Studieprogram: BAMN-GEOV Bachelorprogram i geovitenskap - Høst 2017
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Innan det som i skulen vert definert som geofag er det to ulike bachelorprogram ved Universitetet i Bergen: Bachelorprogrammet i Meteorologi og oseanografi vert undervist ved Geofysisk institutt (Allégt. 70) og studerer havet og atmosfæren. Bachelorprogrammet i Geovitskap, som omtales her, tar for seg den faste jord si samansetning og utvikling, og vert undervist på Institutt for Geovitskap (Realfagbygget, Allegt. 41).
Programmet gir ei brei innføring i faget sine sentrale disipliner for å oppnå ei forståing av korleis jorda har endra seg i tid og rom på global, regional, og lokal skala. Konsekvensar dei geologiske prosessane har for miljø og klima, samt danning og utvinning av ressursar som olje og gass, er også viktige tema. Programmet i geovitskap gir, i likskap med programmet i petroleumsteknologi, utdanning som blant anna vil vere relevant for petroleumsindustrien.
Programmet har to studieretningar; geologi og geofysikk. Desse er nær beslekta, og geologar og geofysikarar arbeider mot dei same måla. Forskjellen er hovudsakleg knytta til at geofysikk i større grad nyttar fjernmåling av fysiske eigenskapar, som til dømes bølgjeutbreiing (seismikk) og magnetiske, gravimetriske og elektriske felt for å studere jorda og hennar ressursar, mens geologi i større grad baserer seg på direkte observasjonar av bergartar og lausmasser i naturen.
Felles for begge studieretningar er at innsamling og analyse av feltdata er eit sentralt element ved sidan av modellering og eksperimentelle og metodiske studium. Bachelorprogrammet kombinerer ein bred teoretisk plattform med praktisk arbeid gjennom ei rekke felt- og metodekurs der ekskursjonar i inn- og utland inngår som ein viktig del av undervisninga.
Begge studieretningane er basert på eit felles grunnlag i geofysiske og geologiske disiplinar, samt emne i basisfag som matematikk, kjemi og fysikk, og i noen tilfelle også biologi, statistikk og informatikk. I frå 3. semester vel studentane i geofysikk mellom to ulike retningar som gir ulike emneval; anten mot geofagleg orientert problemløysing eller alternativt ei meir matematisk-fysisk retning mot teori og metodikk.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta grad - studieretning geologi, ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- kjenner fundamentale omgrep innan geologisk terminologi
- kan gjere greie for geofaget sin eigenart og utvikling
- kan greie ut om jorda si oppbygning og dynamikk, samt dei indre og ytre prosessane som former jordskorpa
- kan gje ei oversikt av hovudtrekka i jorda si geologiske utvikling frå prekambrium til notid
- kan gjere greie for vanlege geologiske undersøkingsmetodar og prinsippa for desse
- kan gjere greie for vanlege mineral, bergartar, og fossilgrupper, samt forklare ein bergart si danning og utviklingshistorie
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan bruke bibliotek og vitskaplege databasar til å hente inn relevant informasjon
- kan presentere skriftleg og munnleg om geologiske tema
- kan identifisere og beskrive metamorfe, magmatiske og sedimentere bergarter
- kan tolke sedimentære avsetningar og strukturar i høve til paleomiljø
- kan anvende grunnleggande feltmetodar for å framstille geologiske kart
- kan lage sedimentologiske loggar og geologiske profil på grunnlag av eigne observasjonar
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan arbeide sjølvstendig og i lag for å løyse faglege problemstillingar
- kan formidle faglege konsept
- kan nytta vitskapleg metode og integrere, analysere, tolke og kritisk evaluere datasett for å teste hypotesar
- kan utføre laboratorie- og feltarbeid i samsvar med god HMS-praksis
Kandidaten skal ved avslutta grad - studieretning geofysikk ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- kjenner fundamentale omgrep innan geofysisk og geologisk terminologi
- kan greie ut om jorda si oppbygning og dynamikk, samt dei indre og ytre prosessane som former jordskorpa
- kan gje ei oversikt av hovudtrekka i jorda si geologiske utvikling frå prekambrium til notid
- kan gjere greie for dei fysiske lovene som styrer seismisk bølgjeforplanting i jorda og grunnleggjande jordsskjelvseismologi
- kan beskrive teori og bruk for innsamling, prosessering og tolking av seismiske data
- kan beskrive korleis marin seismikk og andre geofysiske teknikkar vert nytta for å finne og monitorere utvinning av olje- og gassførekomstar
- kan forklare prinsipper og bruksområde for dei ulike potensialfeltmetodane som vert nytta innan geovitskap
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan bruke bibliotek og vitskaplege databasar til å hente inn relevant informasjon
- kan presentere skriftleg og munnleg om geofaglege tema
- kan gjennomføre grunnleggjande databehandling og tolking av seismiske data
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan gjere greie for geofaget sin eigenart og utvikling
- kan arbeide sjølvstendig og i lag for å løyse faglege problemstillingar
- kan formidle faglege konsept
- kan nytta vitskapleg metode og integrere, analysere, tolke og kritisk evaluere datasett for å teste hypotesar
- kan utføre geofysiske undersøkingar og feltarbeid i samsvar med god HMS-praksis
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må realfagskravet (REALFA) være oppfylt. Matematikk R1 eller (S1+S2) + Matematikk (R1+R2) eller Fysikk (1+2) eller Kjemi (1+2) eller Biologi (1+2) eller Geofag (1+2) eller Teknologi og forskningslære (1+2) NB! http://www.uib.no/utdanning/95452/nye-opptakskrav-i-realfagFra og med studieåret 2018/2019 blir det endringer i opptakskravet
Tilrådde forkunnskapar
Gode forkunnskapar i matematikk er eit føremonn. Vi tilrår matematikk på 3. klasse nivå. For studiar innan geofysikk retninga tilrår vi Fysikk (1+2). For studiar innan geologi retninga tilrår vi Kjemi (1+2).
Innføringsemne
Innføringsemna som er obligatorisk for studieprogrammet er Ex.phil og MAT111/MAT101
Obligatoriske emne
Krav til bachelorgraden i geovitenskap er ei spesialisering på til saman 100 studiepoeng for geologiretninga og 120 studiepoeng for geofysikkretninga.
For dei som vel geologiretninga inneheld spesialiseringa emna: MAT102, GEOV101, GEOV102, GEOV103, GEOV104, GEOV105, GEOV107, GEOV109, GEOV110 og GEOV111.
For dei som vel geofysikk retninga er de første to semestra like, men frå 3. semester kan studentane velje mellom to fordjupingar:
For fordjuping i geologisk retning inneheld spesialiseringa emna: PHYS101, MAT121, MAT131, GEOV101, GEOV102, GEOV104, GEOV107, GEOV111, GEOV112, GEOV113, GEOV272 og 1 av de 2 emnene GEOV103 eller GEOV254.
For fordjuping i matematisk retning inneheld spesialiseringa emna: PHYS101, MAT121, MAT112, MAT131, MAT160, MAT212, GEOV101, GEOV111, GEOV112, GEOV113, GEOV254 og GEOV276.
Tilrådde valemne
For studentar som tek den geologiske retninga vert det anbefalt å ta en del basisfag som:
kjemi (KJEM 100, KJEM 110, KJEM 120, KJEM122, KJEM 130 og KJEM 131), matematikk (MAT 112, MAT 121, MAT 212), statistikk (STAT 101, STAT 110), fysikk (PHYS 101, PHYS 111), petroleumsteknologi (PTEK100), informatikk (INF 109).
For studentar som tek den geofysiske retninga, fordjupning geologi, vert det sterkt anbefalt å ta emna: KJEM110, MAT160, PHYS102. For studentar som tek den geofysiske retninga, fordjupning matematikk, vert det sterkt anbefalt å ta emna: PHYS102, GEOV215, MAT230, MAT236. Utover dette vert det anbefalt å ta ein del basisfag som: fysikk (PHYS111, PHYS113), statistikk (STAT101, STAT110, STAT111), geologi (GEOV103, GEOV105, GEOV108), informatikk (INF109), matematikk (MAT112), petroleumsteknologi (PTEK100) og for nokre studentar kjemi (KJEM130, KJEM131).
Elles bør valemna velgast i forhold til planlagt fordjuping og eventuell masterstudium. Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachleorgraden.
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar på emna.
Delstudium i utlandet
Det er i dag moglegheiter for delstudiar i ulike deler av verden; Norden (København, Island), Europa (Nederland, Frankrike, Tyskland, Storbritannia), USA (Hawaii, Montana) og Australia. Studentar vert anbefalt å reise ut i 6.semester (retning geologi) eller 5.semester (retning geofysikk). Studium i utlandet krev ein del planlegging, ta derfor kontakt med studierettleiaren på programmet ditt så tidleg som mogleg. Verdt å nemne er Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), som gir moglegheit for studiar i unike geologiske omgivingar. For innpassing av eit eller to semester ved UNIS, ta kontakt med studierettleiar.
Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet
Undervisningsmetodar
Undervisningsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Vurderingsformer
Vurderingsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Karakterskala
Karakterskala for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Grunnlag for vidare studium
Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan geovitskap avhengig av fordjuping. For å bli tatt opp til eit masterprogram skal gjennomsnittskarakter på spesialiseringa i bachelorgraden være C eller betre.
Relevans for arbeidsliv
Studiet gir kunnskap og kompetanse som kvalifiserer for ulike yrke. Sentrale arbeidsområde er ressursforvaltning, leiting og utvinning av olje og gass, samt klima og miljø. I skuleverket er "Geofag" eit linjefag i den vidaregåande skulen. Geovitskaplege kandidatar er etterspurde innan forsking (private og offentlege institusjonar), petroleumsindustrien, private bedrifter, konsulentverksemder, offentleg forvalting (kommune, fylke, stat) og skoleverket.
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
Administrativt ansvarleg
Institutt for geovitskap har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@geo.uib.no