Studieprogram: BAMN-MAT Bachelorprogram i matematikk - Vår 2017
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Bachelorprogrammet i matematikk gjev ein generell bakgrunn i matematikk. Studiet gjev trening i abstrakt tenking, og i å analysere problem av matematisk art, der løysningsmetoden ikkje nødvendigvis er kjend. Under studiet vil studentane utvikle ei evne til å sjølv setja seg inn i nye område og i å formidle matematikk.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- Kan tileigna seg og anvende kunnskap i grunnleggjande matematisk teori som kalkulus, lineær algebra, algebra, reell analyse og elementær topologi.
- Kan bruka og greia ut om eit vidt spekter av metodar og teknikkar for analyse og løysing av matematiske problem.
- Kan gjere reie for teori og korleis denne kan brukast til utvikling av nye metodar og teknikkar.
- Kan summere opp abstrakte delar av faget.
Ferdigheiter
Kandidaten
- Meistrer grunnleggjande matematiske felt som matematisk analyse og algebra.
- Kan bruka metodar frå fleire greiner av matematikk.
- Kan gå inn i kompliserte problemstillingar, kjenne att struktur og formulere eit problem matematisk, finne fram til eigna løysingsmetodar og tolke løysingane.
- Kan løyse problem med ulike matematiske teknikkar.
- Kan argumentere matematisk presist og presentere prov og klare resonnement.
Generell kompetanse
Kandidaten
- Kan formulere seg på ein vitskapleg måte, både skriftleg og munnleg.
- Kan bedømme om eit matematisk argument er korrekt.
- Kan arbeide sjølvstendig og i gruppe.
- Demonstrerer forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og
REALFA: Matematikk R1 eller (S1+S2) OG fordjuping i eitt realfag (R1+R2) eller FYS(1+2) eller KJE(1+2) eller BIO(1+2) eller INFO(1+2) eller GEO(1+2) eller TEK(1+2).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFYhttp://link.uib.no/?1jIFY.
Innføringsemne
Ex.phil
Obligatoriske emne
Bachelorprogrammet i matematikk inneheld 90 studiepoeng med fagleg spesialisering som består av følgjande emne: http://www.uib.no/emne/MAT111MAT111 Grunnkurs i matematikk I, http://www.uib.no/emne/MAT112MAT112 Grunnkurs i matematikk II, http://www.uib.no/emne/MAT121MAT121 Lineær algebra, MAT211 Reell analyse, http://www.uib.no/emne/MAT212MAT212 Funksjonar av fleire variable, http://www.uib.no/emne/STAT110MAT220 Algebra, http://www.uib.no/emne/INF100MAT292 Prosjektarbeid i matematikk og minst eit av emna MAT213 komplekse funksjonar, MAT224 Kommutativ algebra, MAT242 Topologi og/eller MAT243 Mangfaldigheitar. Det niande kurset kan veljast fritt innan emne med MAT, STAT eller INF-kode.
I tillegg kjem eit breiddekrav som seier at minst 10 studiepoeng av dei 80 valfrie studiepoenga må veljast blant emne som ikkje har MNF, MAT eller STAT i emnekoden.
Dei siste studiepoenga kan veljast frå andre fag, eller dei kan brukast til vidare spesialisering i matematikk.
Tilrådde valemne
Valemne bør veljast med tanke på vidare studiar. Spesielt tilrås det å velje fag slik at opptakskrava til alle mastergrader innanfor matematikk er oppfylt.
Som val i 1. semester tilrås innføringsemne i statistikk, informatikk eller andre realfag. Det er og mogleg å velje MAT221 Diskret matematikk. Ein kan gjerne ta fleire emne innan same fagområdet i løpet av dei neste semestra. For å bli lærar trengst i tillegg undervisingskompetanse i eit anna fag enn matematikk, med minst 60 studiepoeng i dette faget.
I andre semester er MAT131 differensiallikningar tilrådd.
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje av emne er gitt i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt krav til forkunnskap eller tilrådde forkunnskapar på emna.
Delstudium i utlandet
Valfridommen i programmet kan nyttast til å ta eit studieopphald i utlandet. Det finst i dag mange alternativ for studentar som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. På bachelorprogrammet i matematikk er det valt ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for studentane våre.
Sjå http://www.uib.no/math/utdanning/utvekslinghttp://www.uib.no/math/utdanning/utveksling for meir informasjon.
Vurderingsformer
Vurderingsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet kan være muntlig eller skriftlig eksamen. De fleste emner har også innleveringer av oppgaver gjennom semesteret. Vurderingsformen for hvert emne er omtalt i emnebeskrivinga.
Grunnlag for vidare studium
Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må studenten oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.
Relevans for arbeidsliv
Ei naturleg fortsetting på bachelorstudiet er å fullføre ein mastergrad i matematikk, med dei jobbmoglegheiter det gjev. Ein bachelorkandidat i matematikk vil ha utvikla ei evne til å kunne analysere og løyse matematiske problemstillingar som måtte dukke opp på ein arbeidsplass. Dette gjer kandidaten til dømes eigna til å arbeide i utviklingsavdelinga hjå ei bedrift innan kommunikasjon, finans og teknologi. Som bachelor må det reknas med meir spesialisering vidare internt på arbeidsplassen, men kandidaten vil stille med eit betre teoretisk fundament enn mange av kollegaene. Skuleverket har bruk for lærarar med matematikk-kompetanse på alle nivå. For å bli lærar, trengs det i tillegg praktisk-pedagogisk utdanning.
Evaluering
Programansvarleg
Programstyret ved Matematisk institutt har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Matematisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Eventuelle spørsmål kan sendes til studierettleiar på programmet: mailto:Studierettleiar@math.uib.noStudierettleiar@math.uib.no
Tlf 55 58 28 34.
Mål og innhald
Bachelorprogrammet i matematikk er 3-årig (180 studiepoeng).
Primærfaget i bachelorprogrammet er matematikk. Målgruppa for programmet er deg med allmenn interesse for matematiske fag og fysikk. Studiet tek for seg det teoretiske grunnlaget for matematikken, og bruk av matematikk til modellering av fenomen innan naturvitskap, teknologi og økonomi.
Det blir lagt vekt på trening i analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, samt trening i skriftleg og munnleg presentasjon av problemstillingar og løysingar til andre.
Du vil elles lære å bruke informasjonsteknologi og å eksperimentere med datamodellar, derfor er informatikk også med som støttefag.
Studiet gir kvalifikasjonar som er etterspurde i samfunnet. Med trening i bruk av matematisk tankegang og kjennskap til innhaldet i den matematiske verktøykassa vil du stille sterkt i tilfelle du seinare ønskjer å gå over til andre fagområde og problemstillingar, samtidig som du har et prima utgangspunkt for å halde fram med eit vidare studium i anvend matematikk, rein matematikk eller statistikk.
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du ha 2MX/2MY/3MZ + 3MX/3FY/3KJ/3BI/(2KJ+3BT)/(2BI+3BT)
Tilrådde forkunnskaper
Undervisninga bygger på 3MX og 3FY.
Undervisning
Undervisningsformer står omtalt under kvart enkelt emne.
Innføringsemne
Ex.phil, MAT111, MNF140
Fageining og spesialisering
Krav til bachelorgraden i matematikk er ei spesialisering på til saman 90 studiepoeng, bygd opp av følgjande emne:
MAT111 Grunnkurs i matematikk I, MAT112 Grunnkurs i matematikk II, MAT121 Lineær algebra, MAT131 Differensiallikningar I, MAT212 Funksjonar av fleire variable, STAT110 Grunnkurs i statistikk, INF100 Grunnkurs i programmering. Det må veljast inn eit kurs i naturfag (for å ha litt kjennskap til det som skal kunne modellerast). Det niande kurset kan veljast fritt blant kursa i matematikk og statistikk.
Obligatoriske aktivitetar
Obligatoriske aktivitetar som går inn i graden står omtalt under kvart enkelt emne.
Tilrådde valemne
Studentane står fritt når det gjeld val av andre emne, men bør velje støttefag med tanke på mogleikar på arbeidsmarknaden, eller med tanke på faglig retning på det vidare studium.
Valemne bør veljast i forhold til planlagt masterstudium. Nokon masterprogram har spesielle faglige opptakskrav.
Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.
Vurdering / Eksamensformer
Obligatorisk undervisning og informasjon om evalueringsformer står omtalt under kvart enkelt emne.
Yrkesvegar
Etter å ha teke bachelorprogrammet i matematikk vil du ha kompetanse som er etterspurt innan bransjar som industri, forsking, skoleverk og forvalting. Innsikt i matematiske metodar har vore, og kjem til å vere, ein føresetnad for grunnforsking i fag som er sentrale for vår forståing av naturen og samfunnet. Framvekst av kraftige datamaskiner med stor regnekraft har ført til at enda fleire fag er blitt storbrukarar av avanserte matematiske modellar. Denne utviklinga tilseier at kandidatar med solide grunnkunnskapar i matematikk vil bli ettertrakta arbeidskraft på stadig fleire område av arbeidsmarknaden.
Læremiddelomtale
Læremiddel som blir brukt i programmet står omtalt under kvart enkelt emne.
Delstudium i utlandet
Valfridommen i 5. og 6. semester kan nyttast til å ta eit studieopphald i utlandet. Det finnes i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. På bachelorprogrammet i matematiske fag vel vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passer best for våre studentar. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden.
Oppstart
Haust
Administrativt ansvarleg
Studiekonsulent Lars Jordanger, Matematisk institutt. E-postadresse: lars.jordanger@mi.uib.no