Studieprogram: BASV-EUR Bachelorprogram i europastudier - Høst 2017




Omfang og studiepoeng

180 studiepoeng

Studiestart - semester

Haust

 

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i europastudium gir kunnskap om historie, politikk og samfunnsforhold i Europa. Temaet vert drøfta frå fleire perspektiv med hovudvekt på historiske føresetnader, økonomiske prosessar og politiske institusjonar i Europa i dag. Gjennom studiet får studentane fordjupe seg i dei politiske prosessane som har prega europeisk politikk, føresetnadene for europeisk integrasjon og den institusjonelle utviklinga i EU sidan 1945.

 

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap
Kandidaten

 

Ferdigheiter
Kandidaten

 

Generell kompetanse
Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad.

Kjennskap til fransk, tysk eller andre europeiske språk er ein føremon, mellom anna ved utveksling.

Innføringsemne

Ex.phil, SAMPOL103 Faglege tilnærmingsmåtar og ideologiar i studiet av politikk og EUR101 Innføring i europeisk historie og politikk.

Rekkefølgje for emne i studiet

Ein kan velje mellom fordjuping i samanliknande politikk eller historie.

I første semesteret tek alle studentane i programmet ex.phil, SAMPOL103 Faglege tilnærmingsmåtar og ideologiar i studiet av politikk og EUR101 Innføring i europeisk historie og politikk. I andre semesteret tek studentane i programmet EUR103 Europa etter 1945: ressursar, demografi, økonomi og EUR105 European Union Institutions and Politics. Emna i første og andre semester er obligatoriske i programmet. Frå og med tredje semesteret vel studentane fordjuping i anten samanliknande politikk eller historie.

Oppbygging av studiet:

Felles studium 1. og 2. semester

1. semester, haust: EX.PHIL, SAMPOL103 og EUR101

2. semester, vår: EUR103 og EUR105

Fordjuping samanliknande politikk 3.-6. semester

3. semester, haust: MET102 og SAMPOL115

4. semester, vår: SAMPOL105, SAMPOL106 og SAMPOL107

5. semester, haust: Utveksling (evt. 30 frie studiepoeng)

6. semester, vår: SAMPOL260 og 2 valfrie emne på 200-nivå

Fordjuping i historie 3.-6. semester

3. semester, haust: HIS101 og HIS113/HIS114

4. semester, vår: HIS102 og HIS115/HIS116

5. semester, haust: 30 frie studiepoeng/utveksling

6. semester, vår: HIS250 og HIS203

Delstudium i utlandet

Du kan reise på utveksling som en del av graden din i europastudiar. Det finst mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Institutt for samanliknande politikk har lange tradisjonar for internasjonal verksemd og har samarbeidsavtaler i mange land og regionar. Blant moglegheitene er studiar i Norden og Europa gjennom Nordplus og Erasmus+ ordningane, eller du kan reise til eit anna kontinent gjennom ei av UiBs mange bilaterale avtalar.

Opphald ved eit europeisk universitet vert anbefalt. Dette kan gjerast i valsemesteret eller som ein del av spesialiseringa. Det er inngått fleire utvekslingsavtaler som vert spesielt anbefalt for studentar på programmet. Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser og planar. Sjå http://www.uib.no/sampol/38103/utvekslinginstituttets nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; førelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Nokre av emna har obligatoriske aktivitetar som må gjennomførast for å fullføre emnet og/eller framstille seg til vurdering. Desse krava går fram av emneskildringane.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen og semesteroppgåve.

Grunnlag for vidare studium

I det treårige bachelorprogrammet studerer du samanliknande politikk og historie. Du fordjupar deg, med vekt på Europa, anten innanfor samanliknande politikk eller historie.

Etter bachelorprogrammet kan du søkje om opptak til eit toårig masterprogram i anten samanliknande politikk eller historie, avhengig av fordjupinga du har valt i bachelorgraden.

I fordjupinga i samanliknande politikk, og opptaksgrunnlaget for master i samanliknande politikk, inngår emna MET102, SAMPOL115, SAMPOL105, SAMPOL106 SAMPOL107, SAMPOL260 og to av SAMPOL200-emna (med unntak av SAMPOL290/291).

I fordjupinga i historie, og opptaksgrunnlaget for master i historie, inngår emna EUR103, HIS101, HIS102, HIS203, HIS250, og eitt av emna HIS113/HIS114/HIS115/HIS116

Relevans for arbeidsliv

Programmet vil kvalifisere til ulike yrke der kunnskap om Europa er etterspurt. Yrkesmuligheitene vil variere ut frå kva fordjupingar og emnekombinasjonar studentane vel, men vil kunne omfatte massemedia, næringsliv, offentlege organ, internasjonale organisasjonar og undervisning.

Administrativt ansvarleg

Institutt for samanliknande politikk.

E-post: studieveileder@isp.uib.no