet:
INF109 (evt. INF100), GEOF211, GEOF213, GEOF220,
GEOF230, GEOF232, GEOF236, MAT213, MAT236, MAT252, MAT253, MAT261 og KJEM100.
Valemne bør velgjast i høve til planlagt masterstudium.
Masterprogram i meteorologi og oseanografi har spesielle faglege opptakskrav avhengig av studieretning, også kalla geofysikkval.
Studentane står fritt til å gjere andre val av emne. Inntil 10 sp på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.
Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta elar av studiet ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) eller på lærestader i utlandet, primært i femte og/eller sjette semester.
Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar både i og utanfor Europa som kan nyttast til å studere eit eller to semestre i eit anna land eller på UNIS. På Bachelorprogram i meteorologi og oseanografi har vi i tillegg utvalde samarbeidsuniversitet der fagtilboda passar spesielt godt. Dette gjeld også for opphald på Universitetssenteret på Svalbard (UNIS).
Utanlandsopphaldet/opphald på UNIS blir integrert i graden.
Studentar som vel å ta undervisning utanfor instituttet må søkje instituttet ved programstyret om godkjenning for studieopplegg ved undervisningsstad. Sjå http://www.uib.no/utdanning/48724/reise-p%c3%a5-utveksling for meir informasjon.
Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan relevant fagområde. For å vere kvalifisert for opptak til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.
Kvalifisering til Masterprogram i meteorologi og oseanografi krev i tillegg GEOF213, GEOF220 eller GEOF236, avhengig av kva for studieretning du vel (sjå http://www.uib.no/gfi/56499/studieprogram-p%c3%a5-gfi#masterprogram).
Kvalifisering til Masterprogram i energi krev PHYS113 som kan inngå i spesialiseringsdelen av ein bachelorgrad meteorologi og osenaografi.
Bachelorgrad i meteorologi og oseanografi kan gje kompetanse i t.d. skuleverket, og i kommunal/fylke/statleg forvaltning. Det er generelt ei stor føremon å ta mastergrad. Ein vil då vera etterspurd innanfor bransjar som forsking, vêrvarsling, klima, skuleverket, forsvaret, fornybar energi, forsikring, samferdslesektoren og i miljøretta arbeid. Kandidatar med solide kunnskapar i matematikk og fysikk er mangelvare på arbeidsmarknaden. Vi driv grunnforsking i fag som er heilt sentrale for å forstå naturen, og som dannar grunnlaget for teknologien som vil bli nytta i framtida. Faga våre er dermed viktige for notidig og framtidig verdiskaping i samfunnet.
For meir informasjon om kva muligheitar ein har med ei utdanning innan meteorologi og osenaografi, sjå: http://www.uib.no/gfi/52971/etter-endt-utanning og http://utdanning.no/yrker/beskrivelse/meteorolog
Undervisninga i bachelorprogrammet i meteorologi og oseanografi byggjer på 3MX og 3FY.
Undervisningsformer står beskrevet under hvert enkelt emne.
Krav til bachelorgraden i meteorologi og oseanografi er ei spesialisering på til saman 90 studiepoeng, beståande av fyljande emne:
MAT112, MAT121, MAT131, PHYS111, GEOF110, GEOF120, GEOF130 og 20 studiepoeng blant emna: MAT212, STAT110, PHYS110, MAT236/PHYS116.
MAT212 og STAT110 i 3. semester er å anbefala.
GEOF236 er obligatorisk for vidare masterstudium i kjemisk oseanografi, normalt 3. semester.
Ex.phil, MAT111, MNF140
Obligatoriske aktiviteter som går inn i graden står beskrevet under hvert enkelt emne.
GEOF210, GEOF211, GEOF212, GEOF230, GEOF236, STAT110, MAT213, MAT236, PHYS110, PHYS112, PHYS114, MAT160, KJEM100 og BIO202.
Valemner bør veljast i forhold til planlagt masterstudium. Nokre masterprogramm har spesielle faglege opptakskrav. Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.
Obligatorisk undervisning og informasjon om evalueringsformer står beskrevet under hvert enkelt emne.
Læremiddel som blir brukt i programmet står beskrevet under hvert enkelt emne.
Valgfriheten i programmet kan benyttes til å ta et studieopphold i utlandet. Det finnes i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta et semester eller to av utdanningen i et annet land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utenfor Europa. På alle bachelorprogram i meteorologi og oseanografi velger vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversiteter for å finne det fagtilbudet som passer best for våre studenter. På den måten får du tilbud om et tilrettelagt utenlandsopphold som blir integrert i graden.
Høst
studierettleiar@gfi.uib.no / studieveileder@gfi.uib.no / 55 58 26 04