Studieprogram: BAMN-STATS Bachelorprogram i statistikk - Høst 2017




Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Fagfeltet statistikk handlar om prinsippa og metodane for å samla inn og analysere kvantitativ informasjon, og programmet vil gje ei innføring i grunnleggjande metodar og teknikkar innan statistikk og sannsynsrekning. Programmet gjev vidare god kjennskap til matematiske metodar. Analyse og tolking av store mengder data, og forståing av kva som ligg bak tala er sentralt på studiet.

 

Tal er meir enn berre tal, og gjennom studiet vil studenten bli i stand til å samle inn, tolke og analysere kva som ligg bak tala. Til dømes, stig den globale temperaturen? Kva er effekten av ein ny vaksine? Aukar kraftlinjer sjansen for kreft? Sidan ein viktig del av statistikk handlar om tolkingar av data, og fordi statistikkens metodar er basert på matematikk, er det ein føremon med god forståing av matematiske metodar.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

 

Kandidaten

 

Ferdigheiter

 

Kandidaten

 

Generell kompetanse

 

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg er det krav om realfag (REALFA).

Innføringsemne

Ex.phil

Obligatoriske emne

Krav til bachelorgraden i statistikk er ei spesialisering på til saman 100 studiepoeng, bygd opp av følgjande emne: STAT110 Grunnkurs i statistikk, STAT111 Statistiske metodar, MAT111 Grunnkurs i matematikk I, MAT112 Grunnkurs i matematikk II, MAT121 Lineær algebra, MAT131 Differensiallikningar I, INF100 Grunnkurs i programmering, minst eit av emna STAT210 Statistisk inferens eller STAT220 Stokastiske prosessar, samt minst eit emne vald blant føljande: STAT200 Anvend statistikk, STAT201 Generaliserte lineære modellar, STAT202 Biostatistikk, STAT211 Tidsrekkjer, MAT211 Reell analyse, eller det av emna STAT210/STAT220 som ikkje alleie er vald. I tillegg er det krav om eit prosjektskrivingskurs, STAT292, eller eit tilsvarande prosjektarbeidskurs av 10 studiepoengs omfang.

Tilrådde valemne

Studentane står fritt når det gjeld val av andre emne, men ein bør velje støttefag med tanke på kva som trengst på arbeidsmarknaden, eller med tanke på fagleg retning på det vidare studiet. Valemne bør veljast i forhold til planlagd masterstudium. Nærare informasjon er å finneunder dei einskilde masterprogramma. Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje av emne er gitt i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt krav til forkunnskap eller tilrådde forkunnskapar på emna.

Delstudium i utlandet

Valfridomen i slutten av programmet kan nyttast til å ta eit studieopphald i utlandet. Det finst i dag mange alternativ for studentar som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa. På bachelorprogrammet i statistikk er det valt ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for studentane våre. På den måten er det mogleg å få tilbod om eit tilrettelagd utanlandsopphald som vert integrert i graden.

Sjå http://www.uib.no/math/utdanning/utvekslinghttp://www.uib.no/math/utdanning/utveksling for meir informasjon.

Vurderingsformer

Vurderingsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet kan være muntlig eller skriftlig eksamen. De fleste emner har også innleveringer av oppgaver gjennom semesteret. Vurderingsformen for hvert emne er omtalt i emnebeskrivinga.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudier innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må studenten oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Statistikk bidreg med heilt naudsynde verkty for ei rekkje ulike bransjar. Innan industrien, helsevesenet, finans og forsikring er behovet for statistikarar og forsikringsmatematikarar store.

Bachelorprogrammet i statistikk leier naturleg til ein mastergrad i statistikk, som finansteori og forsikringsmatematikk, matematisk statistikk eller dataanalyse. Det gir også mogelegheiter til masterstudier i nærliggjande fag. Statistikk er ettertrakta og tidlaus kompetanse som gir mange mogelegheiter. Med ein mastergrad i statistikk vil ein vere svært attraktiv på arbeidsmarknaden, og dei fleste av våre kandidatar har fått jobb innan industri, finans eller forsikring, som til dømes aktuar i forsikringsselskap. Nokre veljer ein forskingskarriere innanfor universitet, høgskule eller medisinske forskingssentra

For å bli faglærar i matematikk på vidaregåande skule krevst det i tillegg eit års studium i Praktisk-pedagogisk utdanning etter bachelor eller master.

Sjå http://www.uib.no/math/utdanning/karriereportalenhttp://www.uib.no/math/utdanning/karriereportalen for informasjon og eksemplar på kva for arbeid ein kan få med denne utdanninga.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret ved Matematisk institutt har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Matematisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Eventuelle spørsmål kan sendes til studierettleiar på programmet: mailto:Studierettleiar@math.uib.noStudierettleiar@math.uib.no

Tlf 55 58 28 34.